Godt val!

Året framfor oss er eit valår, men det tek me gjerne litt på sikt. Vala du lever ut nettopp i dag, derimot, er langt viktigare for korleis din neste fireårsperiode lokalt skal bli.

Publisert: Publisert:

Eigentleg er det valår kvar dag. Vi har alltid eit val, sjølv når uheldige omstende kan stå bak når noko går gale.

  • Sofie Braut
    Lektor og skribent

Fem siste i Liv og levebrød-serien

DESEMBER ER MEIR EIN TILSTAND enn ei tid når ein er tilknytt skuleverket. Heildagsprøvar i norsk og engelsk stablar seg raskt opp, omfangsrike elevtekstar skal ikkje berre lesast og karaktersetjast. Som dedikert lærar skal ein også lesa dei med romsleg porsjonert varme og engasjert entusiasme. Det kan vera fort gjort å mista lærardraumen av syne når lærargjerninga brått viser seg å ha både kvelds- og nattskift. Du har sikkert høyrt ein lærar nær deg sukka over «rettebunkene» no i desember, harmlaust i grunn, men blir det eit jamt kvernande omkvede, bør ein spørja kvifor dei har valt dette yrket. I den elevfrie skulen trengst som kjent ikkje læraren heller.

ELEVEN HAR GJERNE sitt å stri med: Desember dukkar opp, men før det vert gåver og graut er det prøvar, tentamenar, høyringar og prosjektpresentasjonar. Det stig som eit kollektivt «Seriøst? Why me?» opp frå dei tusen pultar. Kanskje ikkje så rart, ettersom dei skal vurderast opp og ned og karakterane skal setjast, men likevel. Dei bør vita kva dei er med på. I slutten av tenåra og på vaksenlivets rand bør dei vel ha sett seg inn i dei aktuelle læreplanane? Utan å opphøgja sjølvplaging til ein universalgrammatikk for livet: Av og til må ein lærar minna elevane om at når ein er komen til vidaregåande, så har ein faktisk valt å vera der!

Det stig som eit kollektivt «Seriøst? Why me?» opp frå dei tusen pultar.

KORLEIS EIN STILLER SEG TIL dei ulike tilstandane livet byr på er som regel langt meir interessant enn å dokumentera dei faktiske omstenda. Eg var nyleg på eit seminar der spesialist i psykiatri og indremedisin Ingvard Wilhelmsen presenterte tankevekkjande innspel om det å sjå seg sjølv som eit veljande menneske. Ein treng slett ikkje gå til elevane for å finna grunn til å minna om at me må ta ansvar for vala me tek. Mot slutten av seminaret påpeikte Wilhelmsen nettopp dette: at det er noko djupt allmennmenneskeleg ved det å peika mot ytre omstende som forklaring når livet køyrer seg inn i eit ugreitt spor. Då kan det nærast oppfattast klandrande å trekkja inn at ein som menneske har mange val, uansett korleis livet måtte utfalda seg. At vala ikkje styrer det som måtte inntreffa til ei kvar tid, er sjølvsagt. Men gjennom val avgjer me kva som dominerer kvardagen vår, og kor stor rolle ein skal tillegga dei ulike hendingane som inntreff. Som eit offer for ytre omstende, derimot, oppfyller ein berre naturlovenes uklare arbeidsinstruks. Slik kan offerrolla verta som eit ikkje-val, noko som berre hender meg.

Wilhelmsen fekk sjølv erfara kva livet kan ha av uventa situasjonar. Som 35-åring vart han lam frå livet og ned som resultat av ein uhyre sjeldan sjukdom. Ingen hadde reagert om han hadde klandra omstenda; ein brå og urettferdig sjukdom som sette eit krapt punktum for det livet han hadde sett seg ut. Men han valde annleis og avgjorde tidleg at han ville utforska livet med dei endra rammevilkåra. For all del, ingen kan ta frå oss retten til å sjå oss som offer for omstende som ikkje let seg kontrollera. Ein har også rett til å ta opp att for seg sjølv at livet er urettferdig; dét vert uansett stadfesta gong på gong. Det viktige er at eg kan velja å la vera å nytta meg av denne retten.

Kvifor handlar og reagerer me oftast som om det velordna og oversiktelege er ein rett me har og ikkje ei gåve me skal takka for?

JUL OG NYTTÅR ER HØGSESONG for livsrevisjon, det er då mange tenkjer gjennom korleis livet har vore, korleis det kan bli og kva ein drøymer om. Det er ein god skikk å stå slik på ein imaginær terskel. Målet treng ikkje vera ei endelaus rekkje med meir eller mindre realistiske punkt til forbetring. Kanskje heller revisjonsvilje er eit mål i seg sjølv? Å koma nærare livet ved å innsjå at eg har fleire val enn eg først oppfatta, inneber ei rikare livserfaring, men det kan sitja langt inne når me er sosialiserte inn i eit system som rissar inn i ryggmargsrefleksen ropet på staten, det offentlege, ordningar og skreddarsydde opplegg . Å seia at livet er uforutseieleg er om lag like interessant som å seia at telefonen er komen for å bli. Likevel, kvifor handlar og reagerer me oftast som om det velordna og oversiktelege er ein rett me har og ikkje ei gåve me skal takka for?

Publisert: