Nyttårstalen i Time: - Optimismen vender tilbake

Ordfører i Time kommune Reinert Kvernelands nyttårstale.

Publisert: Publisert:

Ordfører Reinert Kverneland i Time Foto: Geir Sveen

  • Reinert Kverneland
    Ordfører i Time
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Kjære alle saman

Inngangen til eit nytt år er prega både av refleksjonar frå året som gjekk, og av forventingar til kva det nye året skal bringa. Noko frå året som gjekk hugsar me lenge, noko er i ferd med å verta historie. Noko veit me om, men eit nytt år rommar også alt det me ikkje kan sjå føre oss - på godt og vondt. Mest av alt, i dette døgnet der landa i verda litt etter litt skriv 2018, er det med håp om fred og framgang me møter det nye året.

Her i Time legg me bak oss eit 2017 som framleis var prega av omstilling og lav folkevekst og byggeaktivitet. Sjølv om vår kommune ikkje vart verst ramma i regionen, merker me at mange held att litt, og at nye investeringar let venta på seg.

Også i Time har me hatt utfordringar og endringar i arbeidsmarknaden, noko som har ramma både einskildpersonar og bedrifter.

Ved slutten av 2017 var arbeidsløysa endeleg på veg ned, og det ser ut til at optimismen vender tilbake blant næringsliv og utbyggarar.

Det er ikkje lenge sidan veksten var ei utfordring kommunen måtte handtera med å byggja nye skular og barnehagar og utvida velferdstilboda. Sjølv om folkeveksten har vore nær null i det siste, er difor kommunen godt rigga for vekst no og ønskjer han velkommen.

I ei tid der det har vore mykje fokus på nedgang, er det positivt at det er ein del bedrifter i kommunen som har satsa og hatt suksess dei siste åra. Ni av bedriftene i Time vart i 2017 kåra til såkalla Gasellebedrifter. For å verta gaseller må bedriftene ha dobla omsettinga over fire år og ha eit positivt driftsresultat i fleire år. Me er stolte over at kommunen utmerker seg med grunderar som får det til over tid.

Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, besøkande og næringsliv, og dermed ein attraktiv stad å etablera seg. Kommunen har tatt på seg store investeringar både når det gjeld skular og barnehagar som sikrar gode læringstilhøve for dei yngste, og infrastruktur som legg til rette for gode bumiljø og møteplassar i nærmiljøet.

No skjer det mykje på Bryne, og det at me no satsar på å utvikla byen, skal vera til glede for innbyggjarane i kommunen og heile Jæren.

Det siste året har Bryne vore prega av graving og anleggsarbeid, og mange har undrast på korleis dette skal verta til slutt. Revegen har vorte eit flott område der gåande, syklande og bilar delar plassen, og der møteplassar, aktivitet og vandring har prioritet. No går me mot opning av Kaizers plass under livsgledefestivalen i mars, og Fritz Røed skulpturpark skal vera klar til 17. mai. Torget får og ei oppgradering, så det vert ein god stad både for aktivitet i kvardagen og for dei store festivalane våre. Eg vil nytta høvet til å takka innbyggjarar og næring som er tolmodige i denne ombyggingsfasen, slik at me får utvikla byen vidare saman. Snart er me i gang med å gjera Storgata om til gågate, noko som skal bidra til at Bryne som regionshovudstad vert ein aktiv og attraktiv by både for innbyggjarar, besøkande og næringsdrivande.

I dette året opnar nye Bryne kino på torget midt i byen. Dette er eit stort løft for byutviklinga, og vil verkeleg setja Bryne på kartet. Mange har store forventingar til tilbodet på den nye kinoen, og eg er sikker på at den vil innfri. Med fire salar og laserprosjektor vert kinoen vår ein av dei mest moderne kinoane i landet, og me har stor tru på at her vil vera noko å sjå og oppleva for dei fleste. Storstova får eit nytt liv som reint kulturhus, og me veit at det er knytt store forventingar til korleis det skal nyttast til glede for brukarane.

Det er kjekt å sjå at alle desse oppgraderingane som skjer og skal skje allereie gjev ringverknader i form av investering i næring og nye tilbod for innbyggjarane. Fleire nye serveringsstader er på veg inn i byen, og saman med den nye kinoen vil desse etter kvart trekkja mange innbyggjarar og kundar til sentrum av Bryne. Så håper og trur me sjølvsagt at dei trekk med seg fleire som vil etablera næringsverksemd i byen, slik at tilbodet vert enno meir variert og enno meir attraktivt.

No kjem XXL og Biltema på plass med store verksemder på Bryne. Dette er positivt for byen, og me gleder oss til å ta imot dei. Allereie no ser me at dei også inspirerer andre til å etablera seg i områda rundt.

Det at politiet på Jæren akkurat no er samla på Bryne, set me sjølvsagt stor pris på, og vårt håp for det nye året er at valet fell på byen på Jæren som framtidig lokalisering. Det har stor betydning for ein by å ha slike offentlege funksjonar, og me vil gjerne leggja til rette for at både politiet og andre instansar har lyst til å komma hit.

I år startar me planlegginga av nytt symjeanlegg på Bryne, noko eg veit mange er glade for. Dette vil vera ein viktig arena for dei som bur og veks opp i kommunen, og ikkje minst er det eit viktig tilskot til byutviklinga å få på plass eit slikt anlegg. Me må og nemna at Bryne har fått Høgskule i året som gjekk, og at siste byggetrinn på Bryne vidaregåande skule no er på plass med eit flott bygg som erstattar dei gamle industrihallane. Det er kjekt at kommunen vår ikkje bare historisk men også no er eit attraktivt senter for læring og utdanning.

I tillegg til at det er viktig for heile kommunen at me har ein triveleg by å møtast i, er det viktig for oss alle at me har gode transportløysingar. I år er Jærbanen 140 år og det må sjølvsagt feirast som den viktige føresetnaden togtrafikken her har vore for å kunna bu, arbeida og driva næring her på Jæren og i Time. Me håper

sjølvsagt at me i samband med dette jubileet endeleg kan få starta planlegginga av dobbeltsporet som vil ha stor betyding for den framtidige utviklinga av byen og mobiliteten rundt knutepunktet Bryne.

Det er nokre større vegprosjekt som vil bety mykje for innbyggjarane i kommunen vår. Framlegget til traseval for vegen mellom Foss Eikeland og Bråstein som kjem til våren er ein viktig føresetnad for omkjøringsvegen om Kvernaland. Kor ny E39 vert plassert er noko som vil ha konsekvensar for kommunen vår – skal den gå gjennom Time eller vel dei den indre traséen?

Det har høg prioritet å delta i desse avgjerslene og bidra til løysingar som gagnar Time og Jæren.

Time kommune har mål om å verta ein smart kommune. Digitaliseringa går fort, og me må følgja med og vera ein del av den utviklinga som no skjer i regionen. For oss vert det viktig å halda innbyggjarane sine behov i fokus, og leggja til rette for at alle er med. Samtidig har me fått omgrepet «samskaping», som nettopp handlar om at me skal skapa ting gjennom å lytta til behov og finna løysingar saman på tvers av kommune og organisasjons- og næringsliv. Slik skal me saman laga eit godt lokalsamfunn for framtida.

Kommunale tenester handlar om å vera til stades i innbyggjarane sine liv frå vugge til grav og i mange livssituasjonar. Frå i dag av har kommunen fått ei ny oppgåve, og dei som vil gifta seg borgarleg kan no gjera det her hos oss. Det ser me fram til og vil leggja til rette på beste måte for å skapa høgtidelege og gode rammer på den store dagen.

Eg vil takka alle dei frivillige som bidreg til at kommunen vår har aktivitetar for alle, og ikkje minst alle dei som gjer ein innsats for at barn og unge kan ha ei trygg, aktiv og innhaldsrik fritid. Me har mykje å vera stolte av, og dugnadsinnsatsen i Time er noko av det me må halda fram og vera takknemlege for. Mange er aktive i idrettsorganisasjonane våre, men det er også mange som brukar tid på å bevega seg i dei flotte turområda me har i heile kommunen. I år feirar Den norske Turistforening 150-årsjubileum, og eg håper markeringa vil bidra til at enno fleire av oss kjem oss ut på nye turar og kjekke opplevingar.

Eg vil særskilt nemna dei som legg til rette for at det skal vera god kontakt mellom dei som bur her frå før og dei nye landsmennene som kjem til kommunen vår. Det er ikkje få som samlast på språkkafeen Snakkis på måndagskveldane, og samtalar på tvers av språklege og kulturelle ulikheiter, og har stor glede av det. Det har heller ikkje vore få som har takka ja til å vera Timekompis – ei ordning der ein med Timebakgrunn og ein med innvandrarbakgrunn møtest for å gjera noko saman nokre gongar og slik kjenner kvarandre og helsar når dei treffest. Takk til alle dei som stiller opp på slike møteplassar.

Takk til alle som kjem til nyttårsarrangementet her i Time, og dei som legg til rette for og bidreg til denne samlinga. Me er stolte over alle dei utøverane me får hylla her i dag. De set heimkommunen Time på kartet gjennom sigrane dykkar, og me er glade for å få høve til å feira dykk. Mange gratulasjonar til dykk alle.

Eg vil til slutt ønskja alle her, og alle innbyggjarane i Time eit godt nytt år.

Publisert:
  1. Nyttårstalen i Sauda: Kjære kyrkjelyd; Godt nytt år!

  2. Nyttårstalen i Strand: – Det har vært mye å glede seg over i 2017

  3. Nyttårstalen i Hå: – Pilene som i 2017 er vassrette skal igjen peika skrått oppover

  4. Nyttårstalen i Klepp: Det æ en fornøyelse for meg å få ønska dokke velkomne te nyttårstreff for 7. gong

  5. Nyttårstalen i Randaberg: – Vi har politikere i Randaberg som tar ansvar

  6. Nyttårstalen i Time: - Optimismen vender tilbake

Mest lest akkurat nå

  1. Nyttårstalene 2017
  2. Nyttår
  3. Time kommune
  4. Reinert Kverneland