Me har aldri hatt det betre – og aldri vore reddare

KOMMENTAR: Er det verkeleg irrasjonell frykt som skal styra liva våre?

Publisert: Publisert:

President Donald Trump insisterer på å byggja ein mur mot Mexico. Faktagrunnlaget for frykta han mobiliserer mot alt det farlege som strøymer over grensa, er svært dårlig. Foto: Kevin Lamarque, Reuters/NTB scanpix

Jan Zahl
Kulturjournalist

Skriket frå trampolina var så hjarteskjerande at det skar gjennom marg og bein. Eg sprang til vindauget, redd for kva eg skulle få sjå ute i hagen. Låg ungen der med brekt bein? Kor alvorlig skada kunne pjokken vera?

Men på den mjuke matta såg alle ut til å vera heile og rørlege. Ikkje minst han som nå var på full fart ut av opninga i nettet (som skal gjera det litt mindre livsfarlig å hoppa på trampolina, saman med ei rekke andre sikkerheitstiltak).

Kva hadde skjedd? Kvifor skreik gutungen?

Han hadde sett ein edderkopp. Han var livredd.

Mikkel Rev

Samtidig, i Norge, kanskje verdas tryggaste og beste land å veksa opp i: Plutseleg hadde det blitt livsfarlig for små barn å sova ute i vogna si, etter at ein sjuk rev hadde hoppa opp i ei vogn i Finnmark og prøvd å koma seg inn til ungen. Den tidlegare så koselege, men nå livsfarlege Mikkel Rev kom i tillegg til den endå meir livsfarlege ulven, som hadde fått tusenvis av menneske til å gå i demonstrasjonstog i Oslo.

På den andre sida av Atlanterhavet gjekk den oransje presidenten til det sjeldne skrittet å tala til heile nasjonen for å samla støtte til å byggja ein ni meter høg mur til 47 milliardar kroner mot Mexico. Presidenten hadde stengt ned delar av den amerikanske statsadministrasjonen fordi han ikkje fekk viljen sin, men hadde i årevis argumentert for å byggja muren for å beskytta seg mot alle dei kriminelle, terroristane, valdtektsmennene og all narkotikaen som – ifølgje han – strøymde ukontrollert over grensa. Mange meinte at denne retorikken var ein viktig grunn til at så mange stemte på Donald Trump. At frykt var avgjerande for at han i det heile tatt blei president.

Frykt frykta

Det verkar – og er jo – veldig lenge sidan ein annan amerikansk president uttalte sine vidgjetne ord om at «det einaste me har å frykta, er frykta i seg sjølv». Men Franklin D. Roosevelt har ikkje mindre rett i 2019 enn då han heldt sin første innsettingstale som president i mars 1933. Fire år etter det dramatiske børskrakket i 1929, midt i depresjonen, to månader etter at Adolf Hitler hadde teke makta i Tyskland, boren fram av frykt, polarisering og hysteri. Me veit alle korleis det skulle gå.

Det bisarre i 2019 er at fryktkultusen og hysteriet når stadig nye høgder parallelt med at me aldri har hatt det betre og tryggare. Ein skulle nesten trudd at me verken hadde opplevd opplysningstida eller utdanningsrevolusjonen, for hadde me lagt fakta til grunn, hadde me ikkje frykta alt det me er redde for, men heller bekymra oss for andre ting.

Livsfarlig liv

«Edderkoppar er ikkje farlege. Det er ingenting å vera redd for», prøver eg å argumentera til ungane mine. Dei held foredrag om at det finst farlege edderkoppar, eg medgir det, men viser til at ingen av desse farlege skapningane lever i Norge, at alle norske edderkoppar er fullstendig harmlause. Hjelper det? Absolutt ikkje. Like lite som rasjonelle argument for at mjølk og annan mat fint kan etast etter utløpsdato, så sant det ikkje luktar, at det statistisk sett er langt mindre farleg å fly enn å kjøra bil, at det ikkje er farleg å vera ute sjølv om det er mørkt, og så vidare og så vidare.

«De må slutta å vera så redde for alt slags», seier eg.

«Men me er jo redde», svarer dei.

Redde menneske

Og eg er redd dei har rett. Me skaper redde menneske heilt frå starten, folk som er livredde insekt, mus, gluten, smerte, motgang, kjøt, framande, klimaet, ting som er vanskelege, det ukjende. All denne redsla byggjer me så vidare på som vaksne, og plutseleg er me livredde flått, ulv, rev, gluten, sukker, feitt, oppdrettslaks, avokado, olje, framande menneske, terror og andre land.

Dette er blitt politikkens nye kapital, sjølv om grunnlaget er aldri så irrasjonelt. Immigrasjonen over grensa mellom Mexico og USA har gått ned dei siste åra, ikkje opp. Brorparten av illegal immigrasjon til USA går ikkje over Mexico-grensa, men er folk som kjem inn i landet med fly, men lar vera å dra ut når visumet går ut. Dei som kjem over grensa er ikkje kriminelle narkosmuglarar, kriminelle eller valdtektsmenn, i alle fall ikkje i større grad enn innfødde amerikanar. Like lite som Mikkel Rev er farleg for menneske. Revar er tvert om livredde menneske. Men er du ein sjuk rev, slik den i Finnmark var, kan du handla slik den gjorde.

Store, stygge ulven?

Og ulven? Sist gong ein ulv drap eit menneske i Skandinavia, var i 1881. Ifølgje ulveforskarar vil ulv i utgangspunktet sky menneske og vera lite farleg. Men så tek han jo sau. Ja. Men av dei 114.835 sauene og lamma som forsvann på beite i fjor, stod rovdyr bare for ein liten del – og ulv for litt over 2 prosent av totalen.

Dei redde har jo rett i at det er livsfarlig å leva, for til slutt døyr me jo. Men sjansen for at me døyr av edderkopp, rev, ulv, fly, migrasjon, terror eller gluten, er altså på linje med å bli treft av lynet. Det me døydde av i 2017, var kreft, hjarte-karsjukdom, lungesjukdom og demens - i rangert rekkefølgje.

Sjølv om me lever stadig lengre, har me så kort tid her på jorda. Det blir for dumt om me skal bruka den tida på å gå rundt og vera livredde.

Publisert: