Høgre stel frå Ap og Frp

Aldri har det vore fleire Høgre-folk i Rogaland enn i dag. 37,8 prosent er det høgaste talet partiet nokon gong har notert i fylket, i val eller på meiningsmåling.

Publisert: Publisert:

mandatfordeling september 2012.pdf

  • Tom Hetland
    Politisk kommentator
iconDenne artikkelen er over syv år gammel

KOMMENTAR: Veksten for partiet er så sterk at mange, både i og utanfor partiet, lurer på om dette kan halda fram til valdagen om eit år. Det kan ikkje denne målinga gi svar på. Derimot kan bakgrunnstala fortelja ein god del om korleis veljarane i Rogaland rører på seg akkurat nå.

Tom Hetland, kommentator.

For det første: Det har vore svært sprikande utslag på nasjonale målingar dei siste månadene. Spesielt gjeld det i forholdet mellom Høgre og Frp. Vår måling viser også at det er desse to partia som viser størst endringar sidan sist måling i mars: Høgre går opp med 5,3 prosentpoeng, Frp ned med 2,9.Litt meiningsmålingsteknikk: 800 personar er spurde. Resultatet er justert, "vekta", i forhold til kjønns— og alderssamansetninga i befolkninga og i forhold til kva dei spurde oppgir at dei stemte ved kommunevalet i fjor. På den måten sikrar ein at utvalet blir mest mogleg representativt.

På vår måling endrar vektinga lite. I utgangspunktet har instituttet, Respons, treft 29,5 prosent Høgre-folk, 11,3 Frp-arar og 20,3 prosent Ap-veljarar. Dersom me trekkjer frå dei vel 20 prosent som er usikre, er fordelinga i råmaterialet nokså lik det endelege barometeret, og i alle fall innanfor dei statistiske feilmarginane på pluss/minus 2-3,5 prosentpoeng.

Meir interessant er det å sjå på endringane sidan kommunevalet, sjølv om ein her må ha i mente at tala for kvart enkelt parti er mindre og dermed meir usikre.

Når det gjeld Høgre, har partiet for det første ein uvanleg høg stabilitet. Heile 84 prosent av fjorårsveljarane i Rogaland seier at dei vil stemma Høgre igjen. I tillegg får Høgre netto tilsig frå alle parti utanom SV og Raudt.

Størst overgang er det frå Ap og Frp. Cirka 14 prosent av 2011-veljarane til desse to partia vil nå stemma Høgre. Det vil seia at kvar tiande Høgre-veljar i dag stemte Ap ved lokalvalet i fjor. Enkelte går også motsett veg, men dei er langt færre.

Svært få (7 prosent) av Høgre-veljarane frå i fjor er i veit ikkje-gruppa. Det tyder normalt at potensialet for yttarlegare mobilisering er ganske lite. Høgre er sannsynlegvis nå på eit nivå som er heilt på grensa av kva partiet kan håpa å oppnå ved valet neste år.

For Arbeidarpartiet er situasjonen motsett. Heile 18 prosent av fjorårsveljarane til partiet har sett seg på gjerdet. I tillegg kjem avgangen til Høgre og andre parti, slik at bare 60 prosent av Ap-veljarane frå i fjor er trufaste mot partiet.

Likevel, interessant nok er Ap så vidt større enn Høgre blant dei som ikkje stemte i fjor. Ap gjer det vanlegvis betre i stortingsval, der valdeltakinga er høgare, enn i lokalval. Alt i alt tyder dette på at Ap har mykje å vinna dersom partiet gjer ein god valkamp.

Framstegspartiet er i ei mellomstilling. 68 prosent av 2011-veljarane held fast ved partiet, 13 prosent har sett seg på gjerdet. Bortsett frå avgangen til Høgre er det lite utveksling med andre parti, og potensialet blant heimesitjarane er om lag som oppslutninga om partiet skulle tilseia. Frp ligg truleg nå på eit stabilt grunnfjell, og nøkkelen til vekst ligg først og fremst i å få tilbake fråfalne frå Høgre.

For dei mindre partia er tala svært usikre, men både SV og Sp utmerkar seg med svært låg stabilitet. Berre om lag halvparten av 2011-veljarane er trufaste. Sp har kvar fjerde fjorårsveljar sitjande på gjerdet, SV kvar sjette. Begge taper dessutan veljarar til Ap.

Venstre har ein stabilitet på 65 prosent og KrF 73 prosent. Utvekslinga med andre parti viser ingen klar tendens.

Målinga viser som vanleg at dei blå partia står sterkast blant menn. Av heile utvalet er det 32 prosent av mennene som vil stemma Høgre, 15 prosent Frp. For kvinnene er tilsvarande tal 27 og 8 prosent. 26 prosent av kvinnene er usikre, mot 18 prosent av mennene.

Høgre står ikkje så sterkt blant dei yngste. Partiet får 18 prosent i gruppa under 30 år, mot 36 prosent blant 30-44-åringane. Men ingen parti markerer seg som typiske ungdomsparti. Dei yngre er først og fremst meir usikre enn dei andre aldersgruppene.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. 18-åring mistet lappen etter å ha kjørt i 131 km/t på Motorveien

  2. Vil kaste Bandidos ut fra hus i Hillevåg

  3. Turistforeningen fra­råder populær tur ved Lysefjorden

  4. Kjørelærer: – Mange må vente for lenge på å få kjørt opp. Nye bestillingsregler bidrar til kaos

  5. De lo av den trange T-skjorten og den enorme pyjamasbuksen

  6. Med to ord fikk han en samlet norsk samfunns­elite til å innse korona-alvoret