Du kan jo berre sjukemelda deg …

KOMMENTAR: Handa opp den som ikkje har høyrt den setninga? Dette munnhellet kostar norske bedrifter og staten svimlande summar kvart år.

Det handlar om korleis me organiserer liva våre. Er det rett at jobben får svi, fordi me har så travle privatliv at når måndagen kjem, er me så slitne, at det kjennest best å stoppa heime? Foto: Thomas Brun

  • Heidi Hjorteland Wigestrand
    Heidi Hjorteland Wigestrand
Publisert: Publisert:

Det er menneske som treng å få vera borte frå jobb, men det er ikkje desse denne teksten skal handla om. Det er alle dei som er i gråsona, som kunne gått på jobb, litt i alle fall, men som ikkje gjer det, fordi Norge har ein sjukelønsmodell i Rolls Royce-klassen. Då må me snakka om kor viktig arbeidet er for folk, kva haldningar me har til å yta, sjølv om me ikkje er heilt i form.

Det handlar om korleis me organiserer liva våre. Er det rett at jobben får svi, fordi me sjølv vel å ha så travle privatliv at når måndagen kjem er me så slitne, at det kjennest best å stoppa heime? (Når me altså snakkar om ein normalsituasjon, utan pandemi.)

Sjuke 15 dagar per år

Ifølge seniorforskar Arnstein Mykletun ved Folkehelseinstituttet er det i Norge ein kulturell aksept for å sjukemelda seg når livet buttar.

130.000 nordmenn er i snitt sjukemeldte per dag. Kvar fast tilsett er sjukemeldt nesten 15 dagar i året. Ferske tal viser at også rogalendingar sitt sjukefråvær aukar. Ifølge Nav kostar nordmenns sjukefråvær bedriftene rundt 18 milliardar kroner årleg. I 2016 betalte Nav ut 39 milliardar kroner til tilsette og sjølvstendig næringsdrivande. Med prisstiging er talet truleg rundt 60 milliardar kroner no. Trass i god folkehelse er nordmenn blant dei som er mest sjukemelde i verda. Kvinner har over 50 prosent høgare sjukefråvær enn menn, og då har ein trekt frå fråvær på grunn av svangerskap og familie.

Les også

Sykefraværet i Sandnes gjorde et hopp

Les også

Alle må i arbeid. Hilsen regjeringen

Statistisk sentralbyrå (SSB) har prøvd å finna ut kvifor nordmenn er så mykje meir sjuke enn andre. Dei fann ikkje noko anna svar enn at det er den gunstige sjukelønnsordninga, der mange norske tilsette får 100 prosent av lønna når dei er sjuke. Og sparer pengar på ikkje å reisa til jobb. I utkantstrok med lang pendling kan det vere snakk om store summar.

Det er mykje rundt-grauten- snakk om dette. Dei fleste folkevalde vil ikkje ta i ei av dei dyraste velferdsordningane me har i Norge. Ein dag vil ein ikkje ha råd til å vika unna desse utfordringane. Sysselsettingsutvalet føreslår i ein fersk rapport ein ny sjukelønsmodell der bedriftene skal ta meir av kostnadane ved langtidsfråvær, men velferda for den sjuke er nokså uendra.

Kortidsfråværet kosta i 2017 det private næringslivet 36 milliardar kroner, viser tal frå Bedriftsforbundet. Foto: Gorm Kallestad / Scanpix

Ikkje alle får det same

Eg og dei rundt 265.000 som driv enkeltpersonføretak, er opptekne av nordmenns sjukemeldingsvanar. Me meiner den norske sjukelønsordninga er vel luksuriøs for vanlege arbeidstakarar. For oss sjølvstendige, opplevest ho urettferdig. Me som driv for eigen kostnad og risiko, kan aldri ty til ei sjukemelding på same måte som fast tilsette. Blir me så sjuke at me ikkje kan jobba, får me ikkje ei krone frå Nav før det er gått 16 dagar, sidan me er vår eigen arbeidsgivar. Det gir oss i alle fall høg arbeidsmoral.

Det er innlysande at alle fast tilsette i dette landet ikkje kan ha like høg terskel for å kasta inn handkledet, for då ville ikkje sjukefråværet vore så høgt. Ein frilanskollega eg kjenner har fire barn. Ho har tatt ut fire sjukedagar på grunn av barns sjukdom. Til saman. Alt det andre fråværet på grunn av barns sjukdom, har ho organisert inn i arbeidsdagen sin. Forskjellen mellom folk som driv enkeltpersonføretak og fast tilsette stoppar ikkje der, for blir du langtidssjukemeldt, får me som driv for oss sjølv berre 80 prosent av inntektsgrunnlaget vårt som sjukepengar frå Nav. Ein fast tilsett får 100 prosent av inntektsgrunnlaget sitt.

Kvardagstristesse

Kvifor?

Det har ingen klart å gi meg eit godt svar på. Forbundet mitt. NJ Frilans, opplyser at det ikkje finst noko betre svar enn at det er slik trygdesystemet er.
Me som driv enkeltpersonføretak betalar skatt som andre, me betalar endåtil meir i trygdeavgift. Når du er på B-laget og ser kva rettar dei på A-laget har, og korleis enkelte i tillegg utnyttar desse, kjennest ønsket om ei endring i sjukelønsordninga påtrengjande. Sverige, som har ei mindre raus sjukelønsordning, har berre rundt halvparten så mange sjukemelde. Hadde Norge greidd å komma ned på nabolandets nivå, kunne ein spart 15 til 20 milliardar kroner i året, eller brukt til andre fellesgode.

Ifølge seniorforskar Arnstein Mykletun ved Folkehelseinstituttet er det i Norge ein kulturell aksept for å sjukemelda seg når livet buttar. Forsking viser at dette godet helst blir unnt kvinner, både av andre kvinner, men også av menn. Då oppstår kulturar der ein kollega seier til ei sliten medsøster: «Ta deg nokre dagar heime.» Kvinners sjukefråvær kan slå likestillinga tilbake, for arbeidsgjevarar kan fort føretrekka menn, hvis dei har grunn til å tru at dei vil vera meir stabil arbeidskraft.

Ikkje berekraftig

Myklebust konkluderer med at sjukefråværsordninga i Norge til ei viss grad er bra for velferda, men har enorme økonomiske konsekvensar. Ein kan då undra seg på om for gode system, gjer at me pressar oss mindre enn me burde? Tanken ligg snublande nær når ein ser på kva som skjedde i Sandnes kommune, som signerte avtalen om inkluderande arbeidsliv (IA) i 2002. Dette er eit raust system basert på tillit, der dei tilsette får auka tal på eigenmeldingsdagar. Målet var å få ned sjukemeldingane. I februar 2019 kunne Aftenbladet melda at målet om redusert sjukefråvær ikkje var nådd ein gong på desse 17 åra. Fråværet berre auka.

Også leiar i Unge Venstre, Sondre Hansmark, meiner verdas høgaste sjukefråvær heng saman med verdas mest sjenerøse sjukeløn. I eit intervju med TV2 meiner han det er på tide å spørja seg sjølv om me kan bruke milliardar av kroner på ein betre måte, enn å betala folk for å vera borte frå jobb.

Det er eit godt spørsmål.

Det er mykje rundt-grauten- snakk om sjukelønsordninga. Dei fleste folkevalde vil ikkje ta i ein av dei dyraste velferdsordningane me har i Norge.

Les også

  1. I bare to fylker steg sykefraværet mer enn i Rogaland

  2. Ekspertutvalg foreslår å utrede ny sykelønnsordning – LO sier nei

Publisert:
  1. Arbeidsliv
  2. Økonomi
  3. Nav
  4. Folkehelseinstituttet

Mest lest akkurat nå

  1. Camilla Herrems verste opplevelse: – Jeg følte meg som en sviker

  2. MC-fører kjørt til SUS etter ulykke i Sandnes

  3. Risikoen for å bli truffet av lynnedslag er liten. Likevel skjedde det med Vegar Engdal.

  4. Stavanger-kvinna er reisande lege i naud: – Eg ser på oppdraga mine utanlands som ein slags vaksinasjon mot det å ta vår velstand for gitt

  5. Dette skjer i OL søndag

  6. Cupeventyret over etter hjemmesmell: – Vi hater å tape, det svir hver gang