Pest eller kolera først?

KOMMENTAR: Færre skadar i psykiatrien? Eller kortare veg til intensiven for nyopererte barn? Kvifor i alle dagar skal sjukehuset vårt måtta gjera slike val?

Så langt har dei kome til nå, med det nye sjukehuset.
  • Solveig G. Sandelson
    Solveig G. Sandelson
    Kommentator
Publisert: Publisert:

Sjukehuset vårt er ikkje så veldig gode på å tena pengar sjølv. Logisk nok. Det er offentleg, det får dermed alle pengane sine frå staten, og kan ikkje godt begynna å selja halvfriske pasientar og fint brukt gips. Likevel må dei klara å bera kostnadene med å byggja nytt sjukehus sjølv. 70 prosent lån, som skal tilbakebetalast, og 30 prosent eigenkapital.

Halvparten av pengane dei får frå staten til vanleg, er eit grunntilskot. Andre halvparten er innsatsbasert. Ulike operasjonar og behandlingar er prisa etter kor mykje dei faktisk er rekna til å kosta. Viss sjukehuset klarer å jobba meir effektivt enn det anslaget, tener dei pengar. Ei stund, før det blir justert inn.

På denne spring-fortare-og-gjer-meir-innsatsen, og på å selja tomta dei er på nå, skal pengar til nytt sjukehus skrapast saman.

Går dette?

Dei driv jo på, dei fleste har vel sett første trinn av det nye sjukehuset reisa seg, på venstre sida av motorvegen, rett før du køyrer inn i Auglendstunnelen på veg inn til Stavanger.

Meeeen... sjukehuset har ikkje råd til å byggja alt ferdig på ein gong. Begynna i ein logisk ende, og driva på til dei er ferdige. Nei, dei må ta det trinnvis. Og trinnet i fleire bitar.

I 2024 skal trinn ein stå klart. Så er det trinn to. Før krig og bratte prisar, skulle det kosta 11 milliardar. Det har ikkje sjukehuset - SUS - pengar til, så det må også delast opp. Dei trudde dei hadde pengar til å byggja for rundt to milliardar, som då blir fase ein av fire fasar. Då må SUS ha eigenkapital på rundt 600 millionar. Samtidig som dei skal klara det, fram mot 2028 og endå litt til, må dei også bera lånekostnadene av det ferdige trinn 1, og ekstra kostnader av at sjukehusdrifta blir på to plassar - litt i det nye og litt i det gamle.

Så på styremøtet denne veka, kunne ikkje styret berre vedta korleis dei vil gjera fase ein av trinn to, og når dei kan gå i gang. Det veit dei ikkje ennå. Dei må først finna ut om dei har økonomisk rygg til å bera dette.

Triste greier

For ein som står utanfor heile sjukehusvesenet, er styrepapira for møtet triste å lesa. Om kor usikker situasjonen er. Og om drakampen mellom dagkirurgi og psykiatri, for å koma med i fase to. Som kanskje er klart om berre ti år. Mens den som hamnar i fase tre, må rekna med å bli i gamle bygg i atten år til. Sånn omtrent, det er jo usikkert, alt dette.

Kor ligg den største risikoen ved å måtta venta lengst? For pasientar, behandling, tilsette? For økonomien i heile prosjektet?

Dagkirurgien har flest pasientar og involverte. Fagmiljøet og utstyret deira vil i årevis bli delt i to. Dårlege og sårbare pasientar må flyttast ganske langt, mens dagkirurgi ennå er på Våland og intensiv på Ullandhaug. Leiarar må dela seg i to, folk jobba ein dag her og ein dag der. I årevis.

Psykiatrien? Dei er ikkje så mange. Og fagmiljøet vil kunna haldast samla. Men statsforvaltaren har slått fast at delar av bygga dei held til i, alt nå er ueigna for pasientane. Sivilombodsmannen har kalt forholda for uverdige. Verst er det for dei aller sjukaste, dei på skjerma avdeling. Som ikkje er så mange, men som er der svært lenge, kanskje i årevis. Dei lange gangane gjer at det tar lang tid før ein pleiar kan få hjelp til å løysa ein akutt situasjon, anten det er ho sjølv, ein pasient eller medpasienten hans som er i fare. Den gammaldagse utforminga gjer det vanskeleg å få ned bruken av tvang og episodane med vald. Fleire av dei tilsette har blitt alvorleg skada, nokre livstruande. Akkurat nå, ved sjukehuset vårt, står 26 av 109 spesialiststillingar ledige i psykiatrien.

Pengane

Inn i denne nitriste drakampen, tar ein også med kva for eit fagmiljø som vil utløysa mest pengar når dei flyttar. Det er dagkirurgien, dei frigir flest kvadratmeter til tomtesal. Som ein håpar og trur kan seljast før alle bygg rundt er tømt.

Og i tillegg til å selja tomta på Våland, må ein altså skrapa i drifta. Akkurat nå, kan ein lesa i styrepapira, trur ein ikkje det er mykje å henta der. Stavanger er alt eitt av dei sjukehusa som driv mest effektivt - altså billegast - i landet. Ein er heller ikkje sikker på at det går å køyra så stramt som ein har gjort dei siste åra. Det kan bli for hardt. Frå firmaet som har kvalitetssjekka heile prosjektet, heiter det at jo, betre lokale blir bra for pasientane, gitt at «det ikke kreves uforholdsmessige bemanningstiltak for å finansiere nybygg.» Lett å forstå, det. Nyttar ikkje med fine einerom viss ingen kjem når du ringer etter hjelp.

Straumprisar, byggevareprisar, krig og pandemi har drive kostnadene opp og dei såkalla inntektene ned. Det siste fordi den vanlege aktiviteten ved sjukehuset har vore lågare. Når intensiven er full av koronapasientar, må planlagde operasjonar avlysast og utsetjast. Difor ligg ein bakpå med å skaffa nok pengar både til det som alt er bygd og det som skal byggjast, mens begge delar blir dyrare enn ein hadde rekna seg til.

Ingen heime?

Det går an å forstå at sjukehusdrift er komplisert. Å flytta eit arbeidande sjukehus likeså. Men dette? Sett utanfrå ser det heilt utruleg ut.

Kvifor byggjer ikkje staten sjukehusa sine sjølv? Kvifor må sjukehusa, som ikkje kan tena pengar, bera dette? Når ein dermed må leggja ned ein og ein stein om gongen, i to tiår? Når ein imens må setja omsynet til vald, skadar og for høg tvangsbruk, opp mot oppstykka fagmiljø, frigjorte tomter og auka belastning på sårbare, nyopererte pasientar?

Er det ingen vaksne heime blant dei som styrer helse-Norge?

Les også

  1. Psykiatri kan havne bak i køen til det nye sykehuset

  2. Frykter at SUS-inn­sparingene vil gå ut over pasientene

Publisert:

Kommentator Solveig G. Sandelson

  1. – Politikarane i Stavanger er litt bekymra for 6-åringanes digitale kompetanse. Javel?

  2. «Er det ingen vaksne heime blant dei som styrer helse-Norge?»

  3. Nullto­leranse når det gjeld rasisme blir ofte tomt prat. Men ikkje hos Viking­hordane. Ikkje i Viking. Ikkje på SR-Bank Arena

  4. Det finst jenter som i første vidaregåande må stilla seg opp i ein ring dersom dei vil bli med på ein russebuss

  5. Det er ikkje sikkert det er vits i å sjå til USA, viss ein vil skapa eit betre liv for barn

  6. At ulovleg ran­saking har skjedd system­atisk, er rys­tande

  1. Kommentator Solveig G. Sandelson
  2. Stavanger Universitetssjukehus (SUS)
  3. Psykiatri
  4. Helse Vest
  5. Helsepolitikk