Kunst og kunst, fru Blom

Cowboyhattar, Gucci-vesker eller kontroversiell kunst. Alle har me våre måtar å markera kven me er på.

Publisert: Publisert:

Kan bilder rettet mot pedofile omgjøres til kunst? Foto: Scanpix

  • Journalist
  • Solveig Grødem Sandelson
    kultur- og debattredaktør
iconDenne artikkelen er over 11 år gammel

KUNSTNAREN Bjarne Melgaard har blitt fascinert av bilder. Bilder i eit magasin utgitt av ein organisasjon som kjempar for å legalisera sex mellom menn og gutar. Eller det me andre kallar pedofili. Melgaard jobbar nå med desse nakne gutebilda som utgangspunkt — først maler han dei opp, så maler han over dei. 90 bilder skal det bli av dette, og sjølv om dei ikkje er ferdige, er dei fleste av dei alt selde. Om gutane på bildene er misbrukte, er det ingen som veit. Og på spørsmål frå NRK om han som kunstnar har eit etisk ansvar, er svaret nei.

Men han finn det altså interessant. Held det? Det opplagde svaret er at det veit me ennå ikkje, for bildene hans er ikkje ferdige. Men dei er altså alt selde. Og, unnskyld uttrykket, sannsynlegvis til stive prisar. Kjøpte av ein gjeng kunstsamlarar som finn det så viktig å eiga Melgaards pedofili-inspirerte kunst at dei kjøper det usett.

Ein gong, for meir enn hundre år sidan, skulle kunstnarane gå først, dei skulle avsløra makta og alt som falskt og rote var, også innanfor kunstens eigen tradisjon, dei skulle og måtte bryta grenser. Det overflatevakre fekk - i alle fall for ei tid - dårlege kår hos desse avantgardekunstnarane. Sjokket og det uskjønne dess betre.

Ennå heng mykje av desse forventningane ved kunsten - den skal vera samfunnskritisk, den skal kunna avsløra, den blir sett på som eit potensielt korrektiv i samfunnsdebatten. I alle fall i teorien. Det spørst vel om det er det ubehagelege me likevel oppsøkjer, når det kjem til stykket. Men sidan kunsten tar oss ut av kvardagen og over i det både kunstnar og publikum er einige om at er iscenesett - det er kunstig - så kan ein likevel trå lengre over grensene enn på dei fleste andre felt. Men kan ein dermed la vera å ta etisk ansvar for det som ikkje er iscenesett?

NÅR MELGAARD dreg fotografia av gutane over i kunsten, er det då greitt at han ikkje tar noko etisk ansvar for kva slags liv og livsvilkår dei måtte ha? Marcel Duchamp skapte furore og eit tidsskilje då han for omtrent hundre år sidan (det skjedde mykje då, ja, for hundre år sidan) stilte ut eit pissoar og kalla det kunst - det var kunst fordi han sette det inn i ein kunstnarisk samanheng.

Kan ein seia det same om bildene frå eit magasin for pedofile? At i det ein tar det ut derfrå, og set det inn i ein kunstnarisk samanheng, så er det per definisjon kunst? Og at kva som skjedde før det, ikkje er kunstnarens ansvar? Nei, det er altfor enkelt. For det er nettopp konflikten mellom kva det var før, og kva det blir som kunst, som i det heile tatt kan gjera det interessant. Det er der potensialet for samfunnskritikk ligg, sjansen til å snu vante førestellingar ut-inn eller opp ned, og setja eit ubehageleg lys på emne me helst hadde sett ikkje hadde noko med oss å gjera. Der ligg også svaret på om det i det heile tatt kan vera etisk forsvarleg.

Det kjem altså an på kva Melgaard klarer å setja i spel, kva han klarer å visa oss, om oss sjølv, om gutane, om verda og tida me lever i. Kanskje blir det drivande ubehageleg samfunnskritikk og rystande god kunst av det? Det kan vera det. Me kan jo håpa. For elles, er det bare sjokket og merkevara me sit igjen med. Det første går fort over, som Kjell Pahr-Iversen konstaterte i Aftenbladet sist veke. og det andre kan like godt Gucci, Dior og Armani ta seg av. Til og med utan å dra pedofili inn i det.

FOR AVANTGARDEN og deira publikum var sjokkeffekten noko nytt, noko som til då ikkje hadde høyrt heime i kunsten. Det var framandt. Slik er det ikkje lenger. Sjokket, sensasjonen, det spektakulære, er for lengst gjennomkommersialisert. Det kan like godt vera reinspikka underhaldning eller sjølvoppteken merkevarebygging, og kunst som spelar på slike effektar kan fort enda som begge deler. Underhaldning for ei stakka stund for nokre av oss.

Og barnsleg, uansvarleg og sjølvoppteken merkevarebygging for kunstnaren og kunstkjøparane hans - «sjå på meg, eg er kontroversiell» - og «sjå på meg, eg har kontroversiell kunst.» For øvrig ein eldgammal tradisjon i kunsten - kunstnaren og kunstkjøparen får gjensidig kasta glans over kvarandre. Så kan heller samfunnet gå sin skeive gang.

Ein kan ha si Rolexklokke, sine Diorbriller eller sin cowboyhatt for å signalisera kven ein er og gjera seg sjølv synleg. Eller ein kan ha sin såkalla kontroversiell kunst. Bare ikkje kall det siste viktigare for samfunnet enn det første.

SJØLV HAR Bjarne Melgaard sagt at han gjerne vil risikera noko, med det han driv med. Han vil erfara ting. Det er vanskeleg å sjå at han risikerer noko som helst med dette prosjektet - bortsett frå kanskje å bli anmeld. Han er ein anerkjend kunstnar, han er anerkjend som kontroversiell, og at bileta alt er selde, tyder på at han ikkje risikerer noko i det miljøet som anerkjenner han på det viset. Og skulle prosjektet bli slakta av kritikarane, så er nok Melgaard alt så anerkjend at det ikkje vil rokka med posisjonen hans. Snarare vil det bare stadfesta nettopp hans posisjon som kontroversiell.

Nei, han risikerer ikkje noko som helst med prosjektet sitt. Men eg lurer på kva gutane på dei opphavlege bildene har risikert?

Og erfart?

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Oppfordrer til Halloween-feiring for de minste barna

  2. Sykefraværet gikk ned, men ikke nok. Nå får de en sjanse til

  3. Silje fikk topp­karakterer og er ingeniør. Nå jobber hun i kles­butikk

  4. Gutt påkjørt på Bryne

  5. To nye smittetilfeller i Sandnes onsdag

  6. Klar melding til egen minister: Grav ut Domkirken!