Skule: Putt inn, trykk ut

Viss bare alle barn kunne læra å tilpassa seg skulesystemet endå betre. Ja, kva då?

Publisert:

"Vi måler heile skulesystemet vårt etter kor godt kvar enkelt elev klarer svara riktig på det vi vil han skal svara riktig på," skriv Solveig Grødem Sandelson Frank May

Solveig Grødem Sandelson
kultur- og debattredaktør

I Trondheim har to forskarar intervjua 2000 elevar i vidaregåande skule. Dei ønskte å finna ut kvifor så mange som tretti prosent av elevane fell ut av den vidaregåande skulen.

"Eg kjenner meg einsam og utanfor," var det vanlegaste svaret dei fekk.

Forskarane haldt dette opp mot andre viktige årsaker vi kjenner til, så som foreldra si utdanning, og elevanes eigne karakterar frå ungdomsskulen. Framleis var den viktigaste grunnen til at elevane slutta, at dei kjende seg einsame og utanfor på skulen.

Per Frostad og Per Egil Mjaavatn, som forskarane heiter, spør om vi kanskje har sett for mye på forhold ved eleven, og for lite ved forhold i sjølve skulen, når vi prøver å forstå kvifor fråfallet er så stort. Kva er det med den vidaregåande skulen som gjer at så mange elevar kjenner seg så utanfor?

Ein kan også spørja seg om det er riktig at alle må gå på skule i tretten år.

Fiksar dei det ikkje, er det deira eigen feil.

Putt inn, trykk ut

Politikarane har, ganske lenge nå, meint at vi kan måla oss til om ein skule er god eller ikkje. Det gjer vi ved å måla bestemte ferdigheiter hos kvar enkelt elev, mange, mange gonger, og opp i gjennom heile skuleløpet.

Og når det har vist seg at målingane til saman ikkje ser så bra ut som ein gjerne ville dei skulle frå politisk hald, trur ein sterkt på at dersom bare skulen endå betre kontrollerer kva som blir putta inn i kvar enkelt elev i den eine enden, vil ein endå betre kunna måla kor god heile skulen, ja, til og med kunnskapsnasjonen Norge er, når ein igjen måler det som kjem ut i den andre enden. Sjølv om det ein puttar inn, er meir av det same.

I Oslo-skulen, som eg trur Høgre-politikarane ser ganske mye til når dei utformar skulepolitikk, får til og med rektor poeng dersom målingane viser at dei får riktig mange riktige svar ut av elevane sine.

Avlegs

Heile greia byggjer på regulering av atferd, ein metode mange trudde skulen forlot for femti år sidan. Det er ein metode der ytre belønning — og for så vidt også straff - står sterkt, og der ein er sikker på at når ein dyttar noko inn i hovudet på ein elev, kan ein føresei kva responsen blir. Utan å ta forstyrrande omsyn til kva som måtte føregå på innsida av hovudet på eleven. Metoden møtte alt for femti år sidan sterk kritikk for å sjå på eleven som "tomme tavler", og for å trekkja alt for enkle, utvendige slutningar.

Om ein lærar har klart å løfta mange som slit, vil ikkje nødvendigvis slå ut på målingane skulen blir utsatt for i dag. Om ein lærar har fått til eit godt miljø i si klasse, om ho møter elevar der dei er, om ho ikkje prøver å få dei alle inn i same form, vil på kort sikt bare skapa krøll på linjene under svara. Her er det rette linjer som gjeld.

Fyll på før

Så vi følgjer heller enkelteleven bakover. Kan vi fylla på betre? Kan vi begynna tidlegare? Kan vi utjamna forskjellane, kan vi læra dei å læra, kan vi læra dei å regulera seg sjølv, dempa impulskontrollar og bli mottakelege for læring, og klara seg gjennom systemet i tretten år utan å falla?

To andre forskarar, her i Stavanger, har stilt det spørsmålet, økonomiprofessor Mari Rege, og psykologiprofessor Ingunn Størksen.

Tesen deira er at dersom ein klarer å utjamna forskjellane barn har med seg frå ulike heimar tidleg nok, vil mange fleire klara seg betre gjennom skulen.

Dei to har fått vel 40 millionar kroner til å driva Agderprosjektet, som skal forska på om femåringar vil klara seg betre i møtet med skulen, dersom dei får meir strukturert tid i barnehagen til å førebu seg. Det er snakk om to timar fire dagar i veka.

Prosjektet er bejubla av NHO, og omtalt i den nye stortingsmeldinga om barnehagar, men det er kontroversielt blant fagfolk i barnehagesektoren. Det har blitt stilt spørsmål ved langtidseffekten av dette, ved kva som er den beste måten for ein femåring å læra på, å få vera femåring på, og om nå barnehagen først og fremst skal vera til for å gjera barn nyttige og funksjonelle.

Fiks det

I tillegg til fagleg kunnskap og evne til å knytta positive relasjonar, trekkjer desse forskarane fram barns evne til sjølvregulering som ein viktig reiskap for å lykkast på skulen.

Sjølvregulering er evna til å kontrollera impulsar, utsetja behov, og kunna konsentrera seg om ein ting om gongen. Som å høyra etter kva læraren seier, ta i mot beskjedar og hugsa dei, og kunna forholda seg til reglar.

Barnehagelærarar kan øva opp barnas evne til dette gjennom leiker som for eksempel "rødt lys - grønt lys", der ein skal bevega seg og så bråstoppa på ulike teikn, i følgje Ingunn Størksen. Også sjølvregulering er omstridd. Det går an å regulera seg sjølv for mye.

Når vi slepper alt dette ned i same skulegryta, blir det litt av ei suppe. I sin yttarste konsekvens kan det bli slik at dersom eleven ikkje passar inn i den forma skulen har fått beskjed om å passa dei inn i, kan ein forventa at dei regulerer seg sjølv til dei passar inn.

Fiksar dei det ikkje, er det deira eigen feil. Og det er alvorleg, sidan vi måler heile skulesystemet vårt ut frå kor godt kvar enkelt av dei klarer å svara på det vi etterspør.

Ikkje ein gong når mange elevar i andre enden av systemet fell av, begynner vi å leita etter feil ved systemet. Nei, vi leitar etter måtar vi endå betre og endå tidlegare kan putta på barna riktige ferdigheiter, sånn at systemet vårt kan bli målt til vinnar.

Men til kva pris? Burde ikkje nokon kunna seia oss det?

LES OGSÅ:

Les også

Hva brenner dere for, rektorer?

Les også

Det store skuleoppgjeret må koma i 2016

Les også

Må alle inn i rekka gå?

Publisert: