Når kjøttvekta rår i debatten

Kva kan vi forventa av representantar for fleirtalskulturen når minoritetars skikkar er oppe til debatt?

Publisert: Publisert:

Den overveldande store fleirtalskulturen skal ta ei avgjerd som ikkje får følgjer for deira eiga gruppe, men som vil gripa djupt inn i måten to små minoritetar kan leva på her i landet. Foto: Wikipedia Commons

Debattinnlegg

  • Solveig Grødem Sandelson
    kultur- og debattredaktør
iconDenne artikkelen er over åtte år gammel

Sei kva du meiner under kommentaren. Debattinnlegget ditt blir publisert umiddelbart etter at du har skrive og sendt det.

file62jxjrvwh60mxry1ee4.jpg

Når menneske vandrar og kulturar møtes, blir tradisjonar og skikkar sett med dei andre sine blikk. Og frå tid til annan sett på prøve og stilte spørsmål til. Slik skal det vera, det kan både kosta og krenka, men ein kan ikkje la vera å ta vanskelege debattar fordi ein ikkje torer røra ved andre sin kultur eller tradisjon.

Omskjering av gutar

Ein slik debatt har vi i Norge nå. Den store, norske fleirtalskulturen skal bestemma om ein ved lov skal leggja offentleg til rette for, endra eller stansa ein av tradisjonane til to av minoritetane våre – jødane og muslimane sin tradisjon med omskjering av gutar.

Det hadde ikkje vore for mykje forlangt at Omdal tok seg bryet med å sjekka sine påstandar.

Senterpartiet foreslår å forby det og set likskapsteikn mellom dette og omskjering av jenter – det er eit overgrep å forandra på kroppen til eit menneske som er for lite til å kunna samtykka, er argumentet.

Barneombod Reidar Hjermann vil av same grunn innføra ei nedre aldersgrense på 15–16 år.

Altså skal det overveldande store fleirtalet ta ei avgjerd som ikkje får følgjer for deira eiga gruppe, men som vil gripa djupt inn i måten to små minoritetar kan leva på her i landet.

Frå fleirtalet sin ståstad

Tidleg i denne debatten har Jan Helge Solbakk, professor i medisinsk etikk, stilt seg skeptisk til at ein legg vekt på medisinsk begrunna argument som er positive til omskjering utan å tydeleggjera at dei kjem frå folk som kan ha kulturelle eller religiøse grunnar til å villa legitimera praksisen.

Solbakk er visst nok teolog, eg går utfrå med bakgrunn i Den norske kyrkja, men eg er ikkje heilt sikker på nokon av delane, for i same artikkelen i Tidsskrift for Den norske legeforening finn han det ikkje nødvendig å gje til kjenne kor han sjølv har sine kulturelle og religiøse preferansar. Han er ein av dei som sterkast går inn for å regulera praksisen med omskjering av gutar.

Plasserer i bås

I Aftenbladet laurdag 16.6.2012 melder min kollega Sven Egil Omdal seg på i debatten. Heller ikkje han diskuterer om noko i hans eigen fleirtalskultur kan forklara overtydinga om at dette inngrepet er så stort og valdsamt at det ikkje kan gjerast mot små barn utan å krenka grunnleggjande rettar, men søkjer å finna argumenta for det utelukkande hos den minste av desse norske minoritetane – jødane.

Så vidt eg kjenner til, har ikkje eit einaste land i verda innført forbod mot omskjering av gutar.

Han endar med å støtta barneombodet i å setja ei nedre aldersgrense for omskjering på 15–16 år. Før han kjem så langt, har han i teksten avfeia reaksjonane frå dei få som alt har uttalt seg frå eller for den vesle minoriteten av jødar i Norge. Og dei som ennå ikkje har gjort det, har han plassert i bås med undertrykte mødre og foreldre som mishandlar barna sine.

Les også: Sitter troen i forhuden?

Feilaktige påstandar

Han tek sjølv på seg ansvaret for å undersøkja korleis dette med omskjering i jødedommen heng saman, gjennom slumsete og til dels feilaktige påstandar han tydeleg ikkje har sjekka. Blant anna slår teksten hans utan vidare fast både at den hygieniske effekten av dette inngrepet er minimal, at ein tredel av sensitiviteten i penis sit i forhuda, at dette er ein tradisjon ingen andre industrialiserte land enn USA og Israel driv noko særleg med, og at det er ein jødisk offertradisjon på befaling frå Gud etter at Abraham har vist seg villig til å ofra son sin.

Eg må innrømma at eg sjølv ikkje er heilt oppdatert på alle fakta her, men ifølgje Wikipedia er i alle fall mannleg omskjering det vanlegaste av alle kirurgiske inngrep både i Japan og Kina. Forsking publisert for eksempel i det internasjonalt anerkjente tidsskriftet The Lancet viser at mannleg omskjering blant anna beskyttar mot hiv-smitte. Det er difor eit svært aktuelt verkemiddel i kampen mot hiv— og aids-smitte i Afrika. At omskorne menn blir mindre sensitive, har forskarar nærmast til alle tider vore ueinige om.

Guds bod til Abraham om å la seg omskjera kom ikkje då han sette den same Abraham, rekna som stamfar i både jødedom, islam og kristendom, på prøve og ber han ofra Isak. Det er nærmast tvert i mot, i det Gud lovar eldgamle Abraham barn med kona Sara. Sidan ei av dei grovaste antisemittiske mytane frå middelaldaren gjekk på at jødar rituelt drap barn, hadde det ikkje vore for mykje forlangt å ta seg bryet med å slå opp i Bibelen og sjekka kva som faktisk står der.

Mistenkeleggjering og latterleggjering

For både Omdal og Solbakk er meiningsberarar som står solid planta midt i den store, norske fleirtalskulturen, som ikkje kjem til å kjenna konsekvensane av denne debatten ein plass, bortsett frå at dei kanskje på sikt får mindre uforståeleg ulikskap å forholda seg til.

Til saman legg dei to opp til eit debattklima der minoritetane dette angår blir mistenkeleggjorte eller latterleggjorte, der fakta blir valde ut og sette fram etter kva som passar best inn i den uberørte majoriteten sin argumentasjon, mens alt den same majoriteten står for ikkje treng å tematiserast eller diskuterast, men får framstå som det store, nøytrale, og moralsk overlegne Vi .

Dette er i beste fall ansvarslaust. Så vidt eg kjenner til, har ikkje eit einaste land i verda innført forbod mot omskjering av gutar. I land som Storbritannia og USA vurderer dei inngrepet som så lite at det høyrer under slikt foreldre heilt greitt kan avgjera mens barna er små. På linje med hol i øyrene og tannregulering, omtrent, ikkje med kjønnslemlesting av jenter, fysisk barnemishandling og nekting av livsnødvendig blodoverføring.

Gagnar ikkje Noregs som føregangsland

Eg har ikkje tenkt å stå på barrikadane verken for eller mot omskjering. Eg er gift med ein jøde, vi har barn saman. Eg har som regel nok med å handtera eigne kjensler når intenst og slumsete skyts råkar familien min, frå den fleirtalskulturen eg sjølv er ein del av.

Men eitt vil eg hevda med styrke: Eit slikt debattklima gjer Norge totalt ueigna til å ta på seg rolla som føregangsland i verda når det gjeld å regulera denne praksisen blant to av våre minste minoritetar ved lov.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Menn på byen spør hvor mye Cechell (31) koster

  2. Nå har vi spist den i 50 år - og aldri har vi spist mer

  3. – Det gjør så vondt i hjertet at noen har gått så langt for å lage en falsk historie om meg

  4. 17 turister ble stoppet på Stavanger lufthavn

  5. Gå kort og se langt med disse ti lokale toppturene

  6. Ung mann bortvist fra sentrum - trosset smittevern og tok på forbipasserende

  1. Debatt