Hallgeir og Habermas

Den tyske filosofen Jürgen Habermas og den tidlegare SV-politikaren Hallgeir Langeland tenkjer ulikt om EU og Europa, men kor usamde er dei?
  • Svein Erik Tuastad
    Svein Erik Tuastad
    Statsvitar og dr. polit., Universitetet i Stavanger
Publisert: Publisert:
  • (Oppdatert med replikk frå Hallgeir H. Langeland nederst.)
iconDenne artikkelen er over syv år gammel

DENNE VEKA kjem Jürgen Habermas, den viktigaste politiske tenkjaren i verda i dag, til Stavanger. Er Habermas og norsk venstreside på den same politiske planeten?

Som intellektuell er Habermas glødande oppteken av å få til sterkare politisk integrasjon i EU. Ein mann som Hallgeir H. Langeland, i ei årrekkje vår lokale personifisering av den tradisjonelle venstresida, har hatt eit omtrent rakt motsett syn av Habermas i Europa-spørsmålet. Eller rettare sagt: Slik har den gjengse oppfatninga vore. Men kor stor er i røynda avstanden mellom Hallgeir og Habermas?

Den venstrenasjonalistiske EU-motstanden handlar om å forsvare dei landevinningane nasjonalstaten uomtvisteleg har oppnådd fordi nasjonalstaten vart demokratisk.

Sjølv har eg tidlegare vore aktiv i SV, medan min politiske aktivitet dei siste åra har avgrensa seg til engasjement for Europabevegelsen. «And never the twain shall meet», har eg lakonisk måtte konstatere. Men nokre av dei seinare arbeida til Habermas inkluderer ein oppklarande analyse av EU-motstanden. Kanskje er ikkje Hallgeir og Habermas så ulike som mange av oss til no har trudd.

HABERMAS VISER at det er fundamentale forskjellar mellom EU-motstanden på høgre og venstre flanke. EU-parlamentsvalet i mai kan illustrere poenget hans. Før valet allierte franske Marine Le Pen, ein av dei leiande høgrepopulistane i Europa, seg med ein annan høgrepopulist med betydeleg veljarstøtte, nederlandske Geert Wilders. Veljaroppskrifta deira var å kople EU-motstanden saman med framandfrykt. Også sør— og austeuropearane truga den tradisjonelle kulturen, ifølgje Wilders. Fridomspartiet hans lanserte ei eiga nettside. Der stod det: «Har du problem med sør eller austeuropearane? Eller har du mista jobben din til ein polakk, bulgarar, rumenar eller ein annan frå Sør- eller Aust-Europa? Vi vil gjerne høyre om det.» Etter kort tid hadde 40.000 skrive inn og klaga.

Les også

Jürgen Habermas om EU, Tyskland, nettalderen og journalistikken

Habermas peiker på eit særs viktig skilje mellom den høgrepopulistiske EU-motstanden à la Wilders og den venstrenasjonalistiske EU-motstanden. Motstanden til høgrepopulistane er ikkje berre retta mot elitane, men òg mot andre folkeslag: For det går ikkje bra å blande kulturar, er deira haldning. Venstrenasjonalismen er av ein annan karakter; han rettar seg ikkje mot andre folkeslag. Den venstrenasjonalistiske EU-motstanden handlar om å forsvare dei landevinningane nasjonalstaten uomtvisteleg har oppnådd fordi nasjonalstaten vart demokratisk. MEN DENNE SISTE EU-kritiske synsmåten er faktisk også eit hovudpoeng for Jürgen Habermas. Både Hallgeir og Habermas står rotfesta i ein inkluderande republikansk tradisjon: Deltar du i den politiske fellesskapen, er du med i Store Vi, same kva som er den religiøse eller kulturelle bakgrunnen din.

Skal politikarane vinne tilbake styringsevne i staden for å vere flytekorkar på det opprørte havet til den globale kapitalen, trengst koordinert skattepolitikk på europeisk nivå.

Skilnaden mellom Hallgeir og Habermas i Europa-spørsmålet gjeld difor svara deira på korleis dei europeiske velferdsstatane best kan forsvarast. Habermas vil byggje demokratiet på europeisk nivå vidare ut, han insisterer på at overnasjonal styring trengst. Men på det styringsnivået som alt gjennomsyrer kvardagen til europearane – også vår – må demokrati erstatte teknokrati. Då må den todelte interessa europearen har, både som borgar i nasjonalstaten og i Europa samla, verte ivaretatt. Konkret ser Habermas for seg styrking av det folkevalde EU-parlamentet. Samstundes lyt det parallelle ministerrådet verne dei nasjonalstatlege interessene i eit slags andre-kammer.

DEN FRANSKE SUPERØKONOMEN Thomas Piketty slo, saman med ei gruppe økonomar, nylig til lyd for liknande idear som Habermas har lansert, for å forhindre skattekapplaup mot botnen. Skal politikarane vinne tilbake styringsevne i staden for å vere flytekorkar på det opprørte havet til den globale kapitalen, trengst koordinert skattepolitikk på europeisk nivå.

Dei som tenkjer at vi i Noreg ikkje har slike behov, kan jo ta ein kikk på referata frå rettssaka mot bore— og rigg-giganten Transocean nyleg. Transocean var tiltalt for å trikse bort sju milliardar kroner frå skattlegging ved å plassere overskot i skatteparadis som Cayman Islands, men Oslo tingrett frifann skattetriksarane: - Ein komedie, sa den tidlegare anerkjende korrupsjonsjegeren Eva Joly.

FOR Å HINDRE sosial dumping, skattetriksing og nasjonale skattekapplaup mot botnen, må det politisk regulering til. Spørsmålet Habermas kunne stille til Hallgeir og den norske venstresida, vert: Er effektiv politisk regulering mogleg utan overnasjonalt politisk samarbeid?


Replikk frå Hallgeir H. Langeland:

Svein, Habermas og eg

Hallgeir H. Langeland.

Jürgen Habermas er i Stavanger denne veka, og det har sikkert Svein Erik Tuastad mykje av æra for. Han skriv ein retorisk god gjestekommentar under tittelen «Hallgeir og Habermas».

Eg takkar for det gode selskapet du set meg i, Svein! Men hovudpoenget ditt er som det alltid har vore: Me må inn i EU for å få verda på rett kjøl! Der skil me lag.

Eg starta som aktivist mot kuppet i Chile nine-eleven i 1973, og gjekk ikkje på Viking-kampar fordi Shell sponsa laget og forlenga Mandela si tid på Robben Island. Og ja, me treng overnasjonalitet, Svein, men då er ikkje EU svaret. Verda er større!

Hallgeir H. Langeland, Stavanger

Les også

  1. Næringslivets blindhet

  2. Alder og kjønn, ennå mye ugjort

  3. Trivsel i første klasse

  4. Få deg noko på hjarta!

  5. Leken om ballen

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Knut Arild Hareide flytter til Rogaland

  2. Bertelsen & Garpestad gikk for storstilt julebord: - De ansatte fortjente det

  3. Frelsesarmeen beholder arven fra Inger-Tones adoptivmor

  4. Sånn tenker en fastlege om deg og ditt

  5. Tar farvel med hjemmefansen: – Det blir emosjonelt

  6. – Strømprisene kan knekke folks økonomi. Regjeringen kan ikke passivt håpe på at det går over.