Kven er du når du er nøytral?

Publisert: Publisert:

Sofie Braut.jpg

  • Sofie Braut
    Lektor og skribent
iconDenne artikkelen er over seks år gammel

IDEEN OM det livssynsnøytrale samfunnet er igjen oppe med fullt trykk i det offentlege ordskiftet. Det har sine taleføre pådrivarar i folk som humanetikar Morten Horn og pressesjef i Human-Etisk Forbund Jens Brun-Pedersen. Det er interessant å lesa deira tankar om det ideelle samfunnet, men det er lett å sjå at både underteikna og mange med meg lett snublar og fell i deira finurlege grenseoppgang mellom det humanistiske og det livssynsnøytrale samfunnet.Deira visjon er altså nøytraliteten; ei tenkt fellesplattform av det som samlar oss, det offentlege rom kledd vegg til vegg og golv til tak med felles verdiar og synsmåtar som ikkje har utslag til nokon livssynskant. Slik skal ingen oppleva å få noko trædd nedover hovudet, og alle kan ta sine personlege val når dei er komne langt nok i livet til å gje seg i kast med eventuelle gudar, livssyn og filosofiar.

Å vera nøytral ligg eigentleg ikkje for erkjennande menneske, verken individuelt eller kollektivt.

Sjølv om humanistane stadig synest oppgitte over at folk som eg strevar med skiljet mellom det livssynsnøytrale og det humanistiske, handlar dette truleg ikkje berre om at slike som eg har så tungt for det. Det er nokre opplagde fellestrekk mellom det såkalla nøytrale og det humanistiske som unekteleg må gjera det livssynsnøytrale samfunnet mykje meir heimsleg for sekulære humanistar enn for mange andre. Ideen er jo at det felles utgangspunktet, det vi alle kan samlast om, er verdiar knytt til det ikkje-religiøse og materielt funderte.

IDEEN OM AT VI HAR ein felles grunn som er heilt nøytral, kan verka tilforlateleg, men er også tilslørande. Kven er det som vedtek at det er nøytralt og dermed naturleg å vera a-religiøs? Korleis er dette eit meir fruktbart utgangspunkt for å ta stilling til store eksistensielle spørsmål «på eit seinare tidspunkt»? Eit samfunn er summen av dei menneska som lever i det, og å vera nøytral ligg eigentleg ikkje for erkjennande menneske, verken individuelt eller kollektivt. Undringa ligg meir for oss, forhåpentlegvis, her vi lever omgjevne av eit kolossalt kosmos. Vi undrar oss og kjenner oss dregne mot gåtene; avteikna både i det minimale og det formidable. Kvifor nettopp du er nettopp deg, akkurat her, er eit mysterium, dermed trur vi. Og vi trur så ulikt, men trua treng uttrykk, og det må vera tillate å tru i alle rom, også det offentlege. For kven veit, slik eigentleg?

SETT FRÅ UTSIDA har humanistane sett seg ut eit merkeleg mandat, om lag det stikk motsette av riksantikvarens: det er som om dei har påteke seg å gjera stavkyrkjer om til sterile venterom. Gamal arv blir sparkla vekk og djupe røter vert fjerna. Men formidling inneber jo ikkje propaganda her til lands, det står vel klart for dei fleste. Det at ein har fått formidla ein kristen kulturarv diskvalifiserer neppe frå det å ta frie val om eigen livskurs, det er vel folk som Horn og Brun-Pedersen sjølv gode døme på, for ikkje å gløyma Levi Fragell, ein mangeårig leiande human-etikar med bakgrunn frå pinserørsla. Ein står fritt til å meina, tenkja og kritisera også i eit Noreg som tek var på og forvaltar ein tusenårig, kristen kulturarv.

KVEN ER DU forresten når du er nøytral? Finst du då?

Det er vel heller slik at vi som menneske er for samansette til berre å reduserast til forbrukarar og nøytral materie. Er det ikkje like greitt å einast om at fellesskapet må få utfalda seg og vera mest mogleg mangfaldig: den tru som lever og nedfeller seg i samfunnet, må humanisten læra å forhalda seg til, slik kristne må læra seg å leva i eit samfunn som ikkje held søndagen heilag og bannar i beste sendetid. Ein må væra ærleg på eigen ståstad i staden for å prøva å gjera denne ståstaden til allmenning. Ein må anerkjenna, protestera og artikulera alternativ der ein meiner det trengst. Det er eit ansvar som vi deler.

MEN Å VEDTA VEKK RØTENE våre og historia vår? Å klubba gjennom gudløysa som eit fellesgode for å vinna armslag for eige livssyn? Vel, det høyrest meir sneversynt ut enn intensjonen nok var frå dei som har sett trua si til nøytraliteten.

Les også:

Publisert:

Les også

  1. Kampfiksing er utbredt

  2. Selvopptatthet eller demokrati?

  3. Dugnadsgjengen

  4. Læring for livet

  5. Arv er ingen selvfølge

Mest lest akkurat nå

  1. Avslo det beste tilbudet hun hadde sett på grunn av treneren

  2. Sameie i Sandnes tilkjent nær 6 millioner etter mangler ved boligprosjekt

  3. Stjernespillerne tok ansvar da Oilers endelig vant igjen

  4. Tiltakspakkene og den voldsomme oljepengebruken må ta slutt

  5. 150.000 i gebyr for ulovlige boliger

  6. Gulvet er åpnet, men arkeologene får ikke grave