James Bond som kvinne? Ja, takk

KOMMENTAR: Serien om den sjarmfulle agenten treng fornying.

Publisert: Publisert:

Foto: EON Productions

  • Mikkjell Lønning
    Journalist

James Bond har sidan 1953 vore med oss som ein av dei fremste figurane innan popkulturen. Gjennom 14 bøker og 24 offisielle filmar er agenten, med lisens til å drepe og sjarm til å forføre, nesten ein sjanger for seg sjølv. Blandinga av den tørre humoren, det skeive smilet og gentleman-koden er blitt til eit moderne stilikon.

Med ein martini i handa – rista, ikkje rørt – og ein lyddempa pistol på hofta, er Bond erkedøme på den britiske overklassens «stiff upper lip». Millionar av fans sluker dei nye filmane når dei kjem ut, og har gjort at også skodespelarane er blitt ikoniske.

Les også

Reagerer kraftig på nyheten om kvinnelig 007-agent: – Det er helt på trynet

Kvinneleg 007

Dei siste åra har det vore ein drøss med rykte rundt kven som skal ta over for Daniel Craig, der spesielt Idris Elba har vore ein favoritt til å plukke opp martiniglaset. Det at ei svart kvinne antakeleg får rolla som Agent 007, er difor særs kontroversielt.

Den britiske skodespelarinna Lashana Lynch, blant anna kjend frå årsferske Captain Marvel, skal, ifølgje Dailymail, bli den romantiske interessa til James Bond etter at agenten har pensjonert seg. Lynch skal visstnok ha 007-lisensen i begynninga av filmen, før Bond blir dratt ut av pensjonstilværa av Felix Leiter.

Det er altså ikkje såpass dramatisk at ho erstattar Craig fullstendig, men me skal ikkje sjå vekk frå at Lynch kan ende opp med hovudrolla i filmen etter Bond 25.

Lashana Lynch har rolla som 007 i Bond 25. Frå venstre: Léa Seydoux, Ana de Armas, Daniel Craig, Naomie Harris og Lashana Lynch. Foto: GILBERT BELLAMY, REUTERS / NTB SCANPIX

Det må òg påpeikast at dette førebels berre er eit rykte.

John Berge, redaktøren for JamesBond.no, reagerer sterkt.

– Personleg syns eg det er heilt patetisk – idioti. Det er altfor politisk korrekt i ei krenkingsverd delux, der du knapt kan seie noko som helst. Det er heilt på trynet, eg mislikar dette sterkt, seier han.

No verkar det strengt tatt som Berge er den som er krenka her, og ikkje motsett, men meiningane hans speglar likevel ein stor del av fanskaren til James Bond.

Me treng mangfald

For det er ingen tvil om at filmverda er i endring. Politikk har fått ei meir synleg rolle i film, gjennom auka fokus på representativitet. Men no er teknisk sett ikkje det nytt, heller. Tidene har alltid endra seg. Det er naivt å forvente at me skal kunne halde på dei same verdiane heile tida, og konservere nokre etablerte sanningar over alt anna.

Når det kjem til popkultur, er folk beskyttande ovanfor det dei likar. Det har eg merka spesielt godt som spelkritikar for blekker som Filmpolitiet, Gamer.no og Aftenbladet. Er eg i overkant negativ til noko folk har eit forhold til, så reagerer dei på det. Og det har dei sjølvsagt lov til. Interessene våre er subjektive. Men nokre gongar må me gi slepp på det me tar som gitt, slik at ting får rom til å utvikle seg.

Bond kjem framleis til å vere ein skjørtejeger, men at bodskapen blir tilpassa litt til desse #metoo-tider verkar naturleg. Figuren har uansett endra seg radikalt over åra. Dei eldre filmane, sjølv Pierce Brosnan sitt portrett av Bond, er jo reine barnefilmane samanlikna med dei meir actionpakka og gladvaldelege filmane til Craig. Hadde ikkje desse endringane skjedd, ville me nok gått lei etter kvart. Dei sikrar at nye generasjonar av Bond kjem som eit friskt pust.

Det er òg vanskeleg for oss som (stort sett) kvite menn å reflektere over kva representativitet betyr for andre. Me har alltid kunne kjend oss igjen i rollefigurane frå filmar, bøker, spel og fjernsyn. At filmindustrien vil begynne å bryte med dette vil verke framandgjerande for nokon, men det er verkeleg på tide. Det er akkurat like mange kvinner som menn her på planeten, og det er langt fleire med andre hudfargar enn kvit. Dei må få noko dei kan kjenne seg igjen i, dei òg.

Mangfald er noko me bør trakte etter. Ikkje berre fordi fleire får nokon å relatere til, men rett og slett fordi det krydrar til opplevinga.

Les også

#NotMyAriel: Svart skuespillerinne blir Ariel i ny versjon av Havfruen

Kreativ risiko

Problemet for mange er sjølvsagt at dette bryt med kjeldematerialet. Bond har alltid vore ein kvit mann i 30–40-åra. Det var slik Ian Fleming såg for seg at han skulle vere, og det er slik filmane har vist han fram. Slik er han vel framleis òg, i og med at Lynch berre tar agentnummeret, og ikkje namnet.

Men med snart 25 filmar er det på tide at serien går i ei ny retning. Det som først og fremst betyr noko er kvaliteten på manus, på kinematografi, på action – på filmen som produkt. Den førre Bond-filmen, Spectre, var ikkje akkurat nokon innartiar der. Det var ei ganske så middelmåtig oppleving, som kunne hatt godt av nokre solide endringar her og der. At me kanskje får ei kvinne i hovudrolla i film 26, er spanande. Me bør heller ønskje det velkomen som noko nytt og friskt, noko som kan overraske oss.

Det å døme ein film før me har sett den er uansett ganske tankelaust. Ein ny 007-agent kan bli nok til å løfte serien til gamle høgder, eller det kan bli ein fiasko. Det veit me ikkje før me ser den. Men i ein filmindustri der dei same gamle seriane blir resirkulert om og om igjen, er det kjekt å sjå at nokon har tæl nok til å ta ein risiko her og der. Hollywood har ein tendens til å sette seg fast i eigne bobler. Av og til må me stikke litt i desse.

Publisert:

Les også

  1. Dette er sommerens storfilmer på kino

  2. Heftig når lesehes­tene finner festen

  1. James Bond
  2. Film
  3. Daniel Craig
  4. Pierce Brosnan