Religion som møte og erfaring

KRONIKK: Kva får 700 menneske til å fylle St. Petri for å høyre ein dansk journalist snakke om sitt møte med Jesus?

Publisert: Publisert:

Fleire ville høyre Charlotte Rørth fortelja om sitt møte med Jesus enn som vanlegvis går i kyrkja for å høyra om Jesus. Bodskapen om eg–du-forholdet til guddommen og det sanselege og kvardagslege i boka hennar vekkjer stor interesse. Foto: Gottfried Straube Fjeldsaa, Paradigmeskifte Forlag

  • Anne Kalvig
    Religionshistorikar ved Universitetet i Stavanger
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Sundag kveld 3. april var St. Petri kyrkje i Stavanger stappfull, i den grad at me sat samanklemte på benkeradene og endåtil orgelkrakken blei sitteplass. Me var komne for å høyra danske Charlotte Rørth, journalisten som møtte Jesus i ei lita kyrkje i Spania. Møtet var arrangert av Kirkelig dialogsenter, ved dialogprest Silje Trym Mathiassen, St. Petri menigheit og Paradigmeskifte Forlag.Kva får over 700 menneske, med varierande tilknyting til kyrkja, til å strøyma til for å høyra om eit møte med Jesus, som trass alt er tema på kvar ei sundagsgudsteneste? Er det noko nytt og annleis i måten denne vevre, godt vaksne kvinna har erfart Jesus på?

Ho skildrar det i boka i eit erotisk språk, der seksualitet er eit viktig tema.

«Forelsking gonger tusen»

Den danske journalisten Charlotte Rørth såg ikkje på seg sjølv som eit spesielt reiligøst menneske, men i 2009 opplevde ho å møte Jesus. Dette møtet, som ho opplevde som fysisk, blei til boka «Jeg mødte Jesus», som har vekt oppsikt i fleire land.

I boka «Jeg møtte Jesus» fortel Rørth om fleire, sterke, uforklarlege opplevingar av lys og ei kraft, før Jesus «materialiserte» seg for henne i ei lita kyrkje i Úbeda i Spania. Dette møtet forandra heile livet til Rørth, ho som ikkje hadde hatt noko aktivt forhold til Gud, Jesus og kristendom, dansk, intellektuell «kulturkristen» som ho var. Nå var vissa om Jesus som Gudesonen noko som fylte kvar celle i kroppen hennar, og ho opplevde mange fysiske endringar. Ho skildrar det i boka i eit erotisk språk, der seksualitet er eit viktig tema. I Petri-kyrkja tona Rørth dette ekstatiske elementet ned då ho med klar og roleg røyst fortelte om opplevingane sine. Men «forelsking gonger tusen» var ei skildring ho nytta, og ho er overtydd om at «vi [er] felles om både å ha ham i oss og være menneske», som ho skriv i boka.

Denne måten å snakka saman på, om det mystiske og kroppsleg erfarte, er ikkje så vanleg i nordisk kultur.

Ein betre måte å vera i saman på?

For min del framsto møta mellom menneska som det mest storslagne ved kvelden, det summa og sitra av menneskeforsamlinga som var komne for å høyra om ei erfaring, ikkje forkynning, og pausen var fylt av samtalar der folk opna seg opp for kvarandre med forteljingar om erfaringar av det uforklarlege, åndelege og guddommelege, om undring og tvil.

Dialogsenteret ved Trym Mathiassen har igjen klart å skapa større rom for refleksjon, samtale og møte. Denne måten å snakka saman på, om det mystiske og kroppsleg erfarte, er ikkje så vanleg i nordisk kultur, noko Rørth også tematiserte. Men det er openbart at mange ønsker å overkomma denne «sjenansen», eller dette kulturelle «tabuet», mot å ta opplevingar og erfaringar på alvor. Kan det føra oss til ein betre måte å vera i saman på? Eg trur det, men det står i interessant spenning til ateistiske og sekulære strøymingar i kulturen som åtvarer mot det emosjonelle, åndelege og subjektive.

Ho oppsøker også naturvitskapsfolk, medisinarar, teologar, historikarar og nyåndelege for å forstå kva møtet med Jesus kan ha vore.

Det alminnelege mennesket som forsøker

Når Rørth rører og fascinerer så mange, trur eg også det handlar om at ho evnar å formidla erfaringa si i eit tilgjengeleg, ope språk og i ei form som er både undersøkande og undrande. Ho framstår som ei mange kan identifisera seg med, med sitt «nøytrale» utgangspunkt, om enn det er tydeleg at ho høyrer til samfunnets velståande og privilegerte. Å omtala innkjøp av dyre silkekjolar i ei bok om åndeleg oppvakning kan virka søkt eller framandgjerande på nokre, men ho er ærleg og tru mot den ho er, det alminnelege mennesket Rørth som forsøker integrera mysteriet i eigen kvardag og vanar.

Ho oppsøker også naturvitskapsfolk, medisinarar, teologar, historikarar og nyåndelege for å forstå kva møtet med Jesus kan ha vore – men mest av alt skildrar ho kva det gjer med henne personleg. Det gneistrar gule stråler ut av hendene hennar etter møtet med Jesus, og Rørth trur at dette kunne bli nytta til healing, men sidan ho er journalist, er det dén kompetansen ho ønsker å bruka etter gudeson-erfaringa. Fortella, skapa refleksjon, laga rom for andre sine forteljingar.

Som dansk intellektuell kvinne formidlar ho sin versjon av eit erfart, sanseleg, erotisk og vedvarande møte med Gud.

Eg–du-forholdet til guddommen

Karismatisk kristendom, med si vekt på sanseleg, konkret gudserfaring, nådegåver, sterke kjensler og helbreding, blir nemnt i boka som noko som resonnerer med Rørth sine opplevingar, men står fram som ein mindre aktuell spegel for henne enn poesi, kunst, gamle mystikarar sine opplevingar og kristne filosofar og forfattarar. Som dansk intellektuell kvinne formidlar ho sin versjon av eit erfart, sanseleg, erotisk og vedvarande møte med Gud. Annleis organisert kristenliv er relasjonar og kollektiv lite vektlagt hos Rørth. Det er eg–du-forholdet til guddommen som er i sentrum. På eit vis framstår Rørth si bok og tale, for meg, som litt einsam, eller to-sam. Men ho er ærleg på at forteljinga hennar er ei individuell hending, utforsking av gudsforholdet, ikkje framlegg for sosialt-religiøst fellesskap eller diakoni.

Kanskje me skulle bli flinkare til å la dette vesle ordet «og» få plass når me balar med kva det vil seia å vera til i verda?

«Og»!

Rørth konkluderer i boka med at ho endeleg lærer å handtera mysteriet med eige kvardagsliv, det vesle ordet «og» er blitt svært viktig for henne, som i guddommelegheit og kvardag, kjærleik og sakn. Som foredragshaldar er ho såleis mystikaren og journalisten. Etter at boka var ferdigskriven, ramma ei stor ulukke familien hennar, yngste sonen deira tok livet av seg. Slik blir Rørth også eit symbol på dei store kontrastane ved å vera til: Å få oppleva eit mysterium på mest skilsettande vis, og å mista det kjæraste ein har i livet, eit barn. Også dét var me fleire som snakka om i pausen.

Rørth og Kirkelig dialogsenter møtte eit behov for og ønske om å samtala om åndelegheit som konkret, sanseleg erfaring. Språket vårt og offentlegheita er heller uvant med dette, og mange er dei som har fått smerteleg kjenna dette kulturelle atterhaldet. Kanskje me skulle bli flinkare, som Rørth, til å la dette vesle ordet «og» få plass når me balar med kva det vil seia å vera til i verda?

Les også:

Publisert:

Les også

  1. Kunne ikke Fadervår, men fikk se Sønnen

  2. Reelle visjoner eller vrangforestillinger?

  1. Religion
  2. Jesus
  3. Charlotte Rørth