Islam og kristendom historisk like

DEBATT: Islam er ein politiserande religion, mens kristendommen ikkje er det, hevdast det. I eit historisk lys er dette ikkje rett.

Publisert: Publisert:

«Klassisk islam liknar kanskje meir på den protestantiske ideen om kongen (kalifen) som truas verdslige overhode og beskyttar utan religiøs autoritet», skriv islam-ekspert Knut S. Vikør. Foto: Scanpix

  • Knut S. Vikør
    Professor ved Universitetet i Bergen, forskar på Midtausten og Afrika
iconDenne artikkelen er over fem år gammel

I EIT INTERESSANT INTERVJU i Bergens Tidende (9.3) tar biskop Halvor Nordhaug i Bjørgvin opp forskjellane mellom islam og kristendom. Han seier mellom anna: «Mens det i den kristne tradisjonen finnes et grunnleggende skille mellom religion og politikk, er islam en religion som har ambisjoner om å gjennomsyre hele samfunnet.»

  • Les intervjuet i BT: Strategi: Dialog

(krever innlogging)

Knut S. Vikør er professor ved Universitetet i Bergen og forskar på islam og Midtausten.

Dette kan gi grunnlag for nokre refleksjonar. Ein ting er distinksjonen mellom «tradisjonen» på den eine sida og at det på den andre er religionen i seg sjølv som er tillagt nokre ambisjonar. Men om vi ser på «tradisjon» eller historisk praksis for dei to, finn vi jo at det både i kristen og muslimsk historie har vore periodar og regionar der religionen har vore politisk og lagt grunnlag for statsstyre, og periodar der den ikkje har gjort det.Sett under eitt er ikkje historia til dei så ulik på det området.

DERIMOT ER DET NATURLIGVIS RETT at i formingsfasen var islam under Muhammad knytt til ei politisk statsdanning, mens dette ikkje var tilfellet for Jesus. Her er det likevel lett å sjå forskjellen ut frå den historiske situasjonen meir enn frå det religiøse innhaldet:

  • Jesus (og Paulus) levde i eit organisert romersk statssamfunn og kunne forme sin religiøse fellesskap innanfor dette.
  • Muhammad levde i eit statslaust samfunn der det var utenkelig å danne ein religiøs fellesskap utan samtidig å bli ein «stammeleiar» for sine tilhengarar. Islams regelverk og «politikk» kjem altså rett og slett av at Muhammad uventa fekk eit (politisk) ansvar for sin flokk. Sidan han ikkje var nokon stammeleiar ut frå slektskap, måtte han bygge dette regelverket på det gruppa hadde felles – og det var religionen.

UNDER MUHAMMAD var da også religion og politikk kopla ved at dei som slutta seg til han, naturlegvis måtte bli muslimar. Men straks han var død, skifta dette heilt om. Arabarane tok raskt styringa over eit rike som strakte seg frå Atlanterhavet til India. Men det var inga misjonerande erobring. Det var ikkje islam dei vil spreie, men arabisk makt.

Den katolske kristendommen hadde lenge eit tettare band mellom paven som religiøs leiar og statsleiar, enn islam tilsvarande nokon gong har hatt.

Islam var arabaranes religion, og dei nyerobra vart på ingen måte invitert inn i den fellesskapen, dei skulle berre betale skatt og godta dei nye herskarane. Det vart sett som ein uting om nokon ville konvertere, og det tok eit hundreår før ikkje-arabarar vart akseptert som «ekte muslimar». Til slutt måtte arabarane likevel godta det, men det tok ennå mange hundreår før muslimane kom i fleirtal i Midtausten.

Les også

Islam på norsk

SLIK VAR DET ALTSÅ klar forskjell på den politiske makta og på religiøs tilknyting. Og kalifen som styrte samfunnet, var ikkje ein religiøs leiar, alle hans forsøk på å påverke trusspørsmål vart slått tilbake av dei sjølvstendige lærde.

Slik sett hadde nok den katolske kristendommen lenge eit tettare band mellom paven som religiøs leiar og statsleiar, enn islam nokon gong har hatt. Klassisk islam liknar kanskje meir på den protestantiske ideen om kongen (kalifen) som truas verdslige overhode og beskyttar utan religiøs autoritet.Dei truande skal naturligvis, i begge religionane, leve i pakt med si tru. Men også i islam var det skilje mellom det private rom og det offentlige, og det var i det offentlige at det moralske regelverket skulle handhevast. Elles var det Gud som heldt auge og ville straffe på den yttarste dag.

BISKOP NORDHAUG noterer også at mens Jesus korrigerer den hebraiske Bibelen, så er det vanskeligare for ein muslim å seie at delar av Koranen er utdatert. Men strengt tatt er ikkje dette vanskelig i det heile. Dei fleste muslimske teologar ser at det er klare indre motsetningar i Koranen, og det blir forklart nettopp med at delar av Koranen vart utdatert i løpet av Muhammads profetgjerning («eit nyare vers erstattar eit eldre vers»). Men det er rett at det ikkje var menneske som i ettertid korrigerte Koranen, det er Koran som erstattar Koranen (slik Jesus korrigerte den hebraiske Bibelen).

Etter den tid er problemet for reformistar vel i grunnen det same i begge religionar: Om ein vil erkjenne at sjølv om openberringa (Jesus og Koranen) er guddommeleg, så er «lesinga» av ho menneskelig. Ja, sjølv om ein vil lese Koranen bokstaveleg, så må ein forstå orda i den arabiske teksten (derfor var språkvitskapen rekna som ein religiøs vitskap). Slik er også ei bokstavlig tolking ei tolking som kan utfordras og endrast utan at ein treng angripe sjølve teksta som guddommeleg openberring.

Les også

«Muslimar stort sett som andre i landet dei bur i»

VIKTIGARE ER LIKEVEL å hugse at openberringa har to former i islam, og at kunnskap om sunnaen, Profetens utsagn og handlingar, er vel så viktig. Ikkje berre muslimsk praksis, men også islamsk teologi bygger like mye, kanskje meir, på sunnaen enn på Koranen («sunnaen forklarer Koranen»). Og det ikkje vanskelig for ein muslimsk teolog å angripe dei enkelte profettradisjonane (hadithane) som sunnaen bygger på. Det meste av islamsk teologi gjennom hundreåra har nettopp dreia seg om kva hadithar ein legg til grunn og kva ein skal sjå bort frå.

Slik sett er det heller ikkje her så grunnleggande forskjellar i handlingsrom mellom religionane, når ein berre ser på korleis dei er oppbygde og kva historie dei har.

Islam-ekspert Knut S. Vikør er fast gjestekommentator på side 2 i Aftenbladet på tysdagar.

Les også:

Les også

Møtet med muslimen Issa og lærdommen fra det

Publisert:

Les også

  1. Kva er god religionskritikk?

Mest lest akkurat nå

  1. Vgs-elevene får komme tilbake på skolen onsdag

  2. Fond utbetaler 61 millioner kroner til Stavanger

  3. Arbeids­ulykke ved vindkraft­verk – mann satt fastklemt i bil

  4. Deler av branntomt totalskadd etter Mekjarvik-brann

  5. Bil truffet av steinmasser - mann til sykehus

  6. Viking har blitt et vinnerlag, men noe får Ingve Bøe til å «rive seg i håret»