Vi trur menneske kan leve gode liv, trass i utfordringar med sjukdom og rus

FØREBYGGING: Resultatet av rusførebyggande arbeid overfor barn og unge kan ein sjeldan måle i kroner og øre.

Etter inspirasjon frå « Leve hele livet» tok KrF i Stavanger i 2014 initiativ til prosjektet «Tett På», hjelp til unge brukarar (16–25 år) i risikogruppa for bruk og misbruk av lovlege og ulovlege rusmiddel, skriv Anne Kristin Bruns.
  • Anne Kristin Bruns
    Anne Kristin Bruns
    Medlem, utval for kultur, idrett og samfunnsdialog, Stavanger KrF
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over to år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Førebyggande arbeid blir det snakka varmt om i alle kommunar. Spørsmålet er om vi med ein trong kommuneøkonomi klare å prioritere nettopp det dette arbeidet? Eit liggedøgn for rusbehandling kan kosta opp mot 10.000 kroner per pasient. Det er som å kaste ein stein ut i vatnet, ringverknadane går langt.

Mykje hjelp på kort tid

Vi treng gode eksempel på korleis ein kan jobbe både tverrfagleg og på ulike område i den enkelte sitt liv. «Leve hele livet» er ein velutvikla arbeidsmetode i Stavanger kommune for eldre som treng hjelp etter skade eller sjukdom. Denne modellen handlar om at den einskilde brukar får mykje hjelp i ein kortare periode for betre å klare seg sjølv etterpå.

Denne modellen inspirerte KrF i Stavanger til prosjektet «Tett På», hjelp til unge brukarar (16–25 år) i risikogruppa for bruk og misbruk av lovlege og ulovlege rusmiddel. Målet er at ungdommen i ein avgrensa periode skal få samordna og tett oppfølging til å endre si rusåtferd, og bli i stand til å starte med skule eller arbeid. «Tett På» jobbar med betringsprosessar som støttar opp om moglegheiter og tru på at menneske kan leve meiningsfulle og tilfredsstillande liv, trass i psykiske problem, rusutfordringar eller andre lidingar.

Gi rammer rundt livet

Målet er altså ikkje rusfridom for alle, men å hjelpe unge til å få betre rammer rundt liva, noko som igjen aukar livskvaliteten. Rammene er ofte bustad og ein organisert kvardag gjennom skule eller arbeid. For mange unge i dag kan rusen vere ein type sjølvmedisinering for å dempe angst og stress. Ein må røyke hasj for å få sove, eller drikke alkohol for å dempe angsten. Når ungdommar får hjelp til å minske stresset i livet, kjem også andre ting på plass.

Som ei sa det i eit intervju i Gatemagasinet Asfalt « Før var det mye narkorus, og mye tenking på penger. Nå føler jeg meg mer menneskelig. Jeg er ikke helt utenfor samfunnet lenger»

I desember 2019 kom «NOU 2019: 26 Rusreform – frå straff til hjelp». Mykje av debatten har handla om spørsmålet om avkriminalisering av rusmisbruk. KrF er samde i hovudkonklusjonen i rapporten om å flytte prioriteringa i ruspolitikken frå straff til hjelp, men vil ikkje seinke terskelen for rusmisbruk eller legalisere bruk av rusmiddel. Rusdebatten har ofte konsentrert seg om tungt rusavhengige skal straffast eller få tilbod om hjelp. For KrF er begge delar viktig.

Tenk på alle gruppene

Vi er uroa for at utvalet har hatt for mykje merksemd retta mot dei tungt rusavhengige. Ei rusreform kan ikkje berre basera seg på omsynet til dei desse brukarane. Då får vi tiltak som kanskje ikkje treff andre brukargrupper så godt. Førebygging har alltid vore ei viktig sak for KrF. Debatten bør i større grad ta opp det førebyggande aspektet med tanke på rusbruk. Vi veit at stadig fleire unge tenkjer at rus ikkje er så farleg, og at det snart blir legalisert. Dette tek debatten i feil retning.

For oss er det viktig å slå fast at bruk og sal av narkotika ikkje skal legaliserast. Vi vil beskytta menneske som treng det og redusere skadeverknadane ved illegale rusmiddel. Men vi ønsker heller ikkje ein politikk som seinkar terskelen for bruk.

«Tett på» er heilt i tråd med konklusjonen i rusreforma og ein god modell frå straff til hjelp. I desse budsjett- tider vil eg utfordre alle kommunar og nasjonale styresmakter til å sjå nærare på dette prosjektet, og sette inn meir krefter på det rusførebyggande arbeidet i kommunane. Det å tenke hjelp i staden for straff, kan også føra til at rusen blir mindre viktig og avsløre at det er ikkje alltid berre er rusen som er problemet.

Publisert: