Einsemd må ikkje bli den nye pandemien

DEBATT: Min svigerfar døydde i sommar på ein sjukeheim i USA. Han slapp unna korona, men det kan sjå ut som om einsemd tok livet av han.

«Sjølv om dei kraftige smitteverntiltaka er til for å skåne eldre og andre utsette grupper, har det gjort kvardagen vond for mange,» skriv Anne Kristin Bruns (KrF, Stavanger). Foto: Ntb

Debattinnlegg

  • Anne Kristin Bruns
    Anne Kristin Bruns
    Medlem i utvalg for helse og velferd, Stavanger, (KrF)
Publisert: Publisert:

Då pandemien slo ut i byen der svigerfar min budde, var dei tilsette på sjukeheimen hans flinke til å trygge dei gamle. Alt blei stengt ned. Det blei slutt på besøk av familien og på alle aktivitetane som hadde gjeve meining i kvardagen. Bebuarane fekk ikkje ha måltid felles. Maten blei servert på rommet. Svigerfaren min likte å sjå sport på TV, men det også tok brått slutt.

For mange timar

Dei tilsette klarte etter kvart å legge til rette for digitalt besøk og vi fekk snakke med han med jamne mellomrom. Dei prøvde så godt dei kunne å vise omsorg, men dei var for få til å dekke alle behov. Det blei mange timar der svigerfaren berre sat og såg inn i veggen.

I juli fekk dei pårørande endeleg kome på besøk. Dei møttest i eit telt utanfor sjukeheimen i 20 minutt. Same dagen slutta svigerfaren å ete og drikke. Han orka ikkje meir.

Sjølv om dei kraftige smitteverntiltaka er til for å skåne eldre og andre utsette grupper, har det gjort kvardagen vond for mange, også her i Noreg.

Mange eldre har som følge av koronapandemien og restriktive smitteverntiltak opplevd å bli meir åleine og meir isolert både heime og på institusjon. Fleire seier at dei frykta isolasjonen meir enn smitten. Når koronasituasjonen og smitteverntiltaka må oppretthaldast over lang tid, kan konsekvensane av tiltaka bli tunge å bere for den enkelte.

Helsefarleg

Isolasjon kan vere helsefarleg. Pasientombodet har vore ute og advart mot at smittevernreglane har for store konsekvensar for dei eldre. Helsedirektoratet med assisterande helsedirektør Espen Nakstad har sagt at kommunar praktiserer smittevernreglane for strengt, og at besøk både kan og bør gjennomførast så lenge handhygiene, avstand og dei andre smittevernråda blir følgde.

Fleire eldre har gjennom dei siste månadane mista dyrebar tid med familie og vener. Dei har opplevd stengte dagtilbod og manglande besøk frå frivillige. Det kan ikkje bli den nye normalen.

For oss i KrF er eldre ei hjartesak. Dei eldre skal ikkje lide unødig av pandemien vi er inne i, og her har vi et felles ansvar. KrF vil ta grep for å sikre at einsemd ikkje blir den nye normalen.

KrF ønsker å intensivere innsatsen mot isolasjon og einsemd blant eldre ved å styrke lågterskeltilbodet og tilbod om meiningsfulle aktivitetar tilpassa den enkelte. Vi er klar over kor viktig rolle den frivillige innsatsen bidrar med.

Møte behov

KrF vil stimulere til at alle sjukeheimane og omsorgssentra i vår kommune har trygge besøkssoner for å sikre at alle bebuarane kan få jamleg besøk frå familie, sosialt nettverk eller frivillige. Då er det svært gledeleg at fleirtalet på Stortinget no har blitt einige om å auke støtta til kampen mot einsemd overfor dei eldre med 265 millionar kroner.

Vi vil legge enda betre til rette for at frivillige og ideelle organisasjonar kan imøtekome behov hos heimebuande eldre med lite nettverk.

Eksempel på lokale initiativ kan være handlehjelp, avlastingstilbod og sosiale besøk.

Vi er heldige i Stavanger som har så mange ulike organisasjonar og frivillige som gjer ein svært viktig jobb nettopp overfor eldre og sårbare grupper. Akkurat no kan dette vere utfordrande fordi ein må tenke nytt og gjere ting på andre måtar, og difor er det nettopp no viktig at vi tenker kreativt og nytt. Her vil eg direkte utfordre dykk som er engasjerte og har anledning til å søke midlar som regjeringa har sett av, til å bruke kreativiteten og moglegheitene de ser. Vi treng å stå saman for å møte behovet.

Digitale møterom

Eit eksempel eg nyleg høyrde om er eit videoprosjekt der ein speler inn videoar med salmar og songar dei eldre kjenner godt. Disse kan brukast som inspirasjon til songstunder og til å skape gode minner og oppleving av deltaking.

Eit anna spennande prosjekt er ”Verdensrommet” som Klepp frivilligsentral har fått midlar til. Målet med prosjektet er å auke kompetansen i bruk av digitale møteplassar og streaming av arrangement for eldre, lag og foreiningar og kommunale instansar. Til dømes kan ein få streame møter i ulike foreiningar slik at om ein ikkje har høve til å delta vil ein likevel oppleve å vere ein del av møtet. Sjølvsagt er dei fysiske møta å føretrekke, men for mange eldre kan nettopp dette vere eit viktig supplement når restriksjonane held fram.

Dei ønsker at fleire heimebuande eldre skal bli meir aktive gjennom sosiale fellesskap på digitale møteplassar for å førebygge einsemd, og vil legge til rette for gode digitale tekniske løysingar og gjer dei tilgjengelege og forståelege.

Midt i pandemitida må vi tenke framover. Då er ulike buformer som vi både lokalt og nasjonalt kan legge til rette for og stimulere ei viktig satsing. Det handlar om å sjå på alternative modellar, og samtidig utvikle buformer som førebygger einsemd og utanforskap. Her har vi mykje å gå på i eldreomsorga, og vi må aktivt sjå etter fleire måtar å gjere dette på. Her vil KrF gjere det ein kan for å bidra.

Les også

  1. Erna Solberg oppfordrer til å ta tak mot ensomhet

  2. Regjeringen vurderer testing av alle som er innom et sykehjem

  3. Den hardt rammede kommunen tror de kunne unngått smitte – om de hadde trosset FHI

Publisert:
  1. Koronaviruset
  2. Frivillige
  3. Eldreomsorg
  4. Stavanger
  5. Pandemier

Mest lest akkurat nå

  1. Tirsdag: 47 smittede og minst 920 i karantene ved skoler og barnehager i Stavanger

  2. Familien Thorstvedt ler av «sønn av Siv»-begrep: – Det der er helt sykt

  3. Kvinne (18) til syke­hus etter ulykke i Sola

  4. 3 nye smitte­tilfeller i Eiger­sund

  5. Hva skjer med smitte­tallene i Stavanger? Smitte­vern­over­legen forklarer

  6. 60-tallshjem forvandlet til moderne hus: – Jeg bestemte meg med én gang – dette var huset for meg