Tru, vantru og historie

Kva skal ein ikkje-truande historikar seie, når han møter ein røyndom der naturlovene berre er rådgivande? Kanskje han bør sette si vantru på vent.

Publisert: Publisert:

I Jerusalem er det tett mellom synagogar, moskear, kyrkjer og andre heilagdomar. Med så mykje tru er det best for religionshistorikarar å legge trua til side og heller sjå på resultata av tru, meiner Knut S. Vikør. Foto: Scanpix

  • Knut S. Vikør
    Professor ved Universitetet i Bergen, forskar på Midtausten og Afrika

knut s. vikør.jpg

Fem sist i Livssyn-serien:

EIN GONG ELLER TO har det hendt, etter ei forelesing om islamsk mystikk eller teologi, at ein student har komme forsiktig opp til meg og brydd spurt om det er slik at eg er muslim? Ved slike høve synes eg, hardbarka ikkje-truande som eg er, at eg kan ha lukkast i å formidle noko forståing for ein religion eg ikkje delar.

For ein historikar kan det vere like greitt å nøye seg med å studere resultatet.

Dette er eit aktuelt spørsmål når ein studerer framande religionar: Har forskaren som trur på ein gud, men på ein annan gud enn den han studerer, ein fordel framfor den som ikkje trur i det heile? I islam-forskingas historie har mange aktivt praktiserande kristne, og spesielt jødiske forskarar, spela sentrale roller, og dei har meint at deira personlige gudsoppleving har gitt dei ein ekstra innsikt i korleis dei andre, muslimane, opplever sin gud. Dei truande deler, på tvers av religionsskiljet, ei erfaring som dei ikkje-truande ikkje kan oppnå.

DET ER KLART at dette kan vere ein fordel. Men det kan også vere ein ulempe, ved at ein drar parallellar for langt og les sin eigen religion inn i den framande. Kanskje det mest kjente og omdiskuterte dømet på det er den franske islam-forskaren Louis Massignons omfattande og innlevande verk om mystikaren Hallaj. For han blir mystikaren, som i 922 vart avretta fordi han i ekstase skal ha ropt ut «Eg er Gud!», nærast ein Kristus-skikkelse i sitt martyrium: Det var berre under press frå religiøse at kalifen ga dødsdommen. Men Hallaj aksepterte dommen, i trua på at han skulle stå opp att frå dei døde. Da han vart ført til rettarstaden, vart ei spottande krone satt på hodet hans, før han vart hengt opp på steile og slått halvt i hel av soldatane rundt. Ei stor folkemengd samla seg for å høyre hans siste ord, og fleire mirakuløse hendingar fann stad. Alt ifølge Massignon. Sjølv om også han vedgår at Hallaj til sist (på den andre dagen) døde av å bli halshogd og ikkje krossfesta, er det ikkje vanskelig å kjenne att modellen.

For andre forskarar blir dette for mykje overføring av si eiga tru, og dei meiner at islam må forståas på sitt eige grunnlag, og ikkje gjennom andres trusopplevingar. Hallaj vart ikkje avretta fordi han var ein Kristus-skikkelse, men etter ein maktkamp i Bagdad. Det kan vere lettare å sjå andres religiøse tankemønster når ein ikkje har sine eigne å jamføre dei med.

MEN OGSÅ IKKJE-TRUANDE har jo sitt syn på verda, og det same spørsmålet kan komme opp dersom dei blir utfordra. Muhammad, fekk han sine profeti frå Gud gjennom engelen Gabriel, slik han sa? Ein forskar som er gudlaus, kan ha store problem med at ein ikkje-eksisterande gud kunne snakke til Muhammad og vil gjerne ut på jakt etter andre forklaringar, det vere seg psykologiske, suggesjon eller det som verre er. Og den som vil, kan jo saktens jakte på slike forklaringar. Men for ein historikar kan det vere like greitt å nøye seg med å studere resultatet. I samtida var det ein sjølvsagt ting at gudar og ånder kunne tale til utvalde menneske. Derfor er den historiske effekten av profetiane i si tid den same, uansett om vi i vår tid ser dei som ein inspirert av gud eller ikkje. Vi kan og bør derfor sette vår vantru på vent når vi studerer den historia.

DET ER KANSKJE IKKJE så vanskelig for hendingar frå fjorten hundre år sidan. Det buttar litt meir imot når vi møter det same i dag. Mirakel skjer nemlig stadig, om vi skal tru spesielt mystikarane.

Ein heilag mann sette seg inn i drosje i Kairo for noen år sidan, men oppdaga at han hadde gløymt lommeboka heime. Men så kjente han at han satt på noe hardt, og der låg det ein pung den førre kunden hadde lagt etter seg, med akkurat nok pengar til å betale for reisa. Ja vel, seier vi, eit slumpetreff, det kan skje.

Men så var det den fromme kvinna som skulle på pilegrimsreise, men ikkje hadde fått ordna papira i tide. Ho spaserte rett forbi både passkontroll og andre sperrer, og ingen såg henne eller stansa henne.

Ei anna i same ærend hadde for lite pengar til flyreisa, for billettprisen var uventa satt opp, og ho klaga til sin shaykh , heilage mann, ein kveld han var på besøk. Det var synd, sa han, men vent litt, kan eg berre få ta ein tur på badet først. Da han kom ut, gav han kvinna dei to hundre punda ho trengte. Dagen etter trefte ho ei venninne som budde på den andre kanten av byen, ei lang reise unna. «Eg såg shaykhen din i går kveld», sa ho, «han kom akkurat i døra og henta to hundre pund som eg skulda han».

SLIKE MIRAKELHISTORIER florerer. For dei skrifttru muslimane er dette folketru og overtru. For oss kan det òg vere det. Men for mange er dette realitetar. Kanskje også her treng forskarane sette vår skepsis til sides, og seie at om alle i mystikaranes krets ser det som sjølvsagte ting, så bør også vi seie at effekten er at det faktisk har skjedd slik dei fortel det.

Publisert: