Få deg noko på hjarta!

Sofie Braut.jpg
  • Sofie Braut
    Sofie Braut
    Lektor og skribent
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over syv år gammel

ER DETTE SOMMAREN der du skal overraska nokon med eit ord frå hjarta?Det er ikkje sikkert du er klar for noko nytt prosjekt denne sommaren, i alle fall ikkje eit som involverer pugging. Sjansane er store for at du alt har meir på plakaten. Huset skal malast, hagen skal nå nye høgder, slekta skal oppsøkast og så skal du ut på reis. Alt medan livet skal nytast og relasjonar skal ivaretakast. (At det i tillegg går eit vedunderleg VM i fotball, vågar eg mest ikkje nemna her, av somme vert det oppfatta som ein rein provokasjon.) Dermed er det slett ikkje du synest timinga på denne artikkelen er den beste.

Det er noko med sommaren her i Noreg. Lyset gjestar oss på ein måte som me ikkje heilt kan tru på når me i r-månadane, klirrande med tranflaska, snublar rundt i endelaus skumring og tappert prøver å rettferdiggjera det nedarva og kollektive valet me nordmenn har teke om å leva under slike naturstridige kår. Før ein veit ordet av det sit ein andlet til andlet med glødande og spandable juni. Er dette for mykje sagt om det sublimt sommarlege? Vel, såpass pompøs må ein kunna tillata seg å vera når ein skal skriva om utanåtlæring om sommaren.

SÅ, FULLT KLAR OVER at pugging ikkje er eit sjølvskrive nærvær i det muntre selskapet av moderne pedagogiske idear, og like fullt klar over at det meste og beste av pedagogikken uansett ferierer før den nødvendige streiken: Eg vil berre minna om det vakre engelske uttrykket for å kunna noko utanåt: «To know by heart.» Å kunna med hjarta.

Finn noko som er deg, eller noko som kan bli deg.

EG HAR ei sterk kjensle av at å kunna noko i dag ofte meir eksisterer som potensial enn som noko ein har på hjartet til ei kvar tid. Å kunna googla noko er ikkje det same som å kunna noko. Å vita kor ein finn noko er bra, men kjem ikkje opp mot å ha det som ein del av si indre verd. Ting ein kan utanåt er egna til å overraska omverda med. Eit utanåtlært sitat eller ei strofe kan brukast til underhaldning, provokasjon, isbrytar, eller når du treng å jekka deg litt opp i sosiale lag. Me snakkar ikkje her om grell kvasifilosofi à la Paulo Coelho, eller eit snusfornuftig stykke barsk livsvisdom grandtante Hilda kokte saman i dei første etterkrigsåra. Finn noko som er deg, eller noko som kan bli deg, lær deg det og dryss det litt småtilfeldig over folk som kryssar stien din i sommar. Men for å kunna sleppa orda laus, må du først fanga dei.

SAMFUNNSFAGLÆRAREN MIN i vidaregåande hadde visjonar om at me elevar skulle memorera alle slags meir eller mindre nyttige omgrep og definisjonar i faget. Då var dette eit krav som gav blanda kjensler. På den eine sida verka det overambisiøst å lira av seg desse ord-reglene i stadig raskare tempo; ein undra seg over om den om resultata nokon gong ville stå i stil med innsatsen. På den andre sida sto det ikkje til å nekta at ein stadig høyrdest litt smartare ut når ein kunne forklara det kompliserte konsist og uanstrengt. Så me pugga, delvis i skjul, men heldt fram med å himla med auga over lærarens påstandar om at dette gav oss noko å brifa med i selskapslivet.

MYKJE UNYTTIG har folk lært seg til alle tider; sjølv har eg drege på alt frå Wham!-svisker til Vinje-vers, for det meste tekne ut av sin samanheng. Eg lærte meg det som sto bak på IFA-saltpastilleska i barndomen og har ikkje blitt kvitt det i vaksen alder, viktige byar i Europa vart pugga for å ha noko å gjera mens dei vaksne fekk med seg vêrmeldinga. Andre ting, som bibelvers frå barneleirar og kvasse Churchill-sitat, har fått ei meir formativ rolle. Poenget er: Nyttig eller unyttig, å kunna noko utanåt er god danning, det er ei ufarleg eksperimentering med den fantastiske hjernen som står i fare for å verta seriøst understimulert i konkurransen med alt me har som kan huska for oss. Men det at iPad-en min rommar alle slags sitat som eg klikkar fram på ein augneblink, det er ikkje det same som å ha eit par sitat på hjarta. Det at eg på rekordtid kan googla opp fakta frå finsk hockeyhistorie, er ikkje det same som å kunna sigersrekker og storskårarar på rams.

DERMED: Lær deg noko utanåt i sommar, noko nytt eller gammalt, noko kort eller langt. Ikkje fordi det der nødvendig, men fordi det er inspirerande for deg og andre, fordi hjernen din har så store ubrukte flater og er så eventyrleg brukbar til det du vil ha der, den verda du ber med deg. Ikkje overfør alt til din næraste og kjæraste duppeditt. Ha noko på hjarta!

Les også:

Les også

  1. Leken om ballen

  2. Ny hjerneforskning viktig for barnehagene

  3. Slurvestaten

  4. Nøytral - kva betyr det?

  5. Kampfiksing er utbredt

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Dette svarer Veton Berisha om Molde-flørten

  2. Da Joakim traff Inger Marie, ble han bonde på et sted der ingen skulle tru at nokon kunne bu

  3. Emilie fikk plutselig ni millioner på konto. Med hilsen Jehovas vitner på Randaberg

  4. Omikron vil neppe smitte alle. Men en eller annen variant, vil nesten alle bli smittet av

  5. – Det var iskaldt i vannet, men jeg hadde våtdrakt på meg

  6. Testet positivt? Dette gjør du