Dødekontakt – løgn og bedrag?

Spiritismen høyrer ikkje til elitens religionar, difor har han heller ikkje høglydte støttespelarar.

Publisert:

Britiske Lisa Williams på scenen i Stavanger konserthus 3. september. Foto: Lars Idar Waage

Anne Kalvig
Religionshistorikar ved Universitetet i Stavanger

KOMMENTAR: Jan Zahl leverer i Aftenbladet 4. september 2013 ein flengjande kritikk av Lisa Williams, mediet som kvelden før fylte Stavanger konserthus med folk som håpa på kontakt med sine kjære avdøde. Han levnar ikkje Williams mykje ære, men lar folk få lesa nokre referat frå "kanaliseringane" hennar, som framstår som pinlege, til dels uansvarlege. Gjettinga er så si sak, skriv Zahl, verre er det når Williams kommenterer ein uoppklart dødsbrann i detalj, og uttalar seg om politiet sitt arbeid.

Langt frå nytt

Zahl sin tekst har blitt delt av svært mange på Facebook, og svært mange uttalar at dei er glade for at nokon "endeleg kritiserer denne galskapen". Men kritikken er langt i frå ny, det er stort sett bare kritikk å lesa i media kva gjeld dødekontakt og spiritisme. Er det nokon som hugsar ramaskriket då prinsesse Märtha Louise slumpa til å fortelja at ho kunne kontakta dei døde kva tid som helst, til Aftenbladets Reidun Gudmestad? Biskopane i landet fordømde henne, Snåsamannen fordømde henne, medan popstjerna Madonna (!) uttrykte støtte. Dette var i 2010, tre år før Kyrkjemøtet med overveldande fleirtal røysta for å tilby husreinsk-liturgi til det norske folket.

Folk oppsøker dette år etter år, dei er ikkje alle desperate av sorg og blinda av tårer

Det kan godt henda Williams fortener å bli referert slik Zahl gjer det, og å bli kritisert for å gje bodskapen sin den forma ho gjer – kva enten ein misliker konseptet dødekontakt eller ei. Zahl trur ikkje på dødekontakt og er open om det. Men å avvisa dødekontakt som umogleg, og all dødekontakt dermed som svindel, er ikkje eit vitskapleg standpunkt, men eit normativt og trusbasert standpunkt, slik kampanjen "Ingen liker å bli lurt" står for. I spiritismen løyper mange felt og diskursar i saman, og utgjer kulturelle "knutar" eller komplekse saks— og problemområde, og reine konfliktar: forholdet mellom tru og vitskap, erfaringsbasert spiritualitet i forhold til institusjonalisert religiøsitet, forholdet mellom det kommersielle, underhaldande og det åndfulle, alvorlege, det velmeinande versus det tvilsame, sorg og død på eine sida, håp og trøyst på andre. Historisk har fenomenet "religion" omfatta alle desse kompleksa. Religion er ikkje ein "rein" storleik.

Forsonande bodskap

Eg var ikkje på seansen i år, men har vore på Williams’ og andre medium sine show tidlegare, og eg har intervjua medium i forskingssamanheng. Eit godt medium er (frå ein observatør sin ståstad) "treffsikkert", treng få spørsmål for å formidla bodskapen, formidlar detaljar og kunnskap som overtyder samstundes som han eller ho er varsam, humoristisk og fokusert på trøyst og forsoning. Sjølve bodskapen er nemleg, slik Zahl heilt rett påpeiker, oftast ei forsonande og forløysande, enkel forsikring om at dei døde har det godt, har tilgjeve eller forsona seg med sine kjære etterlatne, og gjerne vaktar over dei frå den andre sida. Ramma rundt spiritisme er trua på og håpet om livet etter døden, at livet fortsett i ei åndeleg røynd, gjerne nær Gud eller ei namnlaus kjærleikskraft, og at kommunikasjon her er mogleg.

Der er ikkje gjort omfattande forsking på kva som er folk sin motivasjon for å oppsøka storseansar av det slaget som Williams representerer. Det er i det heile tatt gjort nokså lite forsking på det mangslungne feltet spiritisme i samtida – klassisk spiritisme frå 18- og 19-hundretalet er derimot godt undersøkt. Har ein mista eit barn og sit og ventar på at barnet skal nytta Williams som kanal, må smerta vera intens når så ikkje skjer. Men samstundes må me kunna spør oss om ei etterlaten mor kanskje får trøyst av å høyra dei kanaliserte forsikringane andre får? At ho finn trøyst i å vera i ei forsamling med mange sørgjande? At tårene og latteren kring henne på noko vis er forløysande? Folk oppsøker dette år etter år, dei er ikkje alle desperate av sorg og blinda av tårer. All religion har dessutan ei materiell side, konkretisert som billettprisar, statsløn eller anna, og er uløyseleg samanvove med andre materielle strukturar i samfunnet.

Interesse trengst også

Kritisk blikk på spiritisme er bra, men der trengt også interesse og forståing for kor samansett dette fenomenet er. Fordi spiritismen ikkje høyrer til elitens religionar, har han ikkje høgrøysta støttespelarar. Men han er enormt populær, og går direkte inn i eit grenseland som vedvarer å fascinera og tiltrekka folk. Å bli opprørt over at vaksne folk betaler for dette, medan me trekk på skuldrene av at NRK har spiritisme for barn som storsatsing gjennom serien Dauinger, er for øvrig nok ei tankevekkande side ved samtidsspritismen og vårt forhold til han.

Publisert: