Religionskritikken er «god» når . . .

Publisert: Publisert:

I går kveld, som pariserane etter åtaka i Paris i forrige månad, samla folk seg i den danske hovudstaden til minnestund etter religiøst begrunna terror. Men kven skal seie kva om religonar? Foto: Ola Torkelsson, TT/Scanpix

  • Knut S. Vikør
    Professor ved Universitetet i Bergen, forskar på Midtausten og Afrika
iconDenne artikkelen er over fem år gammel

Knut S. Vikør.

DRAPA I PARIS 7. januar var eit sjokk spesielt på dei av oss som kjente og sette pris på dei rå teikningane til Wolinski, Cabu og dei andre, vi som kjenner at også «vi er Charlie». Åtaket sette naturlig nok også nytt fokus på karikaturar, krenking og religionskritikk.Nå var massakren i Charlie Hebdo berre eitt av tre koordinerte terroråtak, og dei to andre, på ei politikvinne og på ein jødisk supermarknad, hadde ingen ting med karikaturar å gjere, så det var nok Vesten og Frankrike generelt som var målet. Men det har uansett ført både til «Krenk 2015» på Oslos humorscene og meir generell debatt om kva som er «god religionskritikk».

VI ER JO ALLE SAMDE OM at religionskritikk er både viktig og nødvendig i eit moderne samfunn. Men det er ikkje heilt klart kva vi legg i dette omgrepet, sidan det kan dekke ulike ting, avhengig av kven som kjem med kritikken og kva som er målet.

Vi kan for eksempel tenke oss ein kritikk av religionar generelt, sidan alle religionar bygger på overnaturlige fenomen og vesen som ikkje er sanselege. Det blir altså ein ateistisk kritikk til fordel for ei rasjonalistisk eller humanistisk tenking utan gudar. Slik kritikk må det naturligvis vere fullt rom for, men målet er da å «omvende» dei truande til ikkje-tru, ikkje å påverke religionen. Tvert om, dess verre lys ein kan sette religionane i, dess betre for kritikken.

Eller det kan bety ein kritikk av ein bestemt religion samanlikna med ein annan (min gud er betre enn din gud). Målet er også da gjerne omvending, men sidan valet av religion for dei fleste ikkje er bygd på ei kjølig avveging av argument for og imot, fell slik misjonering kanskje ikkje under «religionskritikk».

Les også:

Les også

- Er det frie ordet truet av terror?

Les også

Thorning-Schmidt: - Et angrep mot hele Danmark

Les også

Muslimer ga kulturministeren fatwa mot terror

TIL SIST HAR VI den indre religionskritikken, som ikkje har som mål å nedkjempe religionen eller omvende dei truande, men på ein eller annan måte å forbetre religionen. Dette er ein naturlig og løpande debatt for dei truande sjølve, å utvikle ein best mulig teologi.

Spørsmålet er kva rolle dei som står utanfor trua, dei ikkje-truande eller storsamfunnet generelt, kan spele i ei slik utvikling. Eg tenkjer her naturligvis om det gir meining for ikkje-muslimar å arbeide for ei «modernisering» av islam, men prinsippet gjeld også om i kva grad storsamfunnet kan stille krav til dei kristne om korleis dei skal forstå Bibelen. Kan ein ikkje-muslim ha noen meining om kva som er «ekte islam», ein ateist om kva som er rett Bibel-tolking?

Mye av svaret ligg i korleis ein argumenterer for ein slik kritikk. Mest problematisk er å prøve å diskutere kva dei heilage tekstene «eigentlig» seier. Det vil gjerne bety «kva Gud meinte med dette utsagnet». Det gir vel inga meining dersom den som seier det, meiner at Gud (eller iallfall den guden) ikkje finnest, og følgjeleg ikkje kan ha meint noe som helst.

LETTARE ER DET om ein ser på teologi som ein måte å skape ei logisk samanhengande tolking av tekstene og trua. Legg ein det til grunn, kan ein ikkje-truande peike på logiske bristar i tolkingar eller i tekstgrunnlaget, og ha ein dialog med dei truande om dette, sidan logikken ligg utanfor trua og er felles for truande og ikkje-truande.

Vi utanfor kan ikkje seie kva som er «rett» eller «sann» tru, om vi ikkje delar trua.

Men det er likevel ein barriere der, sidan uansett kor tekst-kritisk ein truande teolog er, er det likevel eit religiøst grunnlag i botnen som han eller ho ikkje kan gå forbi og fortsatt vere truande, mens den som står utanfor, ikkje har noe problem med for eksempel å konkludere at teologien ikkje kan henge saman.

Uansett må den truande og ikkje-truande spele på lag i ein slik kritisk dialog, men det er den truande teologen som til slutt må avgjere kva som er den gode og «rette» forståinga av grunnlaget for trua – for dei truande.

Om desse så bestemmer at grunnlaget for trua (Bibelen, Koranen) må gå føre det vi utanfor meiner er fornuftsbasert, så er det i siste instans deira val.

ANNLEIS ER DET MED KORLEIS religionen blir praktisert. Samfunnet krev at alle følgjer landets lover og grunnleggande normer. Dette er eit «ytre» krav, og gir grunn for kritikk av praksis som bryt med desse fellesnormene. Også alle truande må handle i tråd med til dømes menneskerettane. Men korleis dei forklarer dette innanfor si eiga tru, er opp til dei sjølve. Vi utanfor kan ikkje seie kva som er «rett» eller «sann» tru, om vi ikkje delar trua.

Fem siste tirsdagskommentarer om livssyn:

Les også

Religiøst begrunnet vaksinefrykt koster liv

Les også

Hva er egentlig hellig?

Les også

Å overbevise og dominere

  • Islam er mer absolutt en andre åpenbaringsreligioner
Publisert:

Les også

  1. 2014 var jihadismens år