Er dei smarte eit problem?

Spør ikkje kva skulen kan gjera for dei flinke, men kva dei flinke kan gjera for skulen.

Publisert:

elever_sa_thetland_feb13.jpg

Tom Hetland
Politisk kommentator

t_hetland.jpg

Fem siste fredagskommentarar frå Hetland:

FLINKE ELEVAR mistrivst i skulen, les eg i avisa mi. Dei kjedar seg, får dårlege arbeidsvanar, i verste fall blir dei mobba eller blir «klassens klovn». Foreldre fortvilar og krev spesialundervisning, eller dei tek ungane ut av skulen og finn eit alternativ der dei flinke får fleire utfordringar.

Javel. Problemet er ikkje akkurat nytt. Læraren på min fådelte barneskule løyste det ved for eksempel å la dei flinkaste elevane i 4. klasse følgja undervisninga til 5. klassingane, eller han sette dei til å kapprekna i ei ekstra arbeidsbok mens han repeterte gangetabellen med dei meir tungnæme.

Om innvandrarar heiter det gjerne at ein må «sjå dei som ein ressurs, og ikkje som eit problem». Det gjeld også for evnerike elevar.

Det var ei enkel og praktisk tid, og foreldra la seg heller ikkje bort i jobben til læraren – det skulle ha teke seg ut for bønder, lastebilsjåførar eller husmødrer som knapt hadde meir enn 7-årig folkeskule.

Alt var ikkje betre før. Men kanskje såg me litt meir avslappa på ein del ting. Noko kan sjølvsagt ha gått meg hus forbi, men eg kan ikkje hugsa ein einaste kamerat eller venninne frå mi skuletid som fekk personlege problem eller blei sette tilbake i si utvikling fordi dei var for flinke. I den andre enden av skalaen, derimot, var det mange som sleit.

OM INNVANDRARAR heiter det gjerne at ein må «sjå dei som ein ressurs, og ikkje som eit problem». Det gjeld også for evnerike elevar. Dei skal setja læraren på prøve med å stilla vanskelege spørsmål. Ein lærar som er stolt av sitt yrke og har faglege ambisjonar, vil elska det. Slik får me betre lærarar. Og læraren må naturlegvis gjera gjengjeld ved å gi dei flinkaste passelege utfordringar. Spesialtilpassa undervisning, heiter det i dag; kapprekning heitte det altså i mi skuletid.

Les også

Norsk skole skader evnerike barn

Men så skal læraren også forventa av dei flinkaste elevane at dei deler kunnskapen sin med andre, at dei hjelper dei svakaste og ikkje sit og hoverer over dei som ikkje har like lett for det. Adelskap forpliktar, er det sagt, og den som har store evner, har også eit større ansvar for fellesskapet. Det høyrest moralistisk ut, og det er heilt korrekt. Den moralske peikefingeren skal peika oppover. Det bør ein læra seg tidleg. I UTGANGSPUNKTET er eg ikkje så uroleg for dei flinke. Men dersom me nå skal oppfatta dette òg som eit problem som skal løysast med meir spesialundervisning, eigne klassar og kanskje eigne skular for spesielt evnerike, ser eg mørkare på det. For dersom dei skarpaste alt frå tidleg alder skal behandlast som om dei er spesielt utvalde eller sære tilfelle (diagnose: flink), risikerer me at dei utviklar trekk som ikkje akkurat er sympatiske. Men er det så forbaska vanskeleg å gi dei noko meiningsfullt å driva på med?

Frå tid til anna blir det klaga over Jantelova, som visstnok legg ei klam hand over samfunnet vårt. Og sant nok, dersom vanlege folk stadig blir fortalde at dei ikkje skal tru at dei er noko, er det negativt og hemmande. Men går me til toppen av samfunnet, er Jantelova ein god ting. Den minner dei rikaste, mektigaste, vakraste og mest intelligente blant oss at dei ikkje bør bli for høge på pæra. Derfor har me fått eit samfunn med mindre forskjellar og med eit – enn så lenge – meir beskjedent og folkeleg toppsjikt enn i noko anna land. Takka meg til det framfor land der den politiske klassen og pengeadelen er utdanna ved dei same eliteskulane, på alle måtar fjernt frå vanlege dødelege.

FELLES ARENAER er viktige for tilliten og samhaldet i eit folk. Dessverre er fleire av desse arenaene i forvitring. Me omgir oss stadig meir med folk som liknar på oss sjølve. I Oslo er det som med eit fint ord heiter bustadsegregeringa kome skremmande langt. Det betyr, for å seia det enkelt, at dei kvite og rike klumpar seg saman i nokre delar av byen, mens dei brune og ikkje fullt så rike samlar seg i andre. Det har alltid vore eit klasseskilje mellom vest og aust i hovudstaden, nå har det blitt eit etnisk skilje i tillegg. Prosenten av minoritetsspråklege elevar i Oslo-skulane varierer mellom 98 og 2.

Les også

- Lærerne lærer ikke nok

På same måte er det med omgangskrins og fritidsaktivitetar. Krake søker make. På internett leitar me fram Facebook-grupper, politiske nettstader, chattegrupper eller hobbyforum med likesinna som forsterkar oss i våre interesser og meiningar. I verste fall utviklar det seg ekkokammer der deltakarane dyrkar forvridde verdsbilde utan forstyrrande korreksjon frå verda der ute.Kommersielle krefter dreg i same retning. Kjøper du bøker på Amazon eller søkjer fakta på Google, får du i neste runde tilbod om meir av det same. Samtidsprofetane lovprisar mangfald og individualisme, men det er snarare det motsette som skjer. I staden for eit brokete fellesskap rundt langbordet, fordeler me oss rundt mange småbord der toleransen og interessa for avvikande tankar og smak ofte er uhyggeleg liten. Og institusjonar som tidlegare var ei motvekt – som verneplikta, der professorsonen og bondeguten delte rødfis og tåfis på same seksmannsrom, er gått i oppløysing.

ME STÅR IGJEN med skulen. Fellesskulen. Også den under press, ikkje minst frå dei som i beste meining vil det beste for barna sine, om det nå er fordi dei er «for evnerike» eller av andre grunnar. Men kva skjer om dei beste piggar av? Er det godt for skulen? For samfunnet? For dei flinke sjølv, som ikkje lenger ser dei «mindre evnerike»?

Flinke elevar mistrivst. OK, me har kanskje eit problem. Men me risikerer å få eit mykje større.

Publisert: