Heilage dagar, heilage kyr

Etter lanseringa av Unge Venstres heilagdagsreform, har Sven Egil Omdal kalt meg for «en moderne utgave av Johann Friedrich Struensee». Det tek eg som ein stor kompliment.

Framstilling av avrettinga av Johann Friedrich Struensee på Østerfælled i København i april 1772. Livlegen og liberalaren hadde gått for langt og for fort.
  • Sveinung Rotevatn
    Klima-og miljøminister(V)
Publisert: Publisert:
sveinung rotevatn.jpg
iconDenne artikkelen er over ni år gammel

På sjølvaste 2. pinsedag, denne tradisjonsrike og viktige familiedagen der nordmenn kjem saman for å minnest at læresveinane mottok Den heilage ande, foreslo Unge Venstre å innføre ein rauddagskonto. Vi foreslår at dei åtte statlege heilagdagane gjerast om til fridagar som norske arbeidstakarar kan ta ut etter eige ønske. Då kan dei som vil feire 2. pinsedag på våren, gjere det; dei som vil feire Jom Kippúr på hausten, kan gjere det; dei som vil ha ein ekstra dag fri før jul, kan gjere det. Vi ser dette som eit naturleg steg for ein stat som ikkje lenger har ein offisiell religion, og som rommar eit stadig større mangfald av religionar, livssyn og tradisjonar. Les også Omdals kommentar: En Struensee for vår tid

Omdal er hjarteleg velkomen til Struensee-feiring 5. august – med eller utan statleg velsigning.

Kritikken mot forslaget har vore hard, slik den brukar å vere når nokon foreslår å endre noko som helst i dette landet. Sven Egil Omdal kritiserte forslaget i ein elegant og leseverdig kommentar i Stavanger Aftenblad laurdag 2. juni og samanliknar reformiveren min med den som vart utvist av Johann Friedrich Struensee på 1700-talet. Det er ei samanlikning eg lever usedvanleg godt med.

Johann Friedrich Struensee (1737–1772) var livlege for den sinnssjuke kong Christian VII, men erobra både styringa av landet og den engelskfødde dronning Caroline Mathilde.

Ein liberal reformatorStruensee var livlege for den sinnssjuke kong Christian VII, og var den reelle makthavaren i Danmark–Noreg i perioden 1770–1772. Livlegen var ein overbevist liberalar og sette sporenstreks i verk til dels svært radikale reformer – i tråd med idéane frå opplysningstida. Av reformene til Struensee kan nemnast avskaffing av dødsstraff for tjuveri, forbod mot tortur, avskaffing av bøter for graviditet utanfor ekteskap, avskaffing av merkantilisme i handelspolitikken til fordel for liberalisme, fjerning av monopol og importforbod, moglegheit for å ta doktorgrad ved universitetet utan å vere kristen og innføring av offentlege utnemningar etter kvalifikasjonar (og ikkje blått blod).

Struensees mest vidtrekkande reform var likevel trykkefridomslova av 17. september 1770. Den var – og er – verdas mest ytterleggåande lov om ytringsfridom. Alle kunne ganske enkelt skrive det dei ville, utan sensur. Ei tid etterpå vart lova likevel stramma inn noko, ettersom den utløyste et skred av krasse pamflettar om Struensees styre generelt, og hans usømmelegheiter med dronninga spesielt.

Her stoppar nok også likskapane mellom Struensee og underteikna. Dronning Sonja er rett nok ei flott dame, men noko gamalmodig og utdatert for meg. I likskap med institusjonen ho er ein del av. Men samanlikninga er for så vidt ei nyttig påminning om at Struensees reform om offentlege utnemningar på bakgrunn av kvalifikasjonar framleis ikkje er heilt i mål.

Ein liten bom

Omdal knyter i sin kommentar Struensee til Festdagsreduksjonen, der ein avskaffa statlege heilagdagar som Maria vitjingsdag, Kyndelsmesse og Mikkelsmess. Eg legg til grunn at skribenten er blant dei som den dag i dag kjenner saknet av desse heilagdagane på kroppen. Samanlikninga er elegant, men Omdal trår likevel feil – som så mange andre. Avgjerda om heilagdagsreduksjon vart nemleg teken og godkjent av kyrkja sjølv før maktovertakinga til Struensee, som berre stod for den offisielle godkjenninga av reforma.

Overkomeleg oppgåve

Vil det så vere eit stort problem om vi som samfunn forsøker oss på ei ny heilagdagsreform, slik Unge Venstre har foreslått? Omdal skyv småbedriftene framfor seg, noko som sjølvsagt gjer vondt for ein venstremann, og han teiknar eit dystert bilete av konsekvensane av å måtte innarbeide åtte valfrie fridagar i skiftplanen. Eg stiller meg likevel tvilande til kor uoverkomeleg denne oppgåva eigentleg blir. Allereie i dag har vi 25 valfrie feriedagar som vi tek ut i samarbeid med arbeidsgjevar, utan at samfunnet av den grunn bryt saman i forvirring og rotløyse.

Underleg nok vel dei aller fleste å ta ut desse feriedagane om sommaren – trass i at vi ikkje har ein einaste statleg heilagdag i desse månadane. Det seier noko om at tradisjonar kan oppstå og halde fram utan at staten velsignar dei med ei religiøs grunngjeving. Ja, kanskje er den enkelte familie og dei frivillige fellesskap i stand til å skape og ta vare på tradisjonar utan statens hjelp? Omdal har, slik eg les han, låg tiltru til sivilsamfunnet som tradisjonsberar, og usvikeleg tru på krafta i ein obligatorisk-luthersk statskalender.

Er det truleg at dei aller fleste vil ta ut mange av dei nye feriedagane rundt jule— og påsketider, og at bedrifter og skular vil velje å halde stengt då? Absolutt, slik tilfellet er for sommaren i dag. Men for somme familiar, og somme borgarar, kan det kanskje ha ein verdi å ta fri på andre tidspunkt, ja, kanskje til og med utan ei religiøs grunngjeving. Eg ser ikkje det store problemet med at storsamfunnet legg betre til rette for denne fleksibiliteten i lovverket, så langt det er praktisk mogleg.

Nokon må gå føre

Gregory Nunn sa ein gong: «A liberal is a man who is right most of the time, but he's right too soon». Det er mogleg Unge Venstres forslag om rauddagskonto fell i denne kategorien. Men for meg som liberalar, er det viktig og naturleg å gå føre og skissere reformer som uansett vil tvinge seg fram på eit eller anna tidspunkt. For som John Stuart Mill formulerte det: «Endå har ingenting blitt gjort uten at nokon har vore den første til å gjere det».

Ein eigen Struensee-dag?

Struensee gjorde mykje. Kanskje for mykje. I alle fall tok han livet av så mange heilage kyr, at han sjølv måtte bøte med livet til slutt. Men han var definitivt ein mann som gjekk føre, i rett retning, og som er verdt å minnast.

Kanskje burde vi hatt ein eigen festdag til minne om fødselen til ein modig og sann liberalar? Omdal er hjarteleg velkomen til Struensee-feiring 5. august – med eller utan statleg velsigning.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Nå stenger de Gamlingen igjen: – Veldig kjedelig

  2. Lagde sine første donuts hjemme i karantene. Det har blitt million­butikk

  3. Slik fikk Lars Berland helikopteret sitt hjem fra Guate­mala til Strandgata

  4. Politiet tror motor­sykkelen kjørte i bilen bak­fra

  5. Hun kan bli Stavangers neste ordfører: – Blir særlig viktig å prioritere de midlene vi har til rådig­het

  6. Båt med tre personer har trolig falt utfor foss i Hardanger