Effektiv... og gjerrig?

Fra FNs arbeid i Sudan.
  • Sofie Braut
    Sofie Braut
    Lektor og skribent
Publisert: Publisert:
Sofie Braut.
iconDenne artikkelen er over syv år gammel

BISTANDSPOLITIKK er eitt av dei områda der vi gjerne les av avtrykk av ny politikk – denne hausten fryktar somme for rein rasering, andre møter det blå-blå bistandsopplegget med håp om reduksjon på eit område der både mål og resultat kan verka uklart. Det er sjeldan her me her finn dei akuttpolitiske snakkisvedtaka av typen segway-frislepp eller ordninga der du kan veksla røyk inn i alkohol i taxfree-en; bistandspolitkk er liksom ikkje den store slagordsgeneratoren.Like fullt nærmar det seg også eit nytt bistandsbudsjett, og det parallelt med at Jan-Egeland-frekvensen er på veg oppover i media. Generalsekretæren i Flyktninghjelpa er berre ein i den lange køen av korrespondentar og kommentatorar som skildrar nye kriser, krigar og ein desperasjon som er vanskeleg å fatta for oss som ser septembersola forgylla ein føreseieleg kvardag i eit land som fungerer langt over det som er vanleg i verda.

BISTAND ER eit komplekst tema der endringane har vore store dei siste tiåra. Frå ein periode der einsidige givar/mottakar-roller skapte uheldige globale stereotypiar, har mottakaraktivitet gradvis blitt meir sentralt. Å legga rette for sjølvhjelp har blitt langt viktigare enn tidlegare. Det finst i dag fleire ulike syn på kva som eigentleg er god og effektiv bistand, men det biletet som avteiknar seg i verda kring oss i dag, gjer det openbert at det absolutt verste alternativet er å halda seg passiv. Å gjera noko uklokt på bistandsfronten er langt mindre risikabelt enn å leggja inn låggiret. Kvifor?

Verda treng at rikingane ikkje berre bryr seg, men også signaliserer tydeleg at me engasjerer oss for å skapa endring.

Me er i ein fase der verda treng at rikingane ikkje berre bryr seg, men også signaliserer tydeleg at me engasjerer oss for å skapa endring. I tillegg har ein aktiv bistandspolitikk eit heimleg pedagogisk poeng: å læra dei som veks opp at det å sitja øvst oppe på pengehaugen, faktisk forpliktar. Å vera fødd på solsida, med ditto sølvskei og sigarføring, må gjerne blandast med eit visst ubehag, det er heilt på sin medmenneskelege plass.

TIDLEGARE I ÅR kom rapporten om resultatmåling i norsk bistand (www.norad.no), og den fortel at ein jobb må gjerast når det gjeld tydelegare dokumentasjon av effekten av norsk bistand. Det er eit sentralt poeng å kunna styra bistanden mot område der effekten vert størst. Betra dokumentasjon vil også vera viktig for å unngå sløsing og naivitet.

På den andre sida er det eit problem om krava til dokumentasjon til slutt vert ein effektparanoia der ein i for lita grad har tillit til aktørane, og der resultat vert einstydande med raske resultat. Mange trekkjer for raskt konklusjonen at det ein ikkje kan måla automatisk «ikkje nyttar». Mang ein bøsseberar i velståande nabolag får avslag med fotnotar nettopp av denne typen. Slik argumentasjon er sjølvsagt like pinleg som tilslørande, både på individuelt og nasjonalt plan. Det er freistande å sitera Thomas Jefferson: «Vil du vita kven du er? Då skal du ikkje spørja, men handla! Handlingane dine vil visa kven du er.»

NÅR EIN NO HØYRER høyrer rumling i blå-blått bistandsmaskineri, er det i første omgang forstemmande å lesa av ferdsskrivaren. Per Sandberg, talsmann for bistandsfeltet i Frp, fortel at dei vil fasa ut mange mottakarland for å sikra ein meir effektiv innsats i dei landa dei held fram å hjelpa. Men i eit intervju med avisa Vårt Land (21.8.14) forsikrar Sandberg at dei «kan ikke bare dra teppet bort under folk». Nei, då er det kanskje betre å lirka vekk teppet, så dei som heldt til på det gradvis får venna seg til kor kaldt det er på bar bakke?

Effektivisering og rapporteringskrav er honnørorda som gir Frp høve til både å kutta i bistand.

Effektivisering og rapporteringskrav er honnørorda som gir Frp høve til både å kutta i bistand og stå fram som handlekraftige. Sandberg meiner vidare at det å halda på dei seinare års mål om at bistandsvolumet skal ligga på kring ein prosent av bruttonasjonalinntekta, er feil fokus; det viktige skal vera «å bruke pengene rett».

UANSETT KOR EFFEKTIV ein maktar å vera, er det å kutta i eit etablert bistandsnivå ei tragisk feilmelding til ei verd som lir. Dersom det blåaste av regjeringspartiet verkeleg har klart å knekkja bistandskoden; at dei faktisk har funne ein måte som gjer rekkjevidda av kvar norske krone endå litt større, – då er det godt nytt! Om ein ikkje lar denne bistandsformelen kortslutta ved at «effektiv» i denne samanhengen eigentleg vert synonymt med «gjerrig».

Les også:

Les også

  1. Idrett på amerikansk vis

  2. Hallgeir og Habermas på same planet?

  3. Næringslivets blindhet

  4. Alder og kjønn, ennå mye ugjort

  5. Trivsel i første klasse

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Regjeringen vil skjære gjennom ved koronakrangel på Nord-Jæren

  2. Suksess for Vinterland på Ruten - måtte bestille 20.000 flere billetter

  3. De ville gi oppreisning til Inger-Tone, men ble stemt ned

  4. Resultatene i stor fedmestudie overrasker forskerne. Kjell Vidar Moland ble 65 kilo lettere.

  5. Oppgjørets time nærmer seg for Trumps folk

  6. Køen oppløst etter trafikkuhell på E39