Den ulykkelege flaggstriden

Kva skjer når dei andre ikkje er «der oppe» og «der ute», men «der nede» og «her inne»?

  • Tom Hetland
    Tom Hetland
    Sjefredaktør
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over 13 år gammel

Skal det vera lov å bera andre flagg enn det norske i 17.mai-toget?

Debatten har rasa i Oslo i fleire år, og er nå i ferd med å bli importert til vår region. Ennå er det slik at dei fleste kommunar hos oss har ei avslappa haldning til spørsmålet, men eg er ikkje trygg på om det vil vara.

Og eg synest det er utriveleg. Det er noko gjerrig, kaldt og ekskluderande over kravet om at det norske flagget skal råda grunnen aleine. Eg har alltid sett pris på at 17. mai blir markert på ein raus og open måte, og eg har vore stolt av at gjester og innvandrarar har tatt del i festen. Og om det har dukka opp eit og anna utanlandsk flagg mellom alle dei norske i toget — kva så? Det er jo bare krydder.

Men nå ser eg med ei viss uro fram til grunnlovsdagen. Når blir den første «framande» mobba ut av 17. mai-toget? Vil me etter kvart få «flaggborgarvern» rundt om i kommunane, som skal skilja mellom verdige og uverdige festdeltakarar?

Det kan henda at eg overdriv denne faren. Men eg kan ikkje fri meg frå tanken på at det er eit varsel om at norsk nasjonalisme er i ferd med å endra karakter.

Nasjonalisme - og eg bruker ordet i strengt nøytral meining - er så mangt.

Nasjonalisme kan for eksempel vera både høgre- og venstreorientert, den kan vera folkeleg eller elitistisk, demokratisk eller autoritær.

Eit anna viktig skilje går mellom statsnasjonalisme og kulturnasjonalisme, mellom ein nasjonalisme knytt til statsborgarskapet og dei rettar og plikter som følgjer med det, og ein nasjonalisme som byggjer på eit kulturelt og etnisk fellesskap.

Statsnasjonalismen er mest vanleg i vestlege land som Frankrike, Storbritannia og USA, kulturnasjonalismen i Tyskland og Aust-Europa. USA er eit land av immigrantar, og alle, uansett etnisk bakgrunn, kan i utgangspunktet bli amerikanske statsborgarar. I Tyskland er det derimot vanskelegare å få statsborgarskap for ein tyrkar som har budd nesten heile sitt liv i Tyskland, enn for ein immigrant frå Russland som kan påvisa at han nedstammar frå tyskarar som slo seg ned ved Volga på 1700-talet.

Nå er ikkje skiljet så skarpt i praksis. I USA har dei kvite, angelsaksiske protestantane heilt fram til nå vore dei fremste berarane av nasjonens kulturelle identitet, og ennå i 2008 er det eit ope spørsmål om ein svart person kan bli vald til president. Men det er i det minste meir sannsynleg enn at ein fransk statsborgar med arabisk eller afrikansk bakgrunn kan bli president i Frankrike. Sannsynlegvis har sosiologen Sigurd Skirbekk eit poeng når han hevdar at alle nasjonar treng eit felles kulturgrunnlag for å fungera, spørsmålet er kor einsarta og omfattande det må vera.

Kva så med Norge? Offisiell norsk politikk er bygt på statsnasjonalismen. Det er Grunnlova me feirar på 17. mai, ikkje at me snakkar norsk og stort sett har blå auge. Men samtidig handla nasjonsbyggingsprosjektet i Norge på 1800-talet også om å dyrka ein norsk identitet, der den frie odelsbonden og den dristige polfararen var blant dei fremste heltane i den nasjonale forteljinga. Og den norske nasjonalismen var til tider aggressivt ekskluderande overfor grupper som jødar og samar.

Framfor alt vart likevel den norske nasjonalismen ein venstrenasjonalisme, forma i den tida Venstre var venstre i norsk politikk. Med sitt nasjonaldemokratiske program for parlamentarisme, allmenn stemmerett og oppløysing av unionen nøra Venstre opp under ei folkeleg nasjonalkjensle, og brukte den som eit effektivt politisk våpen - mot Høgre og mot svenskane.

Og då Venstre hadde gjort si historiske gjerning og arbeidarrørsla var i ferd med å flytta det nasjonale spørsmålet nedover på den politiske dagsordenen, kom den tyske okkupasjonen og samla folket som aldri før bak dei nasjonale symbola. To EU-kampar har vist at den nasjonaldemokratiske tradisjonen i Norge framleis har stor kraft, og at den lett kan gjerast til ein reiskap mot makta.

Ein nasjon er eit «førestilt fellesskap», seier historikaren Benedict Anderson. I slike førestellingar handlar det om «oss» og «dei andre». Det kan vera farleg, på den andre sida er det vanskeleg å tenkja seg at fellesskap i det heile kan eksistera utan slike avgrensingar.

Men då er det ganske avgjerande kven «dei andre» er. I norsk nasjonstenking har dei andre i hovudsak vore «der oppe» og «der ute». Nasjonalismen har vore brukt til å utfordra makta, særleg den framande makta - det vere seg unionskongen, okkupanten eller den «unasjonale» overklassen.

Det blir noko heilt anna dersom dei andre er «der nede» og «her inne», dersom nasjonalismen meir og meir blir eit middel til å stempla ein innvandra underklasse som ein farleg trussel mot det ekte norske.

Derfor kan eg forstå innvandrartalsmenn som Saera Khan og Walid al-Kubaisi, som tar sterk avstand frå tanken om at innvandrarar skal markera seg med sine eigne flagg på 17. mai. Dei tviheld på statsnasjonalismen, på at innvandrarar skal ha like stor rett og plikt som andre til å vera ein del av det norske samfunnet, og ha det norske flagget som sitt symbol.

Dersom innvandrarane sjølve insisterer på å vera annleis, kan dei gi indirekte næring til ein «Norge for etniske nordmenn»-mentalitet.

Men eg håper at det norske samfunnet vil visa seg meir robust og romsleg enn som så, at det norske nasjonale fellesskapet vil kunna handtera eit større kulturelt mangfald enn me har vore vane med. Og om me kan samla oss om det me eigentleg feirar på grunnlovsdagen - fridomen, folkestyret og menneskerettane - treng me knapt frykta den vesle pakistanske jenta med halvmåneflagget midt i alt det raude, kvite og blå.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Kan vi kjøre moped og traktor gjennom Rogfast?

  2. Berntsen skal bygge toppklubb og utvikle Bryne stadion

  3. Jan-Erik klemte til og bommet på mål. Det kan koste ham dyrt.

  4. Aftenbladets web-kamera viser en person som går vekk etter at bobil havnet i sjøen ved Tunge­nes fyr

  5. Sergio Ramos tok til tårene – sier han ville fortsette i klubben

  6. To nyfødte fikk ikke den hjelpen de trengte - kan være konsekvens av utfordrende arbeidsmiljø