Religion - det er farleg, det
Norge har vore eit ekstremt homogent land på det religiøse området. Me kunne lært noko av USA.
- Sjefredaktør
- Tom HetlandPolitisk kommentator

ETTER HIJAB: I fleire år har eg fått e-post frå ein lesar som har kritisert oss i Aftenbladet for å vera anti-amerikanske. Men for nokre dagar sidan kom det ei ny melding, og då hadde han skifta tema. Nå handla det om faren ved muslimsk innvandring, i kjølvatnet av hijab-saka:
«Kanskje burde du ta i bruk fjellvettregelen om «å snu i tide». (...) For dersom man tar inn all den kunnskapen man har om det som har skjedd til nå, status på hvor man er i dag og deretter projiserer ut i tid hvor dette ender, så tror vi at konklusjonen vil bli temmelig dyster.»
Eg sat igjen med spørsmålet: Korleis kan ein ihuga beundrar av Amerika, landet som er bygt opp av immigrantar og som har innvandring som ein sentral del av sin identitet, vera så redd for kva innvandringa kan gjera med Norge? Kva har han eigentleg lært av USA?
EIN KAN SEIA MYKJE om George W. Bush. Men noko av det første han gjorde etter terrorangrepa 11. september, var å besøka ein moské. På den måten ville presidenten signalisera at amerikanske muslimar var like gode amerikanarar som andre. At muslimar — i Allahs namn - hadde stått bak den største katastrofen i USA sidan krigen, måtte ikkje få gi grobotn for allment muslimhat. Trusselen frå radikal islamisme skulle ikkje få undergrava ein av dei finaste kvalitetane ved det amerikanske samfunnet: den sterke gjensidige respekten for menneskes tru.
Siv Jensen gjer det motsette. Hijab-saka er ei viktig symbolsak for mange, men den er langt frå eit norsk 11. september. Ein kan faktisk velja å sjå ganske så avslappa på spørsmålet, slik dei lenge har gjort i den engelske politiet eller i det norske forsvaret.
MEN FRP-FORMANNEN og hennar våpendragarar greip sjansen til å vida ut kløfta mellom «dei» og «oss», til å nøra opp under frykta for dei framande ved å forstørra hijab-saka ut over alle proporsjonar. Min påstand er at svært få nordmenn i dag kan sjå på ei hijab-kledd kvinne utan at det straks blir vekt til live negative førestellingar. Det er så visst ikkje bare Siv Jensens feil, men ho gjer sitt beste for å forsterka dei.
Det er også min påstand - kanskje litt dristigare - at ein politikar av Siv Jensens type aldri ville nådd til topps i dagens USA. I den republikanske busk-agitasjonen vart det rett nok spreidd rykte om at Barack Obama var muslim, men ingen seriøs republikansk politikar ville assosiera seg med ei slik kampanjeform. Sjølv det å bruka Obamas mellomnamn Hussein vart rekna som eit overtramp i begge leirar. Og Obamas hudfarge og fleirkulturelle bakgrunn var ikkje til hinder for at han samla eit overveldande fleirtal bak seg i november.
USA OG NORGE er ulike. USA er ein smeltedigel som - ofte på smertefullt vis - har måtta læra seg å leva med etniske, kulturelle og religiøse forskjellar. Norge er frå gammalt av eit svært homogent land.
Rett nok gjeld ikkje denne homogeniteten på alle område - det store dialektmangfaldet og andre regionale forskjellar er unntak. Men ein stad har den norske homogeniteten vore nesten ekstrem, og det er på det religiøse feltet.
Med statsmakta i ryggen heldt dei lutherske prestane lenge eit stramt, einsrettande grep om den norske religiøsiteten. Samiske sjamanar kunne i verste fall enda på bål med runebommene sine, Hans Nielsen Hauge vart sett i fengsel og kvekarane emigrerte. Opprøret mot embetsmannsstaten handla også om å bryta prestemonopolet på å tolka og forkynna Guds ord.
Men òg blant vanlege folk var det så som så med den religiøse toleransen. Bonderepresentantane på Eidsvoll røysta mannjamt for grunnlovsparagrafen som stengde jødar og jesuittar ute frå riket.
NÅ VART NORGE også på dette området eit romslegare samfunn etter kvart. Ikkje minst her i Rogaland fekk me eit mangfald av religiøse samfunn som har levd fredeleg side om side.
Likevel - frykta for den framande vantrua ligg ikkje langt under overflata. I enkelte miljø har redsla for katolikkane vore ein viktig grunn til å vera mot EU. Og i våre dagar er det altså muslimane - mellom 2 og 3 prosent av den norske befolkninga - som vekker trusselbildet til live.
DETTE MÅ OGSÅ seiast: Det gjer ikkje saka enklare at islam, både i utlandet og i Norge, altfor ofte framstår med eit skremmande ansikt. Det er innanfor den islamske verda me i dag finn den verste religiøse ekstremismen og den mest einsrettande og undertrykkande blandinga av religion og politikk. Når slike krefter - enten dei sit ved statsroret eller dannar minoritetsgrupper i andre land - insisterer på å påtvinga andre sine reglar og verdiar, til dels i strid med allmenne menneskerettar, må dei møtast med fast motstand. Så langt har Siv Jensen heilt rett.
Men det store fleirtalet av muslimar er ikkje der. Dei ønskjer bare å få leva i pakt med sin religion, også i det norske offentlege rommet. Det er heller ikkje alltid konfliktfritt. Likevel, synleg religiøst mangfald bør vera handterleg, så lenge me kombinerer god vilje med evne til å snakka ærleg om problema.
NORGE HAR DÅRLEG trening i slikt. Og konfrontert med eit islam som me fryktar eller ikkje skjønar, søkjer me tilflukt i ein ny, forsterka sekularisme. Me omfamnar den livssyns- nøytrale staten - den som står over og på sida av alle trusretningar, og som ikkje tek på seg noko ansvar for å verna religiøse kjensler. Religion er farlege greier - betre då at ingen får visa kva dei trur på enn at alle får. Sjølv ein bispekandidat vil nå heller fjerna korset - ein del av riksvåpenet - på politiuniforma enn å tillata hijab.
Slik liknar Norge meir og meir på det super-sekulære Frankrike. Det er lett å forstå at det er blitt slik. Men som vegvisar inn i eit samfunn der dei religiøse variasjonane og spenningane blir større, kan sekularismen bli sørgeleg utilstrekkeleg. For det me ikkje vil sjå, kan me heller ikkje forstå.