Facebook, min beste venn

KOMMENTAR: Éin dag i året er det skikkeleg moro å vera på Facebook. Dei 364 andre? Tja...

Publisert: Publisert:

Facebook-sjef Mark Zuckerberg har lova at personopplysningane han får av oss ikkje skal misbrukast. Kan me stola på det? Foto: ROBERT GALBRAITH / X90034

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Eg fyller år i dag. Det begynner å bli nokre år sidan mine bursdagar inviterte til særleg oppstuss eller feiring. Så i år - som dei siste åra - vil nok den mest omfattande markeringa av åremålsdagen min finna stad på Facebook.

La oss inderleg håpa at dei - kjente som ukjente - som sender ein hyggeleg gratulasjon eller ein positiv tommel opp, ikkje risikerer at deira personlege Facebook-opplysningar ender opp hos eit tvilsamt selskap. Eit selskap som så sel sine analysar om våre sympatiar og antipatiar, basert på desse personopplysningane, til eit politisk parti eller ein kampanje. Til ein tredjepart som så bruker dei til å manipulera meg og mine Facebook-venner til å stemma på ein bestemt måte ved neste val, gjennom informasjon og desinformasjon. Slik det skjedde i USA og i Storbritannia i 2016.

Ikkje bare personopplysningane til dei som takka ja til å delta i ein personlegdomstest på Facebook hamna på avveie. Også vennene deira - dei som hadde likt, delt eller kommentert - sine opplysningar hamna hos Cambridge Analytica. Og, i sin tur, hos Steve Bannon og Donald Trump.

50 millionar brukarar

Ifølgje Facebook skulle personopplysningane til desse 50 millionar Facebook-brukarane heller ikkje kunna spreiast og misbrukast før Cambridge Analytica fekk fatt i dei og brukte dei i kampanjane for Brexit og Donald Trump. Likevel skjedde det altså.

Etter skandalen, som har sendt verdien på Facebook-aksjane ut i eit svalestup og selskapets omdømme ned i kjellaren, har Mark Zuckerberg - igjen - lova at han og gigantselskapet hans skal beskytta dei skremmande presise dataopplysningane dei har om oss.

Men om desse opplysningane, som er Facebooks brød og smør, ikkje skal kunna brukast til å la kommersielle selskap, politiske parti eller kampanjar treffa oss målretta, kva skal då Facebook leva av? Det er jo nettopp forretningsmodellen deira å samla og bruka opplysningane me, i vår naivitet, forer dei med.

Søppelmat

Sjølv har eg blitt mindre og mindre fascinert av å bruka tida mi på Facebook. Har eg brukt ein time på å scrolla meg nedover tidslinja over oppdateringar, diskusjonar og innsmetta om kven av vennene mine som like Tine Melk eller KLM, føler eg meg i aukande grad som eg har ete eit kilo søppelmat.

Denne påskeferien bestemte eg meg for å skru (nesten heilt) av mitt digitale liv. Ikkje sjekka eg epost, verken den på jobben eller dei private. Og ikkje sjekka eg eitt einaste sosialt medium. (Eg overlevde. Det går heilt fint å leva ti dagar i 2018 utan å ha sett dei siste bileta på Instagram eller dei siste oppdateringane på Facebook.)

Då eg vende tilbake til, eh, den verkelege verda, ropte 99 varsel på meg frå Facebook. Twitter hadde sendt meg 20 oppdateringar eg hadde gitt blaffen i, Instagram hadde prøvd seg, App Store hadde 43 oppdateringar eg måtte gjennomføra.

106 epostar låg og venta på jobbmailen, 75 på den eine private kontoen min, eit par hundre på den andre. Av dei rundt 300 «private» epostane stamma éin - 1 - frå eit faktisk menneske eg kjenner.

Bestevenn

Skulle ein analysert seg fram til kven mine beste venner er, basert på varsla på mobilen og kven som sender meg epost, er Facebook min suverent beste kompis, med Twitter som ein god nummer to. Dei hadde sendt meg så mange varsel at det begynte å få noko desperat over seg. Som ein venn du ikkje lenger orkar å ha særleg med å gjera , men som ikkje gir seg.

Men eg er også - tydelegvis - god kompis med TripAdvisor, Rentalcars, Hotels.com, New York Times, Netflix og HBO. Pluss ein haug med firma eg aldri har hatt noko med å gjera. Kvifor i alle verda får eg privat epost frå Superlykt, Kajakk & Fritid, KLM Italia, K-Soft, Fluid.no og Dagens Perspektiv?

Eg - ei vare

Svaret er banalt. På nettet er eg - saman med databruken og personopplysningane mine - blitt ei vare, og gull verdt for dei som har noko å selja. Og det gjeld altså heilt frå Coop og Rema, som har full oversikt over dagligvarene eg kjøper når eg bruker kundekortet mitt og Æ-appen, via teknologigantar som Facebook og Google - og heilt opp til valet av verdas mektigaste mann, som brukte algoritmar, stordata og psykometri som eitt av sine verkemiddel for å nå fram til sine veljarar.

Avisa du held i hendene nå, og konsernet me er ein del av, Schibsted, samlar også på dataopplysningar om lesarane våre. Både for å treffa «målretta», som det heiter, med dei digitale annonsene, men etter kvart også for å «personalisera», som det heiter, det redaksjonelle innhaldet du får opp på skjermen. Ifølgje Datatilsynet sit Schibsted på brukardata heilt tilbake til 2001.

Sjølv har eg, som dei fleste andre, sannsynlegvis vore for lemfeldig med kva eg har klikka «enig» eller «ja, takk» på av vilkår for deling av opplysningar. Men heldigvis har eg delt lite og mista meir og meir interessa for å følgja med på eller delta i den evige straumen av likt og ulikt på sosiale medium. Eg kjem ikkje til å dela meir i framtida.

Men akkurat i dag er det stas å vera på Facebook. Akkurat i dag er Facebook min beste venn - nesten.

Dei siste kommentarartiklane av Jan Zahl finn du her

Publisert:

Kommentator Jan Zahl

  1. – Kva må til for at eg skal bli ein varm Trump-tilhengar?

  2. Viking må bytta navn!

  3. Kva er denne gjengen sin største kulturpolitiske tabbe?

  4. – Koronakrisen har vist at kulturpolitikarane ikkje skjønnar seg på kulturfeltet

  5. – Abid Raja: Det er ikkje frisyren din som er det vesentlege no, men kulturpolitikken

  6. "Skal me ha eit levande mediemangfald også etter korona, må folk rett og slett abonnera"

  1. Kommentator Jan Zahl
  2. Facebook
  3. Cambridge Analytica
  4. Donald Trump
  5. Mark Zuckerberg