På det fjerde kan det skje

Ny satsing i arbeidet mot mobbing kan lykkast betre enn dei tre føregåande.

Publisert: Publisert:

«Det er urovekkande at skular der elevane rapporterer mest mobbing ser ut til å ha svakast føresetnadar for å lykkast med det systematiske, langsiktige, arbeidet som må til», skriv professor Sigrun K. Ertesvåg. Foto: Scanpix

Sigrun K. Ertesvåg

Sigrun K. Ertesvåg.

Regjeringa har starta arbeidet med ei ny satsing mot mobbing i skulen. Det er den fjerde i rekka sidan Norge tidleg på 1980-talet, som første nasjon i verda, gjennomførte eit landsomfattande arbeid mot mobbing. Når tre nasjonale satsingar ikkje har gitt dei resultata vi ynskjer, er det naturleg å spørje om vi kan lykkast denne gang. Det kan vi, men det føreset ei anna tilnærming til arbeidet mot mobbing enn tidlegare. Ikkje nødvendigvis andre tiltak, men mange skular treng ei anna tilnærming til korleis ein arbeider med tiltaka.

Lovande offentleg utgreiing

I mars leverte Djupedalutvalet sine råd for arbeidet mot mobbing til kunnskapsministeren gjennom NOU 2015:2 «Å høre til». Sjølv om utvalet tilrår mange tiltak, heng mange av dei saman i ei logisk tiltakskjede som både skal sikre arbeid av høg kvalitet og samstundes ivareta rettane til elevane.

Les også

- De sju viktigste utfordringene i kampen mot mobbing i skolen

Ein styrke ved rapporten til Djupedalutvalet er at det systematiske arbeidet på skulenivå er sterkt vektlagt. Forskarar, nasjonalt og internasjonalt, har over fleire tiår påpeika at dette er avgjerande for at dei effektive tiltaka skal gi resultat. Det er derimot første gang dette er så sterkt vektlagt i eit politisk dokument som omhandlar arbeidet mot mobbing. Det gir håp. Samstundes har denne bodskapen drukna i mediedebatten i kjølvatnet av utgreiinga, der fokuset i hovudsak har vore på enkeltståande tiltak. Gjerne litt artige tiltak for elevane. Dette kan vere viktige tiltak i det førebyggande arbeidet, men det er ikkje desse tiltaka som er avgjerande for utfallet. Skular som lykkast i arbeidet mot mobbing, har eit systematisk arbeid, stødig leia av rektor, og utført av lærarane i klasseromet og i personalet.

To områder parallelt

Svaret på korleis lykkast er enkelt, men likevel så vanskeleg. Først og fremst må skular velje effektive tiltak. I tillegg må tiltaka implementerast på ein måte som gjer at dei gir mindre mobbing. Her ligg hovudutfordringa. Det kan høyrest greitt ut, men meir enn tretti års arbeid mot mobbing viser at mange skular har feila på begge områda. Ein vel tiltak som ikkje verkar, og/eller tiltaka vert ikkje sett i verk på ein måte som gjer at dei kan gi resultat. Skal arbeidet mot mobbing lykkast, må ein arbeide med begge desse områda parallelt.

God klasseleiing

Læraren har ei nøkkelrolle i arbeidet. I kraft av å vere leiar i klassa er læraren den som, normalt, har den tettaste relasjonen til elevane. Læraren er i posisjon til å førebygge, avdekke og stoppe mobbing. Læraren har stor innverknad på kva verdiar, normer og åtferd som pregar læringsmiljøet i klassa. Er norma at mobbing ikkje er akseptabel åtferd, gir mobbing ikkje den gevinsten elevar som utset andre for mobbing ofte er ute etter. Mobbing løner seg ikkje.

Læraren si sentrale rolle i utvikling av gode læringsmiljø er tydeleg både i nasjonal og internasjonal forsking. Det er då urovekkande at elevar som utset andre for mobbing opplever svakare klasseleiing frå lærarane enn medelevane, slik førebels resultat frå forskingsprosjektet CIESL tyder på. Elevar som vert utsett for mobbing opplever òg svakare klasseleiing enn medelevane. Dette gir særleg grunn til uro ettersom tidligare studiar tyder på at lærarar ofte er ukjent med mobbing som føregår på skulen og at lærar har vanskar med å skilje mellom mobbing og konfliktar. Elevar som har lite tillit til lærarane kan vegre å rapportere om mobbing dei vert utsett for. Samstundes vil lærarar ha svakare autoritet i høve til elevar som utset andre for mobbing enn om elevane hadde større tillit til lærarane. Resultata tyder såleis på at lærarar vil streve meir med å førebygge, identifisere og stoppe mobbing, enn om relasjonen til elevar som mobbar var betre.

Læraren ikkje åleine om ansvaret

Læraren er nøkkelen i arbeidet mot mobbing, men det inneber ikkje at læraren skal bere ansvaret åleine. Langt i frå. Ein studie frå Læringsmiljøsenteret viser derimot at skular har svært ulike føresetnadar for å lykkast i arbeidet mot mobbing. Mange skular har eit svært godt førebyggande arbeid mot mobbing og tek tak i mobbing straks det oppstår. Men variasjonen i arbeidet mot mobbing er stor mellom skular. Det er urovekkande at skular der elevane rapporterer mest mobbing ser ut til å ha svakast føresetnadar for å lykkast med det systematiske, langsiktige, arbeidet som må til. Skal vi sette stoppar for mobbing krev det samstemt arbeid frå vaksne på alle nivå i skulen. Det viktigaste arbeidet i nysatsinga må settast inn mot skular med svakast føresetnadar for å lykkast i arbeidet mot mobbing.

Det er diverre ingen enkle, fancy løysingar i arbeidet mot mobbing.

Lykkast nysatsinga mot mobbing er det fordi alle vaksne i alle skular, landet over, saman gjer det nødvendige systematiske arbeidet for å stoppe mobbing. Dette er fundamentet som gir grunnlag til dømes for at tiltaka elevane gjennomfører kan gi resultat, eller som hindrar at straff av skular eller kommunar som ikkje lykkast er nødvendig. Læraren er nøkkelen i arbeidet, men læraren treng å vere del av eit effektivt lag. Mobbing får dårlege kår der tydelege og modige vaksne jobbar saman for eit mobbefritt skulemiljø.

Ingen enkle løysingar

Ein føresetnad for å lykkast denne gongen er såleis samstent innsats av ekspertar på alle nivå i skulen: tilsette i skular, skuleeigarar, byråkratar og forskarar. Det systematiske arbeidet må omfatte tiltak forsking har vist gir resultat, og ein må parallelt arbeidet med tiltaka på ein måte som gjer at dei kan reduserer mobbing. Det er diverre ingen enkle, fancy løysingar i arbeidet mot mobbing.

Les også:

Les også

Hvor mange liv må gå tapt?

Publisert: