Skilsmisse vanleg i islams gullalder

I dag reagerer mange innan islam på forfallet i familiane i Vesten, men då hugsar dei ikkje eller veil kanskje ikkje korleis det var i islamske samfunn i tidlegare tider.

Publisert: Publisert:

I motsetnad til i kristendommen, var skilsmisse i middelalderen grunnfesta i islam. Foto: Scanpix

  • Knut S. Vikør
    Professor ved Universitetet i Bergen, forskar på Midtausten og Afrika

knut s. vikør.jpg

EIT AV DEI VIKTIGASTE ANKEMÅLA konservative muslimar har mot "Vesten" er samanbrotet i familiestrukturen. Grunnmuren i eit sunt samfunn er familien, seier dei; mor, far og barn som ei trygg ramme. I vestlige samfunn er dette meir blitt unntaket enn regelen; så mange ekteskap ender i skilsmisse, barn veit ikkje kvar dei hører heime, og i noen land ender barna på gata der dei må klare seg sjølv.

Kanskje så mange som kvart tredje ekteskap ende i skilsmisse, og usemje om barna var slett ikkje uvanlig.

DET SLIK KRITIKK oftast overser er at i det klassiske islamske samfunnet, slik det var i "storheitstida" i den arabiske gullalderen, var skilsmissefrekvensen langt høgare enn den er i vestlige samfunn i dag. Det var heilt normalt å skilje seg, alle kunne gjere det, både fattig og rik. Kanskje så mange som kvart tredje ekteskap ende i skilsmisse, og usemje om barna var slett ikkje uvanlig.

Rett nok førte slike skilsmisser oftast til raske gjengifter, det var ikkje så vanlig som i dag at fråskilte kvinner og menn vart verande ugifte i lengre tid. Men det var først og fremst eit økonomisk spørsmål, kvinner utan eigen formue trong ein ektemanns inntekt for å klare seg. Rike kvinner som ikkje hadde behov for det, kunne godt bli verande ugifte og styre sine forretningar på eiga hand, kanskje i kompaniskap med ein mannlig slektning. Kva var altså grunnlaget for dette, korleis kunne familien organiseras i det klassiske islamske samfunnet?

Les også

Jakta på eit nytt kjetteri

UTGANGSPUNKTET ER at i motsetning til middelalderens kristendom, er retten til skilsmisse grunnfesta i islam. Som i jødedommen var det rett nok ein svært kjønnsdelt rett: Det var i prinsippet ektemannen som hadde rett til å skilje seg. Kona kunne også "låne" ein slik rett, men under heilt strenge vilkår. Kva slags vilkår var dei islamske rettstradisjonane usamde om. Alle ga ektemannen uavgrensa rett til å skilje seg frå kona, men berre mot ein økonomisk kompensasjon som i mange tilfelle var betydelig – så stor at mannen ofte vegra seg for å nytte seg av sin skilsmisserett.I ein rettstradisjon (i overvekt i dei tyrkisk-talande områda, austover til India) hadde mannen nær monopol på skilsmisse. Kona kunne be mannen om å få skilje seg, mot at ho sa frå seg retten til kompensasjon (eller betalte tilbake den medgifta mannen hadde gitt henne). For ektemannen var dette økonomisk meir heldig, så han ville gjerne heller få kona til å ta initiativet, mens kona (dersom ho ville ut av ekteskapet) prøvde å få mannen til å skilje seg. Uansett, så var det her ei sak mellom mann og kone, der mannen til slutt satt med nøkkelen; andre kunne ikkje blande seg inn.

Retten til barna – eller kostnaden med dei, som det ofte var – var eitt av dei elementa som gjekk inn i forhandlingane rundt kvar skilsmisse og nye ekteskap.

I den rettstradisjonen som dominerer i Afrika, derimot, kunne retten gripe inn på kvinnas vegner. Om mannen nekta å skilje seg, gjekk kona til ein dommar, og om dommaren meinte at vidare samliv var til skade for kona, fysisk eller mentalt, kunne han oppløyse ekteskapet over mannens protest. Også her var idealet å halde partane saman så lenge som mulig, men at ein i det heile brukte omgrep som "åndelig skade" for kona, verkar ganske moderne til middelalderen å vere.

I det sentrale Midtausten (og i shia-islam) tok ein eit mellomstandpunkt; retten kunne oppløyse ekteskap utan mannens velsigning, men berre under meir avgrensa tilhøve.

KORLEIS FUNGERTE DETTE I PRAKSIS? Noen historikarar har prøvd å kartlegge det ut frå rettsdokument i Kairo på 1300-talet, og finn i dokumenta overraskande lite av dette skarpe skiljet mellom "ektemannens" og "konas" skilsmisse. Det ser heller ut som om dei aller fleste skilsmissene kom til ganske udramatisk gjennom ein avtale mellom mann og kone, der det var økonomien som var det viktigaste. Kven skulle betale kven, og kor mye? Om det var barn, kven skulle overta dei (og kostnaden for dei)? Også på det feltet hadde den islamske lova klare reglar; mora hadde barna opp til slik og slik alder, og faren tok dei deretter.

Men i praksis, iallfall hos dei fattige, var dette meir eit ideal. Retten til barna – eller kostnaden med dei, som det ofte var – var eitt av dei elementa som gjekk inn i forhandlingane rundt kvar skilsmisse og nye ekteskap. Ingen ny ektemann var glad for å ta over kostnaden for førre ektemanns barn; om han likevel gjorde det, fekk han avslag på den medgifta han skulle betale. I klassisk lov skulle dette aldri skje, når mor gifta seg opp att, gjekk barna automatisk til far eller farmor, men dokumenta fortel andre historier.

DETTE ER FORTELJINGAR frå storbyen Kairo. Det betyr ikkje at forholda var dei same i andre delar av det store området som vi kallar "den islamske verda". Synet på kvinner og på ekteskapet bygde like mye på kulturelle oppfatningar lokalt som på felles religion og lovreglar. I noen afrikanske samfunn rekna ein kvinnes første ekteskap nærmast som ein inngang til familielivet. Da er det faren som bestemmer, men om kona ikkje er nøgd, skil ho seg etter eitt år eller to, og så vel ho sin neste ektemann sjølv. Andre stader, som på landsbygda i noen asiatiske samfunn, skal ekteskapet gjelde livet ut. Ei kvinne som blir skilt, er "utskjemd" og kan ha vanskar med å finne ein ny ektemann – som ho kanskje trong både for å halde liv i seg sjølv og i barna. Iallfall kunne ho ikkje håpe på særlig mye i medgift.

SOM OFTAST VAR DET NOK MANNEN som sat på pengane, og som trekte det lengste strået. Sjølv om noen muslimske samfunn gav kvinnene større innverknad på sitt liv enn andre, var det ikkje noe "moderne" samfunn i middelalderen. Men den historiske verkelegheita finn ein kanskje heller ikkje berre ved å lese dei religiøse skriftene om korleis det "skulle" vere.

Fem siste i Livssyn-serien:

"De andre" i ulike epoker

Sjelesorg og sjelesang

Jeg er blitt trøtt av religionssnakk

Rop etter guddommeleg inngrep

"Vi" og "de" er sjelden rett

Publisert: