Utenkjeleg at Israel går med på fred

Våpenkvileavtalen med Hamas er inngått, for denne gongen, og statsminister Benjamin Netanyahu erklærer siger, også denne gongen.
  • Knut S. Vikør
    Professor ved Universitetet i Bergen, forskar på Midtausten og Afrika
Publisert: Publisert:
Knut S. Vikør portrett.jpg
iconDenne artikkelen er over syv år gammel

AV DEI MANGE og blodige konfliktane som herjar i Midtausten for tida, dei fleste knytte til religion på ein eller annan måte, er det ein som nesten ser ut til å gå på automatikk:Annakvart år startar palestinarane i Gaza og israelarane å utveksle rakettar og bomber i ein konflikt som skapar frykt og uro på den eine sida, og død og øydelegging på den andre. Det einaste som ser ut til å skilje frå år til år, er kor lenge det skal vare: Ei veke? To? Fire? Og om israelarane sender inn soldatar eller berre bombar frå lufta. Tapstala blir uansett store.

KVIFOR KJEM DEI ikkje ut av denne syklusen? Begge skuldar naturligvis på motparten, det var dei andre som starta, og vi kan ikkje gi oss først. Utanforståande prøver å få partane saman til ein fredsprosess. Men ein slik er openbart ikkje på horisonten. Kvifor? Er det religiøs staheit, eller noe anna?

...ikkje anna i sikte […] enn ein evig runddans med krigar annakvart eller tredje­kvart år, utan håp om å komme vidare.

PROBLEMET ER at ein snakkar om «dei to partane» – det er diplomatiets vesen. Men i røynda er det ikkje to «partar» her. Det er ein aktør, Israel. Dei har makta, og dei har utspelet. Hamas kan sende sine rakettar i blinde, men det er Israel som kan ramme fienden så det smertar. PLO kan be om forhandlingar, men det er opp til Israel om desse skal ha meining. PLO har jo nå eigentleg ingenting å tilby som israelarane ønskjer, eller iallfall treng – mens Israel har ting å gi som palestinarane treng. Så kvifor skulle dei gi reelle konsesjonar, som ville smerte?

Les også

Ingen halleluja for Netanyahu hjemme

Dei kunne jo ønske å oppnå ein varig fred. Men det verkar det ikkje som folk flest i Israel ser som tenkjeleg eller oppnåeleg. Og her har kanskje noe av grunnen denne repetisjonen av krigar: Det ser ut til at israelarane ikkje lenger har nokon visjon for ein annan situasjon enn den vi har. Palestinarane, PLO som Hamas, har i det minste ein slik visjon: ein eigen palestinsk stat, på eit større eller mindre område. Det kan verke som ein draum i dag, men det er iallfall eit mål for ein tilstand som er annleis enn i dag. Israelarane ser ut til å mangle eit tilsvarande mål. Å GODTA EIN SJØLVSTENDIG og likeverdig palestinsk stat ved sida av seg sjølv ser ikkje lenger ut til å vere tenkjeleg – frykta for palestinarane, som dei fleste israelarar knapt tør møte på gata, er for stor. Men dei har heller ingen annan klar idé om kva dei skal gjere med dei palestinske områda som nå står under deira kontroll. På ytre høgre kant drøymer nok nokon om å kunne presse palestinarane ut, med tvang eller lokkemiddel, slik at heile Vestbreidda og Gaza kan frigjeras til sine «opphavlege eigarar», Israel.

Men alle ser at dette ikkje er mogeleg. Sjølv om krig og sosial nød får mange palestinarar til å forlate landet (spesielt kristne palestinarar), fører ikkje det til at forholdstalet mellom palestinske og jødiske innbyggarar i heile Israel/Palestina endrar seg monaleg. Og fødselsraten er ikkje til israelaranes fordel.

Les også

Ved veis ende

Les også

For de vet hva de gjør

Derfor blir også ei innlemming av dei palestinske områda i Israel, ei annektering, umogeleg frå israelsk synsstad. Da måtte dei ta standpunkt til innbyggarane som framleis vil bu der: Enten gi dei statsborgarskap, og då er Israel ikkje lenger ein «jødisk stat» med klart jødisk folkefleirtal, det staten var skapt for og som israelarane ønskjer å halde fram å vere. Eller ikkje å gi dei statsborgarskap, og det vil vere umogeleg i eit moderne statssamfunn å ha ein stat der ein tredel eller halvdelen av dei fastbuande innbyggarane ikkje har nokon eller fulle statsborgarlige rettar.Så lenge det er konflikt, kan ein leve i eit halvt hundreår med ein «uavklart» situasjon, som i dag, men om området blir annektert, må ein også avklare stoda til innbyggarane, og gje svar på dette uløyselige dilemmaet.

DERMED SIT ISRAELARANE, trass si militære og også politiske overmakt, i skorfestet. Dei kan ikkje gå framover, dei kan ikkje gå bakover. Dei snakkar om å «utslette Hamas», men også utan Hamas vil problemet kva ein skal «gjere med» palestinarane på Vestbreidda og Gaza bestå.

Og sidan dei sjølv ikkje har noko svar på dette, og ingen andre, palestinarar eller verdssamfunn, har makt og middel til å påverke Israel til ei løysing dei sjølv ikkje ser i si interesse, er det ikkje anna i sikte enn det vi ser i dag: ein «fredsprosess» som ikkje er nokon prosess, og ein evig runddans med krigar annakvart eller tredjekvart år, utan håp om å komme vidare.

Les også:

Les også

  1. Ærlig dialog avler toleranse

  2. Kontroversielt minne om de døde som forsvant

  3. Religiøs forvikling i Irak

  4. Gi, så skal dere få…

  5. Levende livssyn fornyes

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Når kommer vinteren, egentlig?

  2. Brann i bil på verksted ga full utrykning til Sandnes sentrum

  3. Leger ved sykehuset slår alarm: 21 personer alvorlig skadd på elsparkesykkel de siste to årene

  4. Store endringer i korona­regimet: Dette er de nye reglene

  5. Turen på elsparkesykkel endte på legevakten for Malin (22)

  6. De åpnet nytt hotell, så kom koronaen. Nå dobler de igjen