Islam og toleranse før og no

Er islam er ein spesielt tolerant eller ein reint intolerant religion. Noen minner om at islam har dødsstraff for å forlate religionen, mens andre peiker på fred og sameksistens mellom religionsgruppene. Kven har rett?

Publisert: Publisert:

Den eldgamle, jødiske gravlunden i Oujda i Marokko er eitt av mange eksempel på at folk frå andre religionar har levd fredeleg saman med muslimar. Foto: Wikipedia Commons

  • Knut S. Vikør
    Professor ved Universitetet i Bergen, forskar på Midtausten og Afrika

file62ewcr6qccykb4p4f1.jpg

Det kjem naturligvis på kva ein meiner med "tolerant" og kva tidsrom ein snakkar om. Middelaldersamfunnet hadde jo ikkje noe begrep om religionsfridom og demokratiske rettar, etter dagens mål ville alle falle gjennom. Men, sett ut frå si samtid, korleis hadde dei som ikkje følgde fleirtalets religion det i middelalderens muslimske samfunn? Og kva kan det fortelje oss i dag?I teologien skilte dei fleste monoteistar mellom to grupper, "oss" (med rett tru) og "dei andre" (vantru). Islam hadde tre grupper, "oss", "nesten-oss", og "vantru". Det var bakt inn i sjølve religionen, i Koranen og dei heilage skrifter, at det var mulig å ha eit forhold til Gud sjølv for dei som hadde misforstått Hans bodskap. Det budde jødar og andre mindretallsgrupper både i kristne og muslimske land, men islam hadde rom for dei i teologien. Dei ville nok betale sin pris i Helvete etter dommedag, men fram til da stod dei under sultanens beskyttelse, dhimmi. Berre når dei tok til våpen mot muslimane, skulle dei bekjempast.

Berre når dei tok til våpen mot muslimane, skulle dei bekjempast.

Under sultanens vern

Forskjellen var altså politisk: Dei kristne som budde innanfor det muslimske samfunnet, hadde sin plass der. Dei som stod utanfor hadde to muligheiter: Anten var dei i krig med muslimane, og mot dei skulle ein føre jihad, eller så hadde dei slutta fred.

I islam si første tid var dei i krig med alle naboar, så det dominerer i Koran-teksten, men snart stabiliserte forholda seg mellom kristne og muslimske fyrstar, og handelsmenn og andre reiste mellom landa. Desse besøkande stod ikkje under dhimmi-reglane, dei stod under sultanens vern i bytte mot at muslimske handelsmenn i det kristne landet var beskytta av den kristne fyrsten.

Indre sjølvstyre

Pragmatismen kom altså til å gjelde. Under dhimmi-systemet hadde kvar religiøse gruppe indre sjølvstyre; dei budde i hovudsak i eigne bydelar eller landsbyar og styrte seg sjølve etter sine lovreglar, til vanlig med kyrkja eller rabbien som domstol og dommar, og ikkje etter muslimanes shari’a, og dei hadde rettar muslimen ikkje hadde (som til å drikke vin). Berre konfliktar mellom ein kristen og ein muslim (eller to kristne frå ulike kyrkjesamfunn) skulle dømmas i den muslimske domstolen. Slik var det nok også i større byar. Men i mindre byar ser det ikkje ut til at ein tok så mye omsyn til slike skilje. Det var berre ein domstol i byen, og alle gjekk til den, anten dei var frå den eine eller andre religionen. I handel og vandel var det heller ikkje større forskjell på rettsreglane enn at to kristne handelsmenn godt kunne la ein muslimsk dommar avgjere ein krangel mellom dei.

Ein fann som oftast ein balanse som fungerte.

Denne relativt avslappa haldninga finn vi i ennå større grad mellom dei ulike muslimske retningane. Vi finn i islamsk historie nesten ikkje "religionskrigar" slik som herja Europa i mellomalder og seinare. Skiljet mellom dei to hovudretningane, sunni— og shia-islam, festna seg rundt 1000-tallet, og det var krigar mellom sultanar eller kalifar som knytte seg til den eine eller andre retninga. Men dette var dynastistridar som ikkje vedkom dei truande flest, og etter kvart fortsette dei som reine maktkampar mellom ulike sultanslekter som alle knytte seg til fleirtalsretninga sunni-islam, utan at teologien spilte inn.

Islam var makta sin religion

Dette er hovudtrekka; ein fann som oftast ein balanse som fungerte. Men det betyr ikkje at muslimar, jødar og kristne stod likt, eller at dei hadde noe vi kan kalle religionsfridom. For det første var islam makta sin religion, og pragmatismen var basert på at dei andre aksepterte at dei hadde ei underlegen stilling. Dersom det vart for likt mellom gruppene, gav det alltid grunnlag for religiøse reformrørsler til å reise protestar og opprør: Dei vantru kjente ikkje lenger sin plass, sultanen hadde latt dei få innpass ved hoffet, og dei hadde fått lov til å bygge nye fine kyrkjer og synagoger. Det var ikkje rett, islam si makt måtte synas! Resultatet kunne bli angrep frå mobben og i verste fall fordriving eller reine pogromar.

Avgrensa sosial mobilitet

Vel så viktig er at dette var eit fastlåst system. Du var født inn i ei religiøs gruppe, og måtte bli der. Du kunne konvertere frå kristen til muslim (men mista då kontakt med din familie og det nettverket du kanskje trong der), men knapt nok det og iallfall ikkje motsatt veg. Sosial mobilitet var svært avgrensa, ein rik kristen familie kunne nok komme seg fram gjennom sin rikdom, men berre så langt, det kristne ville alltid vere eit stengsel.

Men dette gjaldt ikkje berre religionen, men samfunnet i det heile: Du var også født inn i ein landsby, i ein klasse, i ei etnisk gruppe. Noen hadde muligheiter for "klassereise" gjennom suksess på slagmarka eller ved å vise lærdom i moskeen (dersom ein var muslim), men for dei aller fleste var det ikkje til å drøyme om. Dei religiøse skilja var del av heile dette rigide byggverket.

Må rive seg laus frå standsvesenet

Det som dermed er lærdommen for i dag, er å kunne plassere desse religiøse ideane om religiøse skilje inn i si samtid. Samfunnet i dag er prega av stor muligheit for kvar å skape seg sin ein veg, uavhengig av stand og klasse. Da må også religionane finne vegen til å rive seg laus frå standsvesenet, elles blir dei stengsler ståande att åleine, og det som i si samtid var ein pragmatisk måte å organisere eit fleir-religiøst samfunn, blir frose fast til skilje som verkar evige, og ikkje forma av tida.

Publisert: