Då Rogaland vart Rogaland

KRONIKK: Kva hadde Rogaland vore om det ikkje eksisterte felles institusjonar for alle rogalendingar?

I 175 år har fylkeskommunen vore ein arena der rogalendingar har møttest til samarbeid og strid. Her fylkestinget samla til den årlege tingseta ein gong i 1950-åra. Biletet er teke utanfor den statlege bustaden til fylkesmann John Norem (nr. to frå høgre i fremste rekkje) i Munkehagen på Eiganes i Stavanger. Byane var på dette tidspunktet ikkje komne med i fylkeskommunen. (Foto frå «Rogaland fylkeskommunes historie», utlånt av Mona Kleppa.)
  • Yngve Flo
    Yngve Flo
    Historikar og forskar ved Uni Research Rokkansenteret i Bergen
Publisert: Publisert:
Dei årlege samkoma heime hjå fylkesmann Knut Norem og kona Thora Margrethe – som vi her ser servera kake – var populære blant tingmennene. I ein fylkespolitisk sfære som framleis var fullstendig mannsdominert, vart fru Norem våren 1952 titulert av Stavanger Aftenblad som fylkets fremste kvinne. Fylkesmannen, statens representant i fylka, var administrativ leiar for fylkeskommunen heilt fram til nyttår 1976. Foto (utlånt av Ellen Ravndal) er henta frå band nummer to av «Rogaland fylkeskommunes historie».
Fylkeskommunen har vore ein viktig aktør i samferdslepolitikken i Rogaland – og vegnemnda var frå gamalt av den «tyngste» fylkeskommunale nemnda, ved sidan av fylkesutvalet. På biletet ser vi Peder Skeie frå Avaldsnes og Gabriel Joa frå Sola lengst til venstre saman med andre medlemer i vegnemnda under ei synfaring ein gong i 1950-åra. Foto (utlånt av Ellen Ravndal) er henta frå band nummer to av Rogaland fylkeskommunes historie.
Frå nyttår 1964 vart fylkeskommunen omforma til eit felles organ for by og land. Her ser vi det nye, felles fylkestinget samla for fyrste gong. Ved podiet ser vi fylkesordførar Erling Larsson frå Sauda (med kjede), og to plassar til høgre: fylkesmann Paul Ingebretsen. Kvinnene er for fyrste gong representerte i fylkespolitikken. Me skimtar Martha Giil frå Haugesund i fyrste rekkje og Odlaug Kristiansen frå Stavanger i tredje rekkje. Biletet, frå Per Barkveds privatarkiv, er henta frå band to av «Rogaland fylkeskommunes historie».
Sidan starten i 1837–38 vart fylkestinget sett saman av representantar for dei einskilde kommunane. I 1975 vart fylkestinget for fyrste gong valt direkte. Her ser me Rogaland fylkesting samla til budsjettmøte i Atlantic Hall i Stavanger i 1977. Fylkesordførar Beint Bentesen (KrF) sit med ryggen til i midten, flankert av (t.v.) fylkesvaraordførar Lars Vaage (H) og fylkessekretær Per Sagård. Biletet er henta frå band to av «Rogaland fylkeskommunes historie».
Meir enn 128.000 rogalendingar røysta ved det fyrste fylkestingsvalet i 1975. Biletet er frå valvaka på Hotell Atlantic den 16. september 1975. Frå venstre studerer Andreas Helliesen (KrF), Lars Vaage (H) og Olav T. Laake (Ap) spent valresultata som tikkar inn. Vaage måtte ta til takke med vervet som fylkesvaraordførar dei to fyrste periodane med direkte val. Fyrst etter valet i 1983 lukkast han i å erobra ordførarkjeda. Biletet er henta frå band to av «Rogaland fylkeskommunes historie».
iconDenne artikkelen er over seks år gammel

Sjå det historiske biletgalleriet ved å klikke på biletet og så bla vidare.


  • Denne kronikken vart først publisert i oktober 2015.

Å vera rogalending handlar naturlegvis om noko meir enn å vera heimehøyrande i fylket. Å vera rogalending inneber å vera definert inn i eit fellesskap – eit fellesskap som einskilde vil ha eit distansert forhold til, men som for andre kan vera ein viktig del av identitet og sjølvoppfatning. Eg vil tippa at mange vil trekkja fram viktige fellestrekk i kultur, språk og mentalitet om dei vert bedne om å definere kjernen i det «rogalandske».

Dette fellesskapet har ikkje oppstått spontant og tilfeldig. I utgangspunktet er Rogaland noko så keisamt som ei statleg definert grunneining i det politisk-administrative systemet. Men dette er viktig nok. Det inneber at politiske og administrative institusjonar har vore etablerte med Rogaland som ramme, og at mange generasjonar av rogalendingar har møttest på dei same arenaer, til innbyrdes samarbeid og til innbyrdes strid.

I neste omgang har mange medieverksemder, lag og organisasjonar funne det naturleg å bruka fylkesgrensene som ei ramme kring verksemda si, noko som har medverka til å forsterka kjensla av Rogaland som eit fellesskap.

Viktig for sameining

Fylkeskommunen har vore den viktigaste arenaen for samhandling rogalendingar imellom i meir enn 175 år. Dette er eit organ som dei færraste opplever at dei har eit nært forhold til, men som like fullt har sett spor etter seg overalt i fylket, mellom anna i form av infrastruktur og offentlege institusjonar.

Av tobandsverket «Rogaland fylkeskommunes historie», som vert presentert under det nye fylkestingets fyrste samling i dag, går det klårt fram kor viktig denne institusjonen har vore for å sameina folket i Rogaland i kampen for felles interesser, innan viktige felt som skule, helse, samferdsle, næringspolitikk og kultur. Gjennom fylkespolitikken har folket i Rogaland heilt sidan 1837–38 hatt ein arena der dei har kunna lyfta blikket opp over kommunegrensene, i forpliktande samarbeid – eit samarbeid som også har vore viktig i møtet med sentrale styresmakter.

Langt inn i etterkrigstida eksisterte det to sjukehus i Stavanger; det fylkeskommunale Rogaland sjukehus (for bygdene) og det kommunale Stavanger sykehus (for byen).

Klårt skilte mellom by og bygd

Fylkeskommunen var frå starten av, i Rogaland som i andre fylke, eit reint bygdefellesskap. Dette var heilt i tråd med det som var tenkinga til langt inn på 1900-talet, nemleg at det fanst eit fundamentalt skilje mellom by og bygd, og at behovet for samarbeid «på tvers» av skiljet var så marginalt at det kunne løysast gjennom einskildavtalar. Men med auka mobilitet, og i takt med at det offentlege engasjementet auka i djupna og breidda vart skiljet meir og meir problematisk. Problema gjorde seg ekstra sterkt gjeldande i Rogaland, for ikkje nokon annan stad i Noreg budde det så mange byborgarar innan fylkets grenser som her (med unntak av dei reine byfylka Oslo og Bergen). I 1950-åra var 38 prosent av alle som budde i Rogaland heimehøyrande i by (s. 6, tab. 6), og dermed ikkje del av det fylkeskommunale fellesskapet.

Eitt utslag av at by og land kvar for seg «styrte med sitt», er at det til langt inn i etterkrigstida eksisterte to sjukehus i Stavanger; det fylkeskommunale Rogaland sjukehus (for bygdene) og det kommunale Stavanger sykehus (for byen). Den logiske og frå ein fagleg ståstad einaste forsvarlege løysinga – å slå desse sjukehusa saman – var lenge uråd, rett og slett fordi det ikkje fanst noka felles politisk-institusjonell ramme kring by— og bygderogalendingar. Dei formelle skilja mellom by og land var med på å forsterka dei reelle skilja. På bygdene vart til dømes ungdomen styrt med fast hand inn mot utdanningar som bondesamfunnet trengte, som jordbruks- eller husmorskular, medan nålauget var langt trongare for dei som satsa på industrien eller ein akademisk karriere.

Samling og ekspansjon

Året 1964 er eit vasskilje i historia om Rogaland fylkeskommune, og dermed også for folket som bur her. Om vi tillèt oss å vera litt svulstige, var dette året då Rogaland verkeleg vart Rogaland. Parallelt med at dei lenge førebudde endringane i kommuneinndelinga vart gjennomført, gjekk byane inn i fylkeskommunen (Bugge 1986, s. 69). Verdien av reforma kan knapt overdrivast. No når fylkestinget kunne sameina kreftene i by og bygd og utarbeida rasjonelle fellesløysingar, vart det i løpet av kort tid omskapt til ein arena for politisk entreprenørskap, for ambisjonar, vilje, nytenking og dristige initiativ. Ei ekspansjonstid utan like sette inn, kraftig inspirert frå statleg hald – særleg når det gjaldt sjukehusvesen og vidaregåande utdanning. Rogaland vart ein viktig næringspolitisk aktør, og det var avgjerande at by og land hadde føresetnader for å opptre samla då fylket utover i 1970-åra posisjonerte seg for å gripa fatt i mest mogleg av den oljerelaterte verksemda.

Tobandsverket «Rogaland fylkeskommunes historie» er publisert, med presentasjon i samband med det nye fylkestinget sitt første møte tysdag 21. oktober. Her band to, som dekkjer perioden frå og med den andre verdskrigen fram til våre dagar.

Kva så med kommunereforma? Trass resultata som er oppnådd, har fylkeskommunens eksistens lenge vore omstridd, i Rogaland og på landsbasis. Dei alternative løysingane sprikar, frå ein tonivåmodell (utan representativt organ på mellomnivå) til ein landsdelsmodell (med representative organ, men som då dekkjer langt større geografiske område). Desse løysingane har likevel det til felles at dei vil fjerna den viktigaste arenaen for samarbeid rogalendingar imellom. Vil det i tilfelle innebera at «Rogaland» etterkvart forvitrar som fellesskap – eller er «det rogalandske» så sterkt at det vil overleva utan slike arenaer?

Publisert:
  1. Rogaland
  2. Stavanger
  3. Historie

Mest lest akkurat nå

  1. Forsker Gunnveig Grødeland: – Omikron kan være veien ut av pandemien

  2. Strammer inn tirsdag: – Det blir tiltak vi vil merke i hverdagen vår

  3. Frykter du ny korona­bølge? Nå kommer FHI med glad­nyhet

  4. 14.000 lys skaper hjemmelaget julestemning i Sandnes

  5. Regjeringen framskynder tredje dose for alle over 45

  6. Viking klar for Europa: 30 millioner ligger i potten