Då oljå kom til bedehuset

KRONIKK: Korleis møter kristenlivet moderniteten i Lykkeland?

«», skriv kyrkjehistorikar Joar Haga. Her frå innspelinga, frå venstre Malene Wadel («Toril»), Laila Goody («Randi»), Per Kjerstad («Fredrik»), Pia Tjelta («Ingrid») og Kim Atle Hansen «Bengt».
  • Joar Haga
    Kirkehistoriker
Publisert: Publisert:
icon
Denne artikkelen er over ett år gammel

Når ordførar Arne Rettedal vil gjera seg lekker ved å visa fram Stavanger som ein «moderne by i vekst» for industrikomiteen på Stortinget, vert han møtt med flir. På lysbiletet som avsluttar foredraget hans, lyser «Jesus er verdens lys». Og etter synfaringa på Hinnavågen seier ein av Oslofolka: «Men Arne, Stavanger er en bedehusby». Ein kunne ikkje byggja ein oljehovudstad mellom gudshus, med andre ord.

Lykkeland, NRK-serien som dramatiserer kva som skjedde då oljen fløymde inn over bedehusbyen Stavanger, har starta å senda den andre sesongen. Dei kulturradikale på Marienlyst likar å setje opp kristenliv i konflikt med modernitet. Men serien har ikkje berre eit einøygd syn på kristendom som ein motsetnad til modernitet og industriell utvikling. Ein forvitneleg scene på Atlantic hotell mellom tre av dei viktigaste kvinnene i serien kan stå som eit møte mellom tre ulike perspektiv på kristendom som karakteriserer Stavanger på denne tida, nemleg tradisjonskristendom (fru Nyman), vekkingskristendom (Randi) og ignorans (Anna). Desse typane kan stå som representantar for ulike økonomiske og kulturelle klassar.

Tradisjonskristendom

Fru Nyman, rederifruen, er representant for tradisjonell kristendom og gamle pengar. Ein slik kristendom blir tradert gjennom dåp, opplæring i skulen og tilslutning til kyrkjelege handlingar som bryllaup og gravferd. Eit sentralt motiv her er kristendom forstått som arv. Ho triller rundt på barnebarnet Marie og har bestilt dåpsfest på Atlantic.

I ein sober scene, fotografert på Kieslowski-aktig vis, reiser ho seg og fortel kor Mons kjøpte ølet.

Etter å ha treft Anna – som ein gong var trulova med Nyman sin son – og hennar problem med å få arbeid i oljen, der mannfolka rår, tek fru Nyman Anna med seg på champagnelunsj på hotellet. Medan dei sit der kjem hovmeisteren inn til bordet. Han kjem ikkje for å stadfesta menyen i dåpen, men for å overtale henne til å flytte selskapet til ein annan stad. Kor skal elles oljefolka bu og eta?, seier han. Då reiser ho seg: «Ser eg ud som om eg e på billigsalg?» spør fru Nyman – altså Pia Tjelta - den etter kvart litt forkomne hovmeisteren, og sjåarane tenker, nei, det gjer ho så menn ikkje!

I ein sober scene, fotografert på Kieslowski-aktig vis, reiser ho seg og fortel kor Mons kjøpte ølet. Mot den duse blågrå bakgrunnen er det nettopp representanten for dei gamle pengane og den statskyrkjelege arv, den raudkledde fru Nyman, som blottlegg den nye kapitalismen. Hotellfolka vil tena meir pengar ved å skyva bort dåpen og tradisjonen, og vil visa til omsorg for oljefolket. Samstundes er sjølve scenen også del av vaksenopplæringa. Fru Nyman viser Anna korleis ein skal handtera smålege profittynskje frå ein grådig handelsstand.

Men talen til fru Nyman er også eit forsvar for ein staseleg dåpsfest. Barnebarnet skal bli eitt med den Herre Jesus Kristus, ei trøyst i liv i død, slik ho hadde lært det i kristendomsopplæringa på skulen. Heilt fram til 1969 var nettopp skulen staden for trusopplæring for Den norske kyrkja. Dåpsfeiringa skulle nok vera ei framsyning av arv og velstand til Nyman-familien – eit sentralt element er at barnet skal få ein større aksjepost i reiarlaget –, men det blir også feira fordi dåp er viktig for fru Nyman. Kvifor skulle ein elles tilkalla presten når nyfødde barn er sjuke og skal døy?, spør ho retorisk i den seinare diskusjonen med Randi. Etter all oppstyret må reiarfrua ha ein konjakk for å runde av det heile. Den puritanske livsstilen er henne fjern, ho kan saktens innrømme at det religiøse engasjementet ikkje stikk så djupt, men det er likevel eit element ein ikkje berre kan fjerna, i alle fall ikkje utan vidare.

Vekkingskristendom

Etter diskusjonen med hovmeisteren, medan fru Nyman nok ein gong skålar med Anna, kjem Randi inn. Ho utstrålar eit klagemål over sine medmenneske berre ved sitt blotte nærvær. Randi har vore ei sentral bedehus-dame heilt sidan serien starta. Me såg henne syngja «Navnet Jesus» i fyrste sesongen, i ein fullsett Stavangeren, altså Betania, det tidlegare bedehuset til Lars Oftedal. Litt traurig var songen, rett nok, men det er då også poenget med figuren Randi. På meisterleg vis gjev Laila Goody figuren Randi ei sterk negativ kraft til å skapa dårleg samvit berre ved å visa seg. Ho gjev rett og slett småleg snerp eit andlet. Då dottera Toril vart gravid med ein amerikansk oljearbeidar med returbillett, freista Randi å få henne gift med ein solid kar frå bedehuset. «Han har gått med på å la seg føre opp som barnefar», seier ho. Ei slik form for arrangert ekteskap har nok blitt brukt for å dekka til eit seksualliv som ikkje svara til den offisielle instruksen. Frå ei side sett er det ei mor som freistar å sikre ein familie for barnebarnet, men inntrykket som festa seg var nok snarare eit uttrykk for kristeleg trongsyn. Det meste av det Randi føretek seg har den same eimen av livsfornekting ved seg, som då ho ikkje sleppte dottera og barnet inn frå nattekulden.

I Lykkeland er motivet brukt av dei kulturradikale serieskaparane og vendt mot pietistane sjølv.

Då det skjedde, og Randi avviste si eiga dotter av omsyn til den kristne moral, rydda serieskaparane plass til omsorg og hjartevarme frå fabrikksjef Ulriksen. Han tek seg av mor og born, og finn husrom til dei. Dette grepet i forteljinga kan ironisk nok også tolkast ut frå ein kjend religiøs modell. For ideen om at sann, medynksam kristendom kjem frå ytterkantane er det ikkje berre serieskaparane som har. Det er ei radikalpietistisk oppfinning, altså noko Randi sjølv antakeleg er fortruleg med. At dei rådande forvaltarane av kristendom undertrykte sann kristendom, ja, det framstilte radikalpietisten Gottfried Arnold allereie i si kyrkjehistorie frå 1699.

I Lykkeland er motivet brukt av dei kulturradikale serieskaparane og vendt mot pietistane sjølv. Bedehuset er nettopp ikkje staden for nestekjærleik, kan serien fortelja oss, for Randi søker sitt eige beste. Det er likevel eit viktig unntak frå framstillinga av bedehuset som ein stad for hykleri. Kristenlivet ber frukt, trass i kulturradikale fordommar, men då på ein litt underleg måte. Nyman jr. finn nemleg trøyst hjå den botferdige Toril, trass i si gudsfornekting. Den halvfulle rikmannsguten kjem nemleg inn då ho bed om tilgjeving for syndene sine i kveldsbøna, og han spør kva nåden eigentleg inneber for Toril. Svaret er ei litt banal oppramsing av småsynder, men ytringa har ein interessant verknad: Som den bortkomne sonen kjem Nyman jr. til seg sjølv og sannar synda si. Det var han som køyrde på faren hennar i fylla. Sjølv om han ikkje blir omvendt på klassisk bedehusvis, er han i kontakt med noko som Toril har, og dette bringar fram syndserkjenning også hjå han.

Når det gjeld seksuallivet er serien farga av kulturradikal Dagblad-mentalitet. Historisk sett var det nemleg pietistane som framheva personleg preferanse som avgjerande for ekteskapsinngåing. Mange pietistiske enker og enkemenn vil ikkje ein gong gifta seg om igjen, ettersom dei var sjeleleg forbundne med Den Eine. Verken praktiske omsyn eller foreldreplanar skulle styra dette. Det personlege valet var avgjerande, fordi det svarte til vektlegginga av personleg avgjerd i omvendinga.

Når det gjeld seksuallivet er serien farga av kulturradikal Dagblad-mentalitet.

Men tilbake til Atlantic. Randi reagerer ikkje berre på champagnen til fru Nyman. Hovudsaka er at ho ikkje vil at barnebarnet skal bli døypt. Ho er pinseven, viser det seg. Denne konfesjonelle markeringa kjem nokså overraskande på sjåarane, ettersom dei fleste referansane hos bedehusmiljøet i serien er til vekkingsrørslene i Den norske kyrkja. Bygningen er konsekvent kalla bedehuset, ikkje Zion, som var namnet på den bygninga som pinsevenene nytta då dei etablerte seg i Stavanger i 1916. Randi er fortvila over at dottera serverer vin på det gamle bedehuset. Dette er også overraskande, ettersom eit hovudpoeng i den radikale pietismen, som også dottera påpeiker, er å tone ned kyrkjebygget som heilag stad. Huset er summen av aktivitetar, det er den kyrkjelege aktiviteten som er viktig, ikkje eit kvilande altar. Randi vil gjerne at Marie skal veksa opp i denne aktiviteten, mellom flanellograf, kaker og symøte (!) på bedehuset, men ser barnedåp som ein trussel mot alt dette.

Ignorans

Anna går frå bordet då drøftinga om dåp og feiring tek til mellom fru Nyman og Randi. Ho er representant for den nye tida: Velutdanna, sjølvmedviten, delikat og tradisjonskritisk. Det religiøse livet har ikkje noko å seia for Anna. Tvert om.

I ei scene frå barndomsheimen då ho var forlova med Nyman jr. let ho foreldra på den vesle garden Hellevik i Dirdal få det glatte lag. Dei er skeptiske til klassereisa ho er i ferd med å realisera, ettersom dei er så ulike. Foreldra høyrer på at ho forklarer kor like dei er, mellom anna at dei begge «likar golf», som ho seier. Då vert det musestille i den vesle bondestova, dei gamle sit og gapar. Høyrer dei rett? Det renn over for Anna. Ho spør om det verkeleg er slik at dei vil stå imot at ho giftar seg med ein fabrikkeigarson berre fordi ho kjem frå ein «dritgard».

«Eg har reist til Stavanger, gått på gymnas og greidd meg sjølv», seier ho til dei gamle. Anna rettar klagemål mot foreldra, dei er altfor takknemlege, hevdar ho, og ser aksept av eigen lagnad som mangel på opprør. Det er ei fråsegn som rett nok ikkje blir forklart, men som representerer eit åtak på tradisjonen. Anna ser foreldra i eit kritisk lys. Frå hennar perspektiv har dei aldri kravd sin rett, slik dei burde, dei har snarare gått inn i den sosiale strukturen og akseptert sin lut ved å setja seg nedst ved bordet. Når garden skal seljast vil Anna få best mogleg pris for foreldra. Ho ser at dei tradisjonelle verdiane hindrar foreldra i å gjera ein god avtale. I ein samtale med Nyman sr. seier Anna at ho aldri har tenkt at pengane er viktig for å gifte seg med sonen. Ho tek seinare sjølv ansvar for dette, nemleg ved å studera økonomi ved Handelshøgskulen i Bergen.

Problema til Anna kan ikkje løysast med religiøse svar. Tvert imot er det den gamle kristne kulturen med på å halda oppe dei strukturelle rammene som hindrar henne i å få arbeid. Det er den kristne fortolkinga av å vera takksame som har haldt foreldra nede i armod. Til sist skapar religiøst liv problem i seg sjølv, - besteforeldre som kranglar om dåpen som skulle vera einskapssymbolet. Når Anna til sist får arbeid, er det snarare trass i den moralske tradisjonen ho sjølv har vore ein del av, enn på grunn av han.

Frå kaffikopp til champagneglas

Serien dramatiserer desse tre innstillingane til det religiøse livet. På fleire måtar er det eit vellukka grep. Samstundes er det vanskeleg å fri seg frå at serien har ei kulturradikal slagside. Det går hardast utover vekkingskristendomen, særskilt fordi karakteren har ein heilt eigenarta negativ energi, men også fordi den puritanske livsinnstillinga verkar så fjern i eit land som flyt over av oljepengar. Kanskje fleire nordmenn kjenner seg igjen i reiarfrua, om enn dei let champagnen venta til kvelds?

Publisert: