Landbruksminister Olaug Bollestad må lytta til bondeopprøret

DEBATT: Me kan ikkje halda fram med ein politikk som gir oss eit first price-jordbruk kor gardane skal bli størst moglege, maten billigast mogleg og inntekts- og arbeidsvilkåra er rein sosial dumping.

Bøndene «aksepterer ikkje å vera dei som tener minst for å jobba mest i Noreg. Det burde heller ikkje me andre som et mat gjera», er Gaute Eiterjord si helsing til mat- og landbruksminister Olaug Bollestad (KrF).

Debattinnlegg

  • Gaute Eiterjord
    Gaute Eiterjord
    Student ved NMBU
Publisert: Publisert:

Eg er ikkje bonde, men ein bygut som vaks opp langt frå lukta av høy og gjødsel. I tida mi i Natur og Ungdom blei eg likevel interessert i jordbruk, og eg var fleire somrar med på ysting, mjølking, luking, gjerdeoppsetting og ymse anna gardsarbeid på ein støl i Valdres. I fjor haust fekk eg vera med på sauesanking inst i Telemark. Å springa etter sauer i fjellet gir deg ekstra stor respekt for pinnekjøtet du et på julaftan.

Les også

Aftenbladet mener: «Bøndene fortjener et løft»

Altfor lågt

Bidraget mitt til norsk matproduksjon har vore forsvinnande lite i den store samanhengen, men likevel har opphalda på gardane til familie og vennar gitt meg noko innblikk i kvardagen til bonden, og kva det faktisk betyr å produsera mat. Det er ikkje noko å ta lett på. Det krev sin bonde å ha ansvar for husdyr som treng stell morgon og kveld, å vera avhengig av lunefullt vær for såing og hausting, og å halda ut arbeidstider som aldri hadde vore lovleg på ein kontorarbeidsplass. Likevel står norske bønder på for å laga mat til oss. Og dei eg kjenner som er bønder, er skikkeleg glade i jobben sin! Men dei utfører den til ein langt lågare pris enn det me burde godta.

Eg blir skikkeleg flau over landet vårt når eg høyrer kor lite bøndene våre sit igjen med etter å ha stått på for å produsera mat i verdsklasse. Me er heldige i Noreg som framleis har eit spreidd jordbruk, artsrikt kulturlandskap og langt mindre medisinbruk i husdyrhaldet vårt enn i andre land. Dette burde politikarane jobba for å ta vare på! Men utviklinga går dessverre feil veg, med fleire bruk som blir lagt ned og færre hender til å nå over like store jordteigar. Ein stor del av dei utryddingstruga artane i Noreg, mellom anna pollinerande insekt, er dessutan avhengige av at me forvaltar kulturlandskapet med slått og beite.

Les også

Tallet som gjør Erna Solberg til bondens beste venn

Ikkje til å godta

Sjølvsagt er det mogleg å snu dette, men då kan me ikkje halda fram med ein politikk som gir oss eit first price-jordbruk kor gardane skal bli størst moglege, maten billigast mogleg og inntekts- og arbeidsvilkåra er rein sosial dumping. I verdas rikaste land kan me fint betala meir for maten. Bøndene må få ein større del av kaka som matkjedene i dag ender opp med, og tilskotta frå staten burde gå til å halda oppe det spreidde jordbruket vårt heller enn færre og større gardar.

Staten og landbruks- og matminister Olaug Bollestad må lytta til opprøret som unge bønder over heile landet nå har sett i gang. Lytt til dei unge bøndene som roper varsku om framtida til ei av våre viktigaste yrkesgrupper. Dei aksepterer ikkje å vera dei som tener minst for å jobba mest i Noreg. Det burde heller ikkje me andre som et mat gjera.

Les også

  1. Bøndene gjer opprør: - Snittgjelda per kunde har auka med 160 prosent

  2. Her er bøndenes protest

  3. Arthur og Marit kjører traktor til Oslo i protest: – Vi er skuffet

  4. Staten tilbyr 962 millioner kroner i jord­bruks­oppgjøret – under halv­parten av bøndenes krav

Publisert:
  1. Økonomi
  2. Olaug Bollestad
  3. Jordbruksoppgjøret

Mest lest akkurat nå

  1. Politiet: Brannen ved barnehage i Stavanger var påsatt

  2. Drapssiktede kan ha vært siktet lenge uten å vite om det

  3. Tingretten i Egersund stengt med umiddelbar virkning

  4. Sandnes-bedrift får kritikk av Arbeidstilsynet etter dødsulykke

  5. Mangemillionærer inn på eiersiden i Oilers

  6. Storspilte i Oilers’ drømmestart: – Jeg har lengtet etter dette