Politikarpedagogikken

Gode intensjonar er ikkje det same som god pedagogikk.

Publisert: Publisert:

Fylkespolitikar Tina Bru fekk ein idé, og fleirtal for anonym retting i vidaregåande. Dei meiner nok vel, men kva med å lytta til fagfolk? Foto: Atle Andersen

  • Sofie Braut
    Lektor og skribent
iconDenne artikkelen er over syv år gammel

Sofie Braut.jpg

RETT FØR PÅSKE var eg med på skuletur til USA, og det innlagte skulebesøket hjå venene våre på Middletown North, New Jersey er ein interessant programpost. Praten mellom oss lærarar gjekk også livleg, og fellesnemnarane er mange, trass avstand og kulturskilnader. Heftigast vert temperaturen når ein kjem inn på den politikartstyrte skulen. I New Jersey fortel ein om sine politisk oppnemnde «educational boards», skulestyra; utvilsamt dyktige folk på sine felt, men ein gjengangar er mangelen på pedagogisk kvalifikasjon og innsikt. Dei fleste som styrer skulen både der og her heime, kjenner skulen frå tida som elev og elles mest av omtale.

Politikarane let til å nekta å akseptera at pedagogikk er vitskap.

Akkurat dette er eit uhyre interessant punkt. I ei tid der mantra er at du ikkje kan skifta ei lyspære utan å kunna framlegga dokumentasjon på at nettopp du er skikka til nettopp det, let ein skulen driva for intensjonar og innfall frå folk utan pedagogisk erfaring og kompetanse. Kvifor må det vera det slik?

MYKJE ER SAGT OG SKRIVE om vedtaket om å innføra anonym retting i vidaregåande her i Rogaland. Ein må gjerne påstå at temaet er oppbrukt etter grundige artiklar og lesarbrev frå ymse hald. Grunnen for at underteikna ikkje er innstilt på å legga det ned heilt enno, er at det på ein genial måte gjev eit destillat av problemet med overdriven politikarstyring av skulen her til lands.

Les også

Lærerne gjør opprør mot anonym retting

Ein fylkespolitikar, i dette tilfelle Tina Bru, får ein idé. På kort tid får ho eit stort fleirtal av dei 14 andre medlemmene i opplæringsutvalet med på ideen, og sigeren vert krona med ei nyordning som står i sterk motsetnad til alt av trendar i skuletenking om dagen. Bru møter motstand frå skulehald, frå fagfolk som etter årelang erfaring veit noko om kva ulike påhitt kostar skulen. Til dette har Bru å seia at ho er «glad» at det er politikarane som styrer. Elles, let det til, hadde ein hatt ein bukken og havresekken-situasjon. Men er kompetanse brått blitt rein eigeninteresse? Er det å ha erfaringsbaserte svar på skulespørsmål blitt mistenkeleg, og noko som gjer at ein helst burde spørja folk på gata kva som er best? Spennande. Prøv berre same framgangsmåten innan medisin, IT-utvikling eller brønnteknologi, og du har snarvegen til død og durabelege inntektstap. Ein god grunn til at bukken av og til bør passa havresekken, er at sauen berre ikkje har det som trengst. EIT LURT STEG i denne prosessen kunne vore å verkeleg lytta til organisasjonanes innvendingar på eit tidleg tidspunkt. Vera i dialog, som det heiter. I utgangspunktet er det bra både å utgreia og å prøva ut ordningar som kan tryggja god vurdering. Kva med å innføra det på ei handfull utvalde skular for å hausta erfaringar og sjekka kostnader?

Les også

Den menneskelige faktor viktigere enn alt annet

SJØLVE SAKA her er likevel berre ein dimensjon av ein langt meir vidfemnande problematikk. Kva plass er det eigentleg for pedagogar i utforminga av skulen? Her ligg truleg ein viktig nøkkel om politikarane verkeleg meiner alvor med å villa styrka ryggrada i skulen her til lands. Anonym retting er jo elles ein idé om at det menneskelege er eit svakt punkt ved skulen. Ansiktslaus retting skal tryggja rettferda. Enkelt og «ekstremt rettferdig», i følgje stortingspolitikar Mette Hanekamhaug ei tid tilbake. Det baserer seg på ein idé om at rettleiing, modell-læring og systematisk oppfølging, som endeleg har fått gjennomslag i norsk skule, eigentleg ikkje er verdt å forsøka eingong. Nett når ein er i gang med systematisk utvikling av vurdering i skulen, så innfører ein i Rogaland ein x-faktor, der «30 prosent» av vurderinga skal komma utanfrå, gjort av ein lærar som kanskje brukar eit anna læreverk, nyttar eit anna undervisningsopplegg og vektlegg andre aspekt ved kunnskapsløftets fleirtydige mål.

Les også

Lektorlaget: – Anonym retting ikke etter loven

POLITIKARANE i fylket sin opplæringskomité har det til felles at dei har drive lite med undervisning i vidaregåande. Eg er overtydd om at dei vil skulen vel, men gode intensjonar er ikkje det same som god pedagogikk. Og, nei –alle svara finst ikkje i Finland. Som lærar har eg heller ingen illusjon om å sitja på alle svara sjølv. Men det er flust med godt mannskap med årevis bak seg i det norske skuleverket, folk med inngåande kjennskap til klasserom og kunnskapsløft, kort sagt, dei som både sit på både empirien og teorien. Kven er det meir naturleg å spørja til råds når skuleframtida skal utmeislast? VENENE VÅRE i New Jersey sperra auga opp over forslaget om anonym retting, og konkluderte med at det ikkje var blitt fullt så gale hjå dei enno. Problemet er likevel felles: politikarane let til å nekta å akseptera at pedagogikk er vitskap, eit felt det ein faktisk må la fagfolk styra for å unngå tap både økonomisk, men kanskje viktigare, når det gjeld forvaltninga av humankapitalen. Så lenge skulen skal vera ein arena for utprøving av politikarars draum om handlekraft og sjøsetting av såkalla spanande idear, kan det godt vera det skjer mykje interessant i skulen. Berre ikkje systematisk utvikling mot ei betre skuleframtid.

Fem siste i Liv og levebrød-serien:

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Politiet fant kokain hjemme hos Petter Northug etter at han hadde råkjørt i 168 km/t: – Har gjort en stor feil

  2. Arbeidsgiver TV 2 skal diskutere fremtiden med Northug: – Dette er en alvorlig sak

  3. Aldri har hasj vært sterkere. Den erstattet sex, mat og venner for Anne (20). Til slutt turte hun ikke gå ut

  4. Jakob Ingebrigtsen etter fantomløpet på 1500 meter: ­– Helt sykt og ekstremt deilig

  5. Mot morens vilje sendte Eva (21) inn sitt DNA for å finne hennes amerikanske opphav

  6. Pågrepet for knivtrusler