Jakta på eit nytt kjetteri

Islamistane mobiliserer slett ikkje berre mot Vesten. Det gjeld like mykje om å halde sjiaane nede. Dette handlar ikkje om religion, men politikk – og i historisk perspektiv er dette nytt.

Publisert: Publisert:

Sjia-demonstrantar i Mumbai i India protesterer mot undertrykking i sunni-dominerte land i Midtausten og Nord-Afrika. Foto: Rafiq Maqbool

  • Knut S. Vikør
    Professor ved Universitetet i Bergen, forskar på Midtausten og Afrika

Knut S. Vikør.jpg

EIT AV DEI MEST KONTROVERSIELLE forslaga til den nye grunnlova i Egypt kom frå dei religiøst lærde ved Azhar-universitetet. Dei vil gjere det lovstridig å "fornærme Profeten Muhammad og hans følgesveiner". I dagens oppheita stemning skulle ein kanskje tru forslaget var mynta på vestlige karikaturteikningar, filmar eller annan styggedom, men det var ikkje det som var måskiva den gongen. Tvert imot var forslaget retta mot dei som kanskje set profeten Muhammad øvst av alle: den sjiiske minoritetsretninga i islam.

Sjiaar og sunniar er stort sett ganske forlikte, bortsett frå i dette eine punktet om kven som burde ha styrt i år 632. Forslaget er påfallande av minst to grunner: Det er nesten ingen sjiaar det heile i Egypt, og Azhar er slett ikkje noen ytterliggåande sekterisk arnestad, men rekna for ein ganske moderat støttespillar for det gamle regimets kontrollerte islam-tolking.

KVA ER ANTI-SJIISK VED FORSLAGET? Det sentrale ordet i forslagsteksten er ikkje Profeten, men tillegget "og hans følgesveiner". Det betyr Abu Bakr, Umar ibn al-Khattab og Uthman ibn Affan, Profetens tre næraste tilhengarar, som i rekkefølgje tok over som leiarar for det muslimske samfunnet, kalifar, etter Profetens død. Etter sjiisk teologi var det profetens fetter og svigerson, Ali ibn Abi Talib, som skulle hatt denne rolla. Han tok over etter dei tre, men skulle hatt leiarvervet frå dag ein, det må gå i arv i Profetens eiga slekt. Ali var far til Muhammads barnebarn Hassan og Husayn, og dermed hans næraste mannlige slektning. Abu Bakr og dei tre andre, som dei øvrige muslimane (sunni-retninga) reknar som dei beste og mest truverdige av alle muslimar etter Profeten sjøl, dei er i sjiaenes bok berre usurpatorar, falsknarar som dekte over at Profeten sjølv på sitt dødsleie skal ha peikt på Ali som etterfølgjar.

I all hovudsak har dei levd side om side, oftast skilde, men relativt fredelig, heilt fram til slutten 1900-talet.

Dette har vore eit teologisk hovudskille i islamsk historie i over tusen år, og har berre sjeldan ført til store konfliktar; islam kjenner ikkje til "religionskrigar" i europeisk forstand, sjølv om det teologiske skiljet vart brukt i propagandaen mellom sultanar i eit par tidsrom, særlig på 1000— og 1100-talet. I islamtolkinga er egentlig sjiaar og sunniar stort sett ganske forlikte, bortsett frå i dette eine punktet om kven som burde ha styrt i år 632. Det var og er debattar innanfor sunnisk teologi og tolking, og i sjiisk.

Synspunkta går gjerne på tvers av grensene, det sjiiske synet kan gjerne ligge "midt mellom" det ulike sunniske teologar hevdar. I all hovudsak har dei levd side om side, oftast skilde, men relativt fredelig, heilt fram til slutten 1900-talet. Men nå finn altså tilmed det moderate Azhar grunn til å hisse opp til konflikt mot sjiaar, sjølv om det knapt bur noen få hundre slike i Egypt. Kvifor?

DETTE ER IKKJE EINASTE TILFELLET av skjerpa anti-sjiiske haldningar i Egypt. Nylig vart også ein sjiisk religiøs leiar stilt for retten klaga for å drive "misjonering" for at sunniar skulle gå over til sjiismen – noe som nesten aldri skjer, og som han naturligvis nekta for. Men det var ganske ukjent at det skulle finnas noen lov som forbaud det. Dette ser ut til å henge saman med ei aukande spenning mellom dei to retningane i heile den islamske verda. Typisk er skiftet hos tilhengarar av politisk islam, islamistane. Den islamske revolusjonen i Iran i 1979 var ein stor vekkar for dei og vart helsa med begeistring blant islamistar i heile den sunniske verda. Da var det det felles islamske, at islam igjen skulle dominere stat og samfunn i eit muslimsk land, som var i fokus. I dag blir det iranske regimet av dei same kreftene rekna som kjettarar, kanskje fiendar, fordi dei har "feil" forståing av religionen.

DEN FØRSTE DIREKTE KONFLIKTEN ser ut til å ha vore i Afghanistan. Taliban, som kom til makta rundt 1996, er basert på den største folkegruppa, pasjtunane. Dei mobiliserte mot dei andre etniske gruppene i landet, som dei hadde skjøve frå makta. Som ei islamistisk rørsle, ville Taliban lage ein religiøs og teologisk basis for sin kamp. Derfor fokuserte dei på at to av dei andre gruppene, tajikar i Vest-Afghanistan og hazaraar i sentrum, var frå gammalt dominert av sjiiar, og dei mobiliserte mot dette "kjetteriet". Dette spilte over i Pakistan, der Taliban hadde nære kontaktar, og også der begynte radikale sunniar å angripe sjiiske grupper, som svarte med same mynt.

Så kom krigen i Irak etter den amerikanske invasjonen. Utanfrå kom al-Qa'ida-grupper og ville skaffe seg fotfeste, men fekk først liten støtte, motstanden var først og fremst nasjonalistisk og lokal. Men sidan maktskiftet hadde ført det sjiiske folkefleirtalet i Irak til leiande posisjonar, fann al-Qai'da-leiaren Zarqawi ut at det kunne vere lurt å mobilisere opp ein "rettru" sunnisk kamp mot sjiaane. Bin Laden hadde eigentlig aldri brydd seg om sjiaane, men i Irak kjørte dei dette opp med angrep på sjiaar. Det viste seg å vere vellykka for dei: Midt på 2000-talet blussa det opp til nærast ein borgarkrig som gjekk langt utanom Qa'ida-folket, og fortsett rir politikken i Irak. I dei siste åra har så ein ny, storpolitisk dimensjon komme til med rivaliseringa mellom Saudi-Arabia og Iran, der saudiane igjen bruker religionen og "sjia-faren" for å mobilisere mot rivalen.

DET ER ALTSÅ POLITIKK som ligg bak. Men når ånden er ute av flaska, kan vanlig folk også gripe fatt i tanken og begynne å bestemme "venn" og "fiende" ut frå slike religiøse grenser som ikkje var viktige før, og "skape ei forteljing" om at dette har eigentlig vore evige motsetnadar. Dermed kan begrepa begynne å leve sitt eige liv, og også gode muslimar plutselig bli farlige avvikarar som må haldas under kontroll.

Publisert: