Bygg heilt ny E 39 parallelt med nytt dobbeltspor for lyntog

Økonomi, jordvern og reduksjon av ulykker er handfaste argument for å velja ein heilt ny trasé for E 39.

Publisert: Publisert:
  • Torvald Sande
  • Leik Woie
  • Hjalmar I. Sunde
  • Rune Gjedrem
iconDenne artikkelen er over syv år gammel
  1. Rune Gjedrem, teknolog og initiativtakar.

  2. Hjalmar I. Sunde, general- løytnant og tidlegare fylkesmann i Aust-Agder.

  1. Leik Woie, tidlegare sjeflege ved SUS/SiR.

  2. Torvald Sande, tidlegare forskningskoordinator.

STATENS VEGVESEN har på oppdrag frå Samferdselsdepartementet planlagt ei oppgradering av E39 mellom Ålgård og Søgne. Alle tilbakemeldingar til Vegvesenet frå offentlege instansar, kommunar og næringslivet er samrøystes: På sikt må E39 bli ein firefelt motorveg.Dette alternativet løyser ikkje viktige samfunnsproblem, som mellom andre:

  • Persontrafikk (dagpendling) frå sør mot Sandnes, Forus og Stavanger.
  • Jordvern.

KARTET (til høyre) viser eit alternativ til ny trasé for E39. Denne vegtraseen inneheld òg ny trasé for lyntog mellom Sandnes, via Egersund og Sokndal til Flekkefjord. Dette forslaget ligg nå til vurdering i Samferdselsdepartementet.

Fordelane med den nye traseen er store og blir tydeleg forklart i filmen som ligg på www.nye39.no. Ein heilt ny trasé vil gi kort byggetid, kort avstand til befolkning og industri på Jæren. Samtidig opnar dette for rask kommunikasjon for Bybånd Sør og legg til rette for nye utbyggingsområde for bustad og næring på uproduktive areal.

JÆREN er eit viktig matkammer i Norge. Den dyrka jorda i området er svært produktiv, klimaet er mildt, og bøndene er effektive og kunnskapsrike. I Aftenbladet 9. november i fjor sto ein kronikk med tittelen «Dobbeltspor over Jæren for vekst og vern». Der tek ordførarane frå Sandnes til Eigersund saman med administrerande direktør i Næringsforeningen i Stavanger-regionen til orde for å oppgradere Jærbanen til ei InterCity-line innan 2020. I artikkelen blir det argumentert for framtidsretta kollektivtransport som nøkkel til jordvern.

Dette er eit forståeleg argument dersom ein bare ser på behovet for areal til jernbanen. Men det største presset på jordarealet vil koma frå behovet for fleir bustader og meir industri. Og dette vil resultera i meir trafikk på vegen. Dermed vil det vera eit tidsspørsmål når kravet kjem om fire felt på Fv44. Når så skjer, kan Fv44 ikkje nyttast til traktorar og saktegåande køyretøy. Dermed må det byggast parallelle vegar for lokaltrafikk både for E39 og Fv44. Ny trasé for E39 løyser begge desse dilemma (sjå kartet).

DERSOM ME SER PÅ alternativet med nytt dobbeltspor bygd parallelt og samtidig med ny E39, gir det ei rekke fordelar. Dei viktigaste er at person— og godstrafikken går uforstyrra i anleggsperioden, utan at det blir nødvendig med buss for tog i ein lang byggeperiode. Forbruket av dyrka jord er minimal.

Uforstyrra bygging reduserer kostnadane med 50 prosent.

I framtida kan person- og godstog gå i lyntogfart utanom tettstadane på Jæren. Når nytt dobbeltspor og firefelt motorveg er ferdig, kan frekvensen på den eksisterande Jærbanen aukast. Alle togavgangane som er overført til det nye dobbeltsporet, kan brukast til lokaltog mellom Egersund og Sandnes/Stavanger.

Det ligg føre tal som viser at uforstyrra bygging reduserer kostnadane med 50 prosent. Byggetida blir redusert tilsvarande.

ERFARING VISER ÒG at talet på ulykker blir betydelig redusert både for anleggsaktiviteten og for den forbipasserande trafikk. For den ferdige firefelts motorveg er erfaringa frå den nye E18 frå Kristiansand til Grimstad – som gjekk i heilt ny trasé – at ulykkene er redusert med heile 90 prosent.

OPPSUMMERT er både økonomi, jordvern og reduksjon i ulykker handfaste argument for å velja ny trasé for E39.

Slik ser forfattarane for seg at ny E 39 kan leggast, nærare der folk bur og fleire skal by, langs jernbanen. I byggeperioden går trafikken på dagens E 39 uforstyrra.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Ordføreren vil lage sjau

  2. Her er flyet på vengene for siste gong

  3. Gutt (16) omkom i ulykke hjemme

  4. Her tar bilen u-sving i Hundvågtunnelen

  5. Purrer på Boreal: Når starter Høgsfjord-sambandet opp igjen?

  6. SV hopper av forhandlinger om krisehjelp til oljenæringen