Kor blått er Norge?

Erna Solberg kan jubla igjen. 37,9 prosent er eit av dei beste resultata Høgre nokon gong har hatt på ei landsomfattande meiningsmåling.

Publisert: Publisert:

Kor mykje større er Erna enn Siv? Dagens meiningsmåling frå Respons viser igjen klart blå-blått fleirtal, men meiningsmålingane gir ikkje eit sikkert svar på styrkeforholdet mellom Høgre og Frp. Foto: Åserud, Lise

  • Tom Hetland
    Politisk kommentator
iconDenne artikkelen er over syv år gammel

Det er også 2,7 prosentpoeng betre enn februarmålinga frå Respons. Mens andre målingar i mars kunne tyda på at høgrevinden hadde løya litt, er det ingen teikn til det på dagens barometer.

Høgre går også fram meir enn Frp går tilbake. Nettogevinsten for dei blå-blå er 1,9 prosentpoeng sidan februar. Den store taparen er Arbeidarpartiet, som går tilbake med 2,6 prosentpoeng sidan februar og er distansert av Høgre med over 11 prosentpoeng.

Av småpartia går Venstre og KrF tilbake, SV og Sp fram. Alle endringane er innanfor feilmarginane. Alle småpartia er nå over sperregrensa, men berre Venstre ligg an til å gjera eit betre val enn i 2009. Slik er hovudbildet. Men dagens måling illustrerer også det som er eit vedvarande mysterium: Korleis kan tala, spesielt for Frp, variera så enormt frå måling til måling?

Avvik

Onsdag publiserte NRK ei måling frå Norstat som gav Frp 20,4 prosent og Høgre 32,0. I dagens Respons-måling får Frp berre 11,7 og Høgre 37,9 prosent. Avviket er større enn dei statistiske feilmarginane.

Forklaringa ligg sannsynlegvis i ulik vekting. Meiningsmålarane kan aldri vera sikre på å få eit representativt utval, sjølv når dei ringer opptil 1000 veljarar. Derfor stiller dei kontrollspørsmål om kva intervjuobjektet stemte sist, og justerer så tala etter det.

Dagens måling viser problemet tydeleg. Intervjuarane har funne 70 personar som opplyser at dei stemte Frp i 2011, 71 som stemte Venstre og 73 som valde SV. I realiteten hadde Frp like stor oppslutning i 2011 som SV og Venstre til saman. Dermed tyder alt på at Frp er underrepresentert i utvalet i utgangspunktet, og talet på dei som seier dei vil stemma Frp ved neste stortingsval må altså "vektast opp", mens SV og Venstre er overrepresenterte og må justerast ned.

Norstat og dei fleste andre meiningsmålingsinstitutta spør derimot ikkje om valet i 2011, men om kva intervjuobjekta stemte ved stortingsvalet i 2009. Då gjorde Frp det svært godt. Men folk har ein tendens til å gløyma, og risikoen er at ein del i staden svarar kva dei stemte i 2011, då mange forlet Frp til fordel for særleg Høgre. Dermed blir det tilsynelatande for få Frp-arar i utvalet, og Frp får for stor gevinst av vektinga.

På vår måling har intervjuarane funne 8 prosent Frp-arar, 30 prosent Høgre-folk og 22 prosent Ap-veljarar før "veit ikkje"-gruppa er trekt frå og vektinga utført. Med ei slik fordeling verkar det statistisk ganske usannsynleg at Frp for tida skulle ha ei oppslutning på opp mot 20 prosent.

Styrkeforhold Høgre/Frp

Styrkeforholdet mellom Høgre og Frp på målingane har meir enn teoretisk interesse. Det kan bli avgjerande for samarbeidsentusiasmen på borgarleg side, og for kor truverdig det vil vera om dei raud-grøne bruker Frp-skremslet i valkampen.

Bakgrunnstala viser elles at Høgre ikkje uventa utmerkar seg med dei klart mest trufaste veljarane. 83 prosent av Høgre-veljarane frå 2011 vil stemma på partiet igjen til hausten. Tilsvarande tal for dei andre partia er 68 prosent for KrF, 62 prosent for Ap, Frp og Sp, 57 prosent for SV og 52 prosent for Venstre.

Til gjengjeld utmerkar SV og Venstre seg med flest usikre sympatisørar. Ein av fem av 2011-veljarane til desse partia har sett seg på gjerdet.

Ser me på direkte overgangar mellom partia, så vil kvar femte Frp-veljar og kvar sjette Ap-veljar frå 2011 nå stemma Høgre. Sjølv om nokre også går motsett veg, er nettotilsiget til Høgre stort. Det indikerer at Høgre-framgangen er vel fundert. Veljarar som har skifta parti, er vanskelegare å få tilbake enn dei som berre har gått til veit ikkje-gruppa.

  1. 1503Partibarometer.pdf Foto: Svein Eide

  2. 1503mandater.pdf Foto: Svein Eide

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Folk på byen har allerede endret drikkevaner

  2. Her blir det nytt kjøpesenter og sykehus

  3. Gunnar Eiterjord slutter som sjef for Rogfast

  4. Leteaksjon etter mann (63)

  5. Nattklubbene i Stavanger og Sandnes får åpne klokken 20

  6. Sjekk alle tiltakene: Innfører forbud mot skjenking av alkohol etter midnatt