Rajas (nesten) umulige hovudpine

KOMMENTAR: Abid Raja (V) skal bruka 900 millionar kroner for å få opp aktiviteten i kulturlivet. Det er på langt nær nok til å hjelpa alle i eit kulturliv i djup og mangfaldig koronakrise.

Publisert: Publisert:

Abid Raja (V) vil ha meir lyd, liv og aktivitet i kulturlivet utover hausten og vinteren, og skal bruka 900 millionar kroner. Men korleis skal pengane fordelast?

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist

– Det er mange aktørar, mange ulike behov, mange ulike innspel og mange synspunkt. Det er viktig for oss å få høyra alt dette nå. For me har ikkje bestemt korleis denne ordninga skal sjå ut på førehand, sa kulturminister Abid Raja (V) måndag.

Raja hadde invitert representantar for store delar av kulturlivet til å koma med innspel til korleis regjeringa best kan bruka dei 900 millionar kronene dei har løyva til stimuleringsmidlar til eit kulturliv i djup koronakrise.

Les også

900 millioner kroner til ny stimuleringsordning i kultursektoren

Les også

Raja legger én milliard på bordet til idretten og frivilligheten

Les også

Kan me bli for forsiktige i korona­­pandemien? Kva då med kulturlivet?

Tøff prioriteringsjobb

Innspela han fekk tyder på at Raja og hans departement skal få ein tøff jobb i å prioritera kven som skal få kva, kven som skal hjelpast og kven som må klara seg sjølv. Og dermed avgjera kva slag kulturliv me vil ha i Norge utover hausten, vinteren og våren – og i åra som kjem.

Då koronaen i praksis stengde ned det norske kulturlivet 12. mars, blei politikaranes første og mest akutte oppgåve å koma med ordningar som sikra at folk hadde pengar til mat på bordet og at verksemder ikkje gjekk konkurs. Saman med reiselivet var kultur kanskje den hardast råka bransjen i landet.

Det tok tid – og ein heil del kjeft – før den ferske og uerfarne kulturministeren fekk på plass ordningar som trefte stadig større delar av kulturlivet. Eitt av problema har vore at dei ulike kompensasjonsordningane ikkje har stimulert til aktivitet, men framfor alt kompensert for det som har blitt avlyst – og nokon av inntektene som blei borte. Men på langt nær alle inntektene. Ifølgje ein rapport frå Menon Economics forsvann så mykje som 1,5 milliardar kroner i inntekter frå kulturbransjen – berre i mars og april.

Les også

Streng køkultur, sprit og tomme kinoseter

Les også

Folken-sjef reagerer på statens fordeling av koronamillioner

Koronatilpassa aktivitet

Målet med dei 900 nye millionane er å stimulera til aktivitet, innanfor koronaepidemiens rammer. Det er eit fornuftig mål, og alle talspersonar for kulturlivets mangfaldige interessegrupper som gjekk på talarstolen i Oslo måndag, rosa kulturministeren for intensjonen. Dei sette også pris på viljen til å lytta til bransjen før Raja bestemmer korleis pengane skal brukast.

Men derifrå og ut demonstrerte innspela det som er kulturbransjens – og dermed Rajas – hovudpine. Nemleg at kulturlivet er eit særs mangfaldig felt, med til dels svært ulike ønske og behov i ei krisetid:

  • Arrangørar har fått kompensert for avlyste arrangement. Men kva med dei som har ope kvar dag og har mista store delar av publikum, som musea utanlandske turistar vanlegvis oppsøker?
  • Kor mykje skal staten bidra med for å dekka tapet som oppstår når konsert- eller teatersalen ikkje kan fyllast? Skal alle partar få like mykje, enten ein er arrangør, artist, komponist, underleverandør, offentleg finansiert eller privat?
  • Om ein skal stimulera til fleire arrangement i haust, og betala for billettar som ikkje kan seljast, korleis skal ein avgjera kor mange billettar som kunne blitt selde? Skal nokon kunna arrangera konsert i DNB Arena for 200 publikummarar – og krevja pengar av Raja for 2800 uselde billettar?
  • Bør eventbransjen omfattast av kulturdepartementets stimuleringspengar? Eller kva med dei 81 av 131 norske kulturhusa som så langt ikkje har vore omfatta av kompensasjonsmidla fordi dei er organiserte som kommunale einingar og ikkje har eige organisasjonsnummer? Kva med artistane som har levd opp til kulturpolitikaranes ønske, og som lever av inntekter frå utlandet? Skal dei inkluderast i den norske ordninga?
  • Korleis finna ordningar som omfattar alt frå bildande kunstnarar, lyd- og lysfirma, artistar, komponistar, arrangørar, store institusjonar og frittståande kunstnarar, breie og smale uttrykk – i heile landet?

Langsiktig, forutseibar

Eit par beskjedar fekk Raja med seg som det var unison semje om:

  • Kulturlivet har lang planleggingshorisont og treng ordningar som er langsiktige og forutseibare – sjølv om smittesituasjonen framover er uoversiktleg og usikker.
  • Kulturlivet må vita at staten stiller opp med pengar så lenge staten har ein smittepolitikk som hindrar vanleg drift i kulturlivet.

Raja og hans embetsverk står altså overfor ei vanskeleg oppgåve i å finna måtar å hjelpa kulturlivet gjennom ei koronakrise som kan bli lang og tøff, med eit budsjettmessig omfang som går gjennom i Stortinget og med ei innretning som kan passera ESAs vurderingar rundt konkurranse og statsstøtte.

Det er ingen grunn til å tvila på Rajas gode vilje. Men koronahausten set også svært store krav til hans politiske evner. Klarer han å overtyda dei andre i regjeringa om at kulturlivet er så viktig at det må reddast – nesten koste kva det vil?

Publisert:

Kommentator Jan Zahl

  1. Er det eit offentleg ansvar å gi Kurt Nilsen millionlønn til jul?

  2. Skalet av alle ting kan ein få for pengar. Men ikkje kjernen

  3. Me er nesten i ferd med å bli blinde og døve for kor ko-ko – og alvorleg – dette faktisk er

  4. – Kor mange er nok? 500? 5000? Heile Moria?

  5. Rajas (nesten) umulige hovudpine

  6. – Korleis blir livet fram­over om folk er endå meir forsiktige enn styres­maktenes smitte­råd?

Les også

  1. Reagerer på at ONS får millioner mens Folken er i krise

  1. Kommentator Jan Zahl
  2. Kulturpolitikk
  3. Kultur
  4. Abid Raja