Dei unge taper, dei rike vinn

Det er mykje å seie om forslaget til statsbudsjett, både positivt og negativt, men noko som er klart ut frå det som føreligg no, er at dei unge er taparane.

Eit år på folkehøgskule kan gje viktig ballast for livet. Skal det berre vera for dei med rike foreldre? Her elevar frå Foto: Jon Ingemundsen

  • Mai Lene Fløysvik Hæåk
    Mai Lene Fløysvik Hæåk
    2. nestleiar i Rogaland KrFU og leiar i Hå KrFU
Publisert: Publisert:

Mai Lene Fløysvik Hæåk portrett.jpg

iconDenne artikkelen er over seks år gammel

Det er spesielt fem punkt som gjer at det står tydeleg for meg at dei unge er taparane:

  • Kuttet i støtte til folkehøgskular.
  • Eingongsstønaden blir ikkje auka.
  • Inntektskravet for å få foreldrepengar og sjukeløn blir dobla.
  • Standardisering av barnetillegg for uføretrygda.
  • Klimaet taper.

1. Folkehøgskulane

Ti prosent av ungdommane i Noreg vurderer eit år på folkehøgskule. Folkehøgskulane tilbyr eit bredt spekter av linjer for dei som vil ha eit engasjerande friår rikt på opplevingar. Til saman blir det kutta 32 millionar til folkehøgskulane, og ein del av dette er at studiestøtta blir kutta frå ti til ni månadar.

Dei som har gått på folkehøgskule, legg vekt på at det er ein viktig ballast å ha med seg vidare, og det er ein stor fare for at unge som vil ha med seg denne erfaringa, ikkje får moglegheit til det. Det skal vere andre faktorar enn ressurssterke foreldre som skal avgjere om folkehøgskule er eit reelt val.

2. Eingongsstønaden

I samarbeidsavtalen mellom regjeringspartia, KrF og Venstre er det eit punkt som heiter «Engangsstønaden økes». Førebels har det ikkje skjedd noko på denne fronten. Eingongsstønaden er viktig for studentar med barn og dei som ikkje har fast arbeidsinntekt før permisjon. 38.750 kr er ein veldig liten slump med pengar, og eg håpar KrF legg press på regjeringa slik at samarbeidsavtalen blir følgt opp.

3. Foreldrepengane

Eingongsstønaden heng nøye saman med foreldrepengar, og her vil regjeringa òg kutte. Tidlegare var det nok å ha tent ein halv G, litt over 44.000, for å få foreldrepengar. No vil regjeringa krevje at før barnet blir født, skal foreldre ha tent 1G, altså litt over 88.000 kr. Fleire må då ty til eingongsstønad, og talet på barn som får ein dårlegare start, kjem til å gå opp.

Noko liknande har skjedd for unge arbeidstakarar som jobbar på sida av studia. Tidlegare har ein hatt krav på sjukeløn om ein har tent ein halv G i året, men òg her blir inntektskravet sett opp til 1G. Doblinga av inntektskravet for foreldrepengar og sjukeløn er i hovudsak noko som rammar studentar og barn, og dette er berre nok eit døme på kor usolidarisk forslaget til budsjett er.

4. Uføre med barn

Det er nok fleire enn meg som har sett nyheita om Camilla Stensletten, ho som sendte ope brev til Erna Solberg og fortalt om kor viktig det er med barnetillegg for uføretrygda. Ei standardisering av barnetillegg vil føre til at uføretrygda opplever ein nedgang i støtte frå 35.000 til 7020 kr i året, og om dei ikkje kan arbeide, risikerer dei å miste 27.000 kr. Argumentet er at «det skal lønne seg å arbeide». Men at ikkje alle uføretrygda kan gå ut i arbeid, og at forslaget vil gå utover mange barn av uføretrygda, har Solberg og co. tydelegvis ikkje teke innover seg. Eg trur dei går rundt og håpar på eit mirakel, og ein kan jo få assosiasjonar til ein over middels kjent bibelsk person som sa fleire gonger «reis deg opp». Om Jensen har like mykje makt, tvilar eg på.

5. Klimaet

Det siste dei unge tapar på er klimafokuset i forslaget, eller det manglande klimafokuset. Av alle departementa er det Klima— og miljøverndepartementet som får minst. Sjølv om Solberg og Jensen ikkje vil merke mest til klimakrisa, er det andre som vil det, nemleg dei som veks opp no. Dei unge går ei ukjent framtid i møte, og den blir ikkje møtt med klimatiltak. I staden for å prioritere grøne skatteletter, gir dei skatteletter til Olav Thon, og i staden for å gi eit skikkeleg kollektivløft, vil dei gjere det billegare å køyre bil og byggje meir veg. Oljenæringa får nesten seks milliardar meir enn klimaet, og dette viser lite vilje til langsiktig tenking.

Siv Jensen og Erna Solberg kan skryta av forslaget til statsbudsjett så mykje dei vil, men dei klarer ikkje å komme seg bort frå at dei har prioritert rikingar, friske arbeidstakarar og oljeindustrien, medan studentar, ungdommar og barn tapar. KrF og Venstre har ei svært viktig og utfordrande oppgåve i få til store endringar på dette budsjettet.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Ble kalt gris, veltet bord med boller og ellevill feiring: – Deilig å slå «Rolex-guttene»

  2. Trude (38) vart overfallen på jobb. Då starta ein ni år lang kamp.

  3. SUS-leger på sporet av livreddende blodprøve. Nå åpner de forskningssenter i Sandnes

  4. Politiet måtte stoppe sjalusidrama på Olivia

  5. Russebuss-russ raser mot rulleforbud – får støtte fra jurist

  6. Viking-børsen: «Fantastisk scoring og enda bedre feiring»