Maktspråk utan meining

Den nye administrative klassen trivst best i den språklege skoddeheimen.

Publisert: Publisert:

språk_hetland_sa_jan12.jpg Foto: Teikning: Hilde Thomsen

  • Tom Hetland
    Politisk kommentator
iconDenne artikkelen er over åtte år gammel

Gitt en integrert målsetting synliggjøres potensialet innenfor rammen av en samlet vurdering.

I dag vil eg driva reklame for Språkrådet. Nyleg lanserte rådet ein såkalla «svadagenerator» på nettet. Der kan du leika deg med å setja saman forskjellige ord og uttrykk som så blir til setningar av den ulne og meiningslause typen som står med feite typar i denne artikkelen.

Ideen er ikkje ny. Den engelske «Bullshit Bingo» har berga mange gjennom ulideleg skoddete konsulentpresentasjonar. Men behovet er ikkje blitt mindre. Til Dagens Næringsliv seier direktøren i Språkrådet, Arnfinn Muruvik Vonen, at han har inntrykk av at det offentlege språket har forandra seg. «Der det før var mer bruk av kansellistil, snirklete setninger med sjeldne, gammeldagse ord, har det nå kommet inn flere vage uttrykk,» seier Vonen.

Han ser ikkje bort frå at det er eit generasjonsfenomen: «Da håper jeg at vi kan bidra til å rydde opp i denne generasjonen.»

Forutsatt en proaktiv agenda identifiseres synergieffekter med henblikk på ressurssituasjonen.

Ein annan rydningsmann er den gamle lærebokforfattaren Egil Børre Johnsen. Han har lese Stortingsmelding 22 frå Kunnskapsdepartementet om ungdomstrinnet i grunnskulen. I ein kronikk i Klassekampen spør han fortvila: «Hvorfor har det vært så smertefullt å lese denne sakprosaiske høysangen til fremskrittet?»

Ein ting er dei merkelege orda. Børre Johnsen listar opp: «lesestrategiskolering, praksisnettverk, optimal strukturfunksjon, endringskapasitet, reformimplementering, refleksjonsverktøy, ståstedsanalyse...»

Kjære lesar, han har endå fleire, men eg skal spara deg.

Hovudpunktet i Børre Johnsens kritikk er likevel ikkje enkeltorda, men heilskapen. Det er rett og slett ikkje råd å gripa kjernen i meldinga: «De enkelte kapitlene avsluttes med et eller flere «Departementet vil»-mål. Disse er så mange og omfattende at de kunne konsentreres i én setning: "Departementet vil Alt».»

Likevel, meiner Johnsen, finst det ein underliggjande bodskap: «Troen på at administrasjon er selve motgiften mot vantrivsel og forfall, styrer fremstillingen. Ideologisk sett utgjør meldingen dermed ikke en fornyelse, men en gjentakelse:

Man vil som vanlig reparere systemet med enda mer system. I stedet for moral setter man styring. I stedet for disiplin setter man tilrettelegging. I stedet for vilje setter man rettleiing. Man går som katten rundt den varme økonomien, og man flykter som ulven fra lys over land.»

På grunnlag av en inkluderende organisasjon genereres spisskompetansen i tilknytning til kjernevirksomheten.

Arnfinn Muruvik Vonen og Egil Børre Johnsen er opptatt av språket i offentleg sektor. Dessverre er det ingen grunn til å tru at tilstanden er betre i det private næringslivet.

Eit språk som er tomt for meining er håplaust å argumentera mot. Men når det har fått hegemoni i ein organisasjon eller kultur, er det dette språket som gjeld

Tvert om er den moderne språksvadaen i det offentlege i stor grad overlevert frå hæren av nyutdanna økonomisk-administrative kandidatar som i seinare år har fylt konsulentselskap og konsernadministrasjonar. Og smitten har kome gjennom «New Public Management» – ideologien om at offentlege institusjonar skal effektiviserast ved å overta styringsformer og styringskultur frå det private.

Språkleg er det neppe eit framsteg.

For tida hyggjer eg meg med Andreas Norland sitt høgst lesverdige tobindsverk om Schibsted-konsernet. Der har den fargerike eigaren og styreformannen Tinius Nagell-Erichsen naturlegvis ein sentral plass. Tinius var ein mann av den gamle skulen. Han insisterte på å kalla seg «bestyrer», og elska å stikka hol på oppblåste viktigperar som kom dragande med «synergiar» og andre økonomiske dialektuttrykk.

Men Tinius er død, og heller ikkje i Schibsted finst det eit evig liv etter døden. Rett nok skriv Per Egil Hegge språkspalta si i Aftenposten i hans ånd. Dessverre må eg ut frå eiga erfaring slå fast at den spalta neppe kan vera favorittlektyre blant Schibsteds unge, sjølv om svadageneratoren truleg går endå raskare varm i mange andre konsern.

Avhengig av en kostnadseffektiv innovasjon maksimeres resultatene i relasjon til implementeringen.

Språkdirektør Vonen er usikker på kva som ligg bak svadaspråket. Kanskje trur mange at det skal vera sånn. Eller at uttrykka blir brukte som pynt. Men han har også ein meir kritisk teori: «Noen uttrykker seg bevisst uklart, fordi de ikke ønsker å være tydelig på hva de forplikter seg til.»

Alt dette er nok rett.

Men språk er makt.

Og kan det vera at det nye svadaspråket, vagt og abstrakt som det er, eigentleg er eit ganske nyttig verktøy for den nye administrative broilerklassen som ryddar seg rom på stadig fleire område i samfunnet, til fortrengsel for fagtradisjonar som byggjer på erfaringar, verdiar og identitetar?

Eit språk som er tomt for meining er håplaust å argumentera mot. Men når det har fått hegemoni i ein organisasjon eller kultur, er det dette språket som gjeld. Den som insisterer på å bruka eit anna språk, stiller seg utanfor og blir ikkje rekna med.

Vår nye administrative klasse, i offentleg eller privat sektor, er eit produkt av det demokratiske, mjuke, likestilte samfunnet. Dei går ikkje med uniform, ridepisk eller flosshatt. Dei framstår ikkje som autoritære og dei vil oss alle så vel.

Men makt har dei. Og bak det ulne språket ligg det ofte brutale realitetar.

Derfor er det nødvendig å avsløra at keisaren ikkje har språklege klede på. Og dessutan er det ganske moro. Lykke til med svadageneratoren!

Tom Hetland er kommentator i Aftenbladet. Foto: Anders Minge

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Politiet fant kokain hjemme hos Petter Northug etter at han hadde råkjørt i 168 km/t: – Har gjort en stor feil

  2. Jakob Ingebrigtsen etter fantomløpet på 1500 meter: – Helt sykt og ekstremt deilig

  3. Arbeidsgiver TV 2 skal diskutere fremtiden med Northug: – Dette er en alvorlig sak

  4. Aldri har hasj vært sterkere. Den erstattet sex, mat og venner for Anne (20). Til slutt turte hun ikke gå ut

  5. Mot morens vilje sendte Eva (21) inn sitt DNA for å finne hennes amerikanske opphav

  6. Countryartist gikk seg bort på sin egen tomt – måtte reddes ut av politiet