Nei, 22. juli-filmen kjem ikkje for tidleg

KOMMENTAR: Det er kunstens oppgåve å gå inn i det viktige, vanskelege og vonde. Dermed er det både naturlig og nødvendig med filmar om det som skjedde 22. juli.

Publisert: Publisert:

Erik Poppes «Utøya 22. juli» hadde verdspremiere på Berlinalen, med Andrea Berntzen i hovudrolla. Fredag kjem filmen på norske kinoar. Foto: Tore Meek, NTB Scanpix

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Fredag har Erik Poppes «Utøya 22. juli» ordinær kinopremiere i Norge. Endeleg kan dei som orkar, sjå årets mest omdiskuterte film − ein film dei færraste så langt har sett.

Eg var blant dei som sat i salen då filmen blei vist for eit internasjonalt pressekorps på Filmfestivalen i Berlin for tre veker sidan. At filmen var valt ut til det prestisjetunge hovudprogrammet på Berlinalen, borga i seg sjølv for at det var ein god film, men eg må tilstå at eg grua meg. Eg hadde heller ikkje heilt hadde bestemt meg for om eg meinte det var rett å laga denne filmen nå. Kom han for tidleg, slik enkelte hevda? Var det spekulativt og usmakleg å laga kinofilm om ei slik tragedie?

Les også

Poppe: – Hvis det ikke gjør vondt å se denne filmen, så er det for sent

God film

Så såg me filmen. Etterpå var det ganske stille i det store rommet. Så begynte majoriteten å klappa, mens eit par−tre sjeler laga nokre lydar så lågt og så kort at eg ikkje skjønte kva som hadde skjedd før Aftenposten.no melde at det var buing i salen.

Som dei fleste norske kritikarar, gav eg filmen svært positiv omtale. Internasjonalt var tilbakemeldinga - interessant nok − litt meir blanda. «Ingen kan nekta for det tekniske nivået […] men alt anna ved filmen kan diskuterast» (There's no denying the technical skill of Erik Poppe's one-take recreation of the Utøya massacre, but everything else about it is up for debate), skreiv amerikanske Variety. Som i Aftenpostens sensasjonshungrige versjon blei til: «Bortsett fra de tekniske ferdighetene, er alt ved Erik Poppes 22. juli-film diskutabelt». Det er ei diskutabel omsetting.

Sidan har eg tenkt mykje på dette. Og altså kome til at eg meiner det ikkje er for tidleg å laga film om 22. juli. Eg syns heller ikkje det er eit problem at prosjektet er omdiskutert. Tvert om: Det må jo vera noko av poenget med eit kunstnarisk prosjekt at det skaper debatt.

Andrea Berntzen imponerer i rolla som Kaja i Erik Poppes film «Utøya 22. juli». Foto: Filmweb

Enorm omtale

Erik Poppes Utøya-film er langt frå den første offentlege behandlinga av 22. juli. Heilt frå bomba small i regjeringskvartalet har norske og internasjonale medium − sjølvsagt − brukt enormt med tid, plass og ressursar på det verste terroråtaket sidan 2. verdskrigen.

I tillegg til pressedekninga er det skrive ein haug bøker. Først kom dei personlege historiene frå eller om folk som var på eller nær Utøya denne dagen, som Prableen Kaurs «Jeg er Prableen» eller Hans Olav Lahlums biografi «Et kvart liv» om Håvard Vederhus. Sidan har til dømes Aage Borchgrevink gitt ut brageprisvinnaren «En norsk tragedie», mens Åsne Seierstad gav ut «En av oss».

Desse sakprosabøkene nærmar seg hendingane på ein måte som liknar den journalistiske undersøkinga av terrordagen, målet er å få fram dokumenterbare fakta rundt det som har skjedd. Det er faktabasert, ikkje fiksjon - på sitt vis skrivekunst, men ikkje kunst.

Sidan har det kome ei rekkje skjønnlitterære bøker som på ulike vis handlar om 22. juli. Aftenpostens hovudmeldar Ingunn Økland meiner Brit Bildøen, Tiril Broch Aakre, Eivind Hofstad Evjemo og Mattis Øybø har skrive dei beste. Sjølv vil eg i tillegg trekkja fram ei av fjorårets beste bøker, Jan Kjærstads «Berge», som handlar om 22. juli utan å nemna datoen eller hendingane der med eitt ord.

Desse skjønnlitterære bøkene har ikkje skapt den same debatten som Poppes film. Men kvifor skulle det vera akseptabelt med skriftlege framstillingar av hendingane rundt 22. juli, men ikkje visuelle? Kva er den prinsipielle forskjellen på Åsne Seierstads bok om 22. juli og Paul Greengrass’ komande film om temaet − basert på Seierstads bok?

Kunst og teater

22. juli har også blitt behandla i andre kunstformer − som har skapt reaksjonar. Mest bråk har det blitt rundt det som skulle blitt den svenske kunstnaren Jonas Dahlbergs sår i fjellet på Sørbråten ved Utøya og motsatsen i regjeringskvartalet. Offisielle minnestader det ikkje blir noko av. Ikkje fordi kunsten ikkje heldt mål, men fordi naboane på Utøya protesterte.

Mediestorm blei det også då danske Christian Lollike i 2012 annonserte at han hadde laga ein teatermonolog med utgangspunkt i terroristens manifest. Mange meinte det var for tidleg å laga teater om tragedia. Mange pårørande protesterte. Nå er stykket spelt over 100 gonger, blant anna på Festspela i Bergen.

Kunstens ansvar

Eg skjønar veldig godt at folk som har vore tett på tragiske hendingar, kan reagera på korleis desse hendingane sidan blir behandla i det offentlege ordskiftet, både journalistisk, vitskapleg og kunstnarisk. Eg meiner også at dei som sidan jobbar med dette stoffet, må ha pårørande og andre involverte i bakhovudet når dei jobbar.

Les også

Støre dypt preget av Utøya-film

Men både kunsten og kunstnaren må likevel vera fri − og har eit større ansvar enn for bare dei involverte. Det er heilt nødvendig at kunstnarar går inn i det som er viktig, vanskeleg og vondt − rett og slett fordi dette er noko av kunsten og kunstnarar si oppgåve i eit samfunn. Ein bearbeidar ikkje bare traume som krig og terror gjennom rettssaker og offentlege kommisjonar. Ein gjer det også gjennom kunsten. Gjennom bøkene, filmane, kunstverka og musikken.

For å sitera ein av songane som blei sunge i bearbeidinga av 22. juli, som kunne heitt «Til kunstnaren», like gjerne som «Til ungdommen»: «Gå inn i din tid!»

  • Dei siste kommentarartiklane av Jan Zahl finn du her
Publisert:

Kommentator Jan Zahl

  1. – Kva må til for at eg skal bli ein varm Trump-tilhengar?

  2. Viking må bytta navn!

  3. Kva er denne gjengen sin største kulturpolitiske tabbe?

  4. – Koronakrisen har vist at kulturpolitikarane ikkje skjønnar seg på kulturfeltet

  5. – Abid Raja: Det er ikkje frisyren din som er det vesentlege no, men kulturpolitikken

  6. "Skal me ha eit levande mediemangfald også etter korona, må folk rett og slett abonnera"

  1. Kommentator Jan Zahl
  2. 22. juli
  3. Berlinalen
  4. Jan Kjærstad
  5. Film