Lærarens liv som hund

Kan me få lærarar som både er konge i klasserommet og som lograr lydig for kommunebyråkratane og politikarane?

Publisert: Publisert:

Skal læraren først og fremst vera lydig? Dette bildet frå ein presentasjon frå Stavanger kommune har skapt sterke reaksjonar blant lærarane.

  • Tom Hetland
    Politisk kommentator
iconDenne artikkelen er over seks år gammel

493614.jpg

DET KOKAR på skulane. Striden mellom KS og lærarane om arbeidstidsavtalen har skapt isfront forut for lønnsoppgjeret, og faren for konflikt er overhengande.På overflata handlar konflikten om at arbeidsgivarane vil ha lengre arbeidsår, kortare arbeidsdagar og kortare ferie – altså ei arbeidstidsordning som fører lærarane meir på linje med andre grupper. Lærarane ønskjer å halda på den fleksibiliteten dei har i dag, og vil ikkje «byråkratiserast».

Denne konflikten er reell nok. Men når temperaturen er blitt så høg, er det fordi han også handlar om noko meir.

I STAVANGER er lærarane nå i harnisk over ein presentasjon som Stavanger kommune har brukt blant anna overfor rektorane i kommunen. Formelt handlar det om spelereglane i arbeidslivet og om arbeidsgivars styringsrett. Jussen er sikkert grei nok, det er tonen lærarane reagerer på.

Les også

Lydig hund provoserer kommuneansatte

Les også

Hvordan melde oppover hvis jeg bare er en hund?

«Arbeidsgiver får den ansattes kunnskaper, egenskaper og «liv». Arbeidsgiver er i maktposisjon og har styrings— og instruksjonsrett. Gjenytelsen er penger», blir det oppsummert på eitt av arka.Ein annan stad blir det snakka om arbeidstakarens «resignasjonsplikt», det vil seia «plikt til å innrette seg etter arbeidsgiverens beslutning selv om de mener den er rettsstridig». Kommunen understrekar også «arbeidstakers lojalitets- og lydighetsplikt». For å vera sikker på at signalet er forstått, er dette punktet illustrert med bildet av ein hund.

POLITIKARANE har i det siste kappast om å snakka opp læraren. Det har ikkje alltid vore slik. På 1970-talet sa dåverande undervisningsminister Bjartmar Gjerde (Ap) at norsk skule var så god som han var på trass av lærarane.

Og, som Lenin også sa, «tillit er bra, men kontroll er betre».

Nå lyder andre tonar. «Læraren skal vera sjefen», seier Venstres Trine Skei Grande. Statsminister Erna Solberg (H) brukte store delar av nyttårstalen sin til å lovprisa «drømmelæreren». Regjeringa har lova eit etterutdanningsløft og tiltak for å stimulera flinke ungdommar til å velja læraryrket.

For lærarane er dessverre kontrasten stor mellom den blomstrande retorikken og kvardagen dei opplever rundt om på skulane.

SOVJETUNIONENS FAR, Vladimir Lenin, definerte ein gong sosialisme som «sovjetmakt pluss elektrifisering av heile landet». Med ein vri på Lenin kunne ein seia at skulepolitikken dei siste åra har handla om «administrasjonsmakt pluss pc-ar til alle elevar». Og, som Lenin også sa, «tillit er bra, men kontroll er betre».

Møter du ein lærar i selskapslivet, skal du ikkje trykkja hardt på knappen før frustrasjonen veltar fram – over skjema, rapporteringskrav og standardiserte testar, over blind teknologitru som i praksis endar opp som Facebook-flukt frå undervisninga, over politikarar, skulebyråkratar og rektorar som alltid veit best, og som ikkje lyttar til dei praktiske erfaringane lærarane sit inne med frå arbeid med elevar som byr på langt større og samansette utfordringar enn for berre eit tiår eller to sidan.

Me går altså mot ei krise i kunnskapssamfunnet.

Det var ei lang setning. Men den kan samanfattast i eitt ord: mistillit. Mange av dei eingong så stolte lærarane opplever at dei ikkje blir respekterte av sine overordna. Og i dette klimaet er firkanta forslag om strengare regulering av arbeidstida gneisten som kan få kruttønna til å eksplodera.

KOMMUNANE – eller skuleeigarane, som det visstnok skal heita i dag – kan saktens slå i bordet med paragrafar eller argumentera for korleis lærarane bør reagera. Dei har makt til å pressa gjennom det meste. Men dei kan ikkje hindra lærarane i å stemma med føtene.

I dag er det 37.000 utdanna lærarar i Norge som jobbar i andre yrke. Ei undersøking frå Universitetet i Oslo viser at ein tredel av lærarane som begynte i jobben i 2006, har slutta. Rekrutteringa til lærarutdanninga har lenge vore svak, og ein tredel sluttar i løpet av studiet. Prognosane varslar aukande lærarmangel dei nærmaste åra. Og blant dei som sluttar, er mange av dei beste, dei mest idealistiske, dei med størst indre motivasjon, dei som legg ned flest ubetalte overtidstimar – kort sagt dei som enkelte har kalla «drømmelæreren».

Me går altså mot ei krise i kunnskapssamfunnet. I denne situasjonen er det at KS vil satsa på meir system og styringsrett, i staden for fagleg tillit og fleksibilitet.

LÆRARANE ER IKKJE aleine. Me ser den same konflikten innanfor helsesektoren og på andre fagområde der medarbeidarane blir motiverte av ein annan logikk enn den økonomiske.

Den danske arbeidslivseksperten Helle H. Hein snakkar om «primadonnaer» – vel å merka ikkje i negativ tyding. Legar, lærarar, forskarar og kunstnarar er eksempel på grupper som jobbar etter ein indre, fagleg standard – Hein er ikkje redd for å bruka det store ordet «kall».

Altfor ofte godtar politikarane ukritisk den administrative logikken.

Det tyder ikkje at alle legar eller lærarar er like samvitsfulle eller dyktige, eller for den saks skuld at dei er uinteresserte i lønna si. Men den som skal styra slike profesjonar, må likevel forstå og respektera kulturen og verdiane deira. Elles kan det gå gale, skriv programdirektør Beate Karlsen ved Solstrandprogrammet i Dagens Næringsliv:

«En arbeidsetikk bygget på ytre mål uten tilstrekkelig hensyn til den standard som faget eller profesjonen krever, vil mobilisere til opprør, tilbaketrekning eller føre til at de yter mindre.»

DET ER HER dei ekspanderande og nymektige administrasjonane, med sine økonomar, juristar og ferske kandidatar frå administrasjonsfaga, risikerer å gjera stor skade. Om dei ikkje kan eller vil forstå kva som driv dei store yrkesgruppene i offentleg sektor, har dei berre disiplinering å falla tilbake på. «Kverulantane», «varslarane» og dei som «tenkjer negativt», må setjast på plass. Lausbikkjene må dresserast. Og altfor ofte godtar politikarane ukritisk den administrative logikken.

Slik demotiverer ein effektivt kjernetroppane i velferdsstaten. For kven vil vel leva som hund?

Fem siste fredagskommentarar frå Hetland:

Publisert:

Les også

  1. Kva gagnar det Russland om det vinn Krim, men går tilbake til 1800-talet?

  2. Kor farlege er dei ekstreme kreftene i Ukraina?

  3. Kommunal partnarjakt på kryss og tvers

  4. Tida ute for IOC og OL?

  5. Privatisert etikk

Lærarflukt.jpg

Mest lest akkurat nå

  1. Viking leier ut tre spillere

  2. Leter etter John Olav med full styrke

  3. Fire nye smittebærere i Sandnes siden torsdag

  4. Her blir det nytt kjøpesenter og sykehus

  5. Dette skjedde i natt

  6. Gunnar Eiterjord slutter som sjef for Rogfast