Det skal singla i glashuset

Vert ein fanga mellom det å sitja stilt i glashuset og det å ikkje uttala seg om saker «ein ikkje har greie på», seier det seg sjølv at systematisk doping, korrupsjon eller uhemma lønsvekst for dei privilegerte held fram.

Publisert: Publisert:

"Det er gode grunnar til at varslaren bør forfremjast til ein av vår tids heltar", skriv Sofie Braut. Foto: Scanpix

  • Sofie Braut
    Lektor og skribent
iconDenne artikkelen er over syv år gammel

32652.jpg

«EG VEIT IKKJE EG, EG BERRE JOBBAR HER». Desse minneverdig tafatte orda fall på eit kjøpesenter der nokon kjenningar uheldigvis hadde rota seg inn i ein butikk for å handla eitkvart elektrisk. Mangelen på sørvis var såpass total at det bikka over i det interessante. Haldninga til den unge butikktilsette kunne kanskje tilskrivast personleg latskap, men uttrykkjer òg ein kultur for ansvarsfråskriving og nedvurdering av enkeltmennesket si rolle som ytrar seg både på golvet og i dei høgare laga av det norske samfunnet.

Det er ei kjensgjerning at varslaren, den fritalande og sjølvstendige medarbeidaren, stadig vert viktigare.

Advokatlønningar, dopingsaker og politikarnettverk er døme på aktuelle saker i mediebiletet som alle peikar mot det nødvendige i at folk internt i ulike instansar og etatar sjølve seier frå om kritikkverdige høve. Me veit alle kor dårleg det lyder når sjølverkjenning ikkje når fram i tide. Tidligare syklist Steffen Kjærgaard vart nyleg eit slåande døme. Ein vedkjenner, innrømmer og angrar, men ikkje før alle moglegheiter for retrett er vurderte, og ettertrykkeleg skrinlagde.

Denne framgangsmåten, kor ukledeleg han er, er ein gjengangar: Halve unnskyldningar, innrømmingar etappevis pressa fram av nye medieoppslag, uheldige omstende som ein sjølvsagt tek avstand frå når medieljosets grelle stråler treff.

Les også

Den ideelle læraren ei maskin?

DET ER GODE GRUNNAR til at varslaren bør forfremjast til ein av vår tids heltar. Mogleg rolla i seg sjølv inneber at ein berre kvalifiserer for antihelt, men likevel. Varslaren er den litt kverulant, ikkje-straumlinjeforma medarbeidaren som faktisk rangerer etterretteleg framferd over smidig lojalitet; ord det gjerne skin litt meir av, særleg sett frå arbeidsgjevars side. Det å trena evna til sjølvkritikk og overblikk er livslange prosessar i alle fall i samfunn der byråkratiet er i vill vekst og der strukturane er innfløkte og yrkestitlane stadig mindre informative. Det er mange konsulentar kringom, for å seia det slik, men kva dei gjer alle saman kan av og til vera verre å få fatt i. Omgrep som stordriftsfordelar og synergiar har vore i vinden ei heil tid alt. Her er gode døme på typiske stordriftsulemper: Prosessar vert mindre transparente, det er vanskeleg å få auga på makta, og uheldige prosessar får surra og gå, for det er ingen som stiller spørsmål.

Vert ein fanga mellom det å sitja stilt i glashuset og det å ikkje uttala seg om saker «ein ikkje har greie på», seier det seg sjølv at systematisk doping, korrupsjon eller uhemma lønsvekst for dei privilegerte held fram.

Eigedomsselskapet Entra treng ein jo berre nemna her. Sett i ettertid kan ein jo lura på kvifor eit smålåte selskap finansiert på felleskassa uhindra fekk susa over i stormannsgalskapen slik utan vidare. Men svaret er jo enkelt. Ingen av dei involverte stilte spørsmål. Spørsmåla måtte koma utanfrå, og landinga vart fri frå alt som heiter stil. Det var langt mellom dei som kom på at ein burde bremsa.

MEN DETTE Å HALDA KJEFT er langt på veg institusjonalisert og sosialisert inn i oss; det stikk djupare enn ein ofte er klar over. Ein må gjerne tru at det å vera fritalande gjev status, men ytrar ein seg i media, meiner mange det motsette. I ein tidlegare artikkel tok eg til dømes opp uheldige sider ved pc-bruk i vidaregåande skule. På ingen måte noko varslarbragd, men responsen illustrerer like fullt poenget. Frå ulikt hald kom det meg fort for øyra at dette var eit dårleg grep. Det var å skita i eige reir, som ein lesar uttrykte det. Høyrest ikkje særleg innbydande ut, men det er eit større problem at mange er så opptekne av å halda det same reiret reint, at ein feiar alt uheldig under teppet.

Eit anna munnhell handlar om at ein sit i glashus, og følgjeleg ikkje bør gjera dei store utfalla med skarpe objekt. Men sit ein i eit glashus, bør ein sjølv ta eit visst ansvar for å gje det ein kontrollert kollaps, og i staden koma seg ut i den verkelege verda. I tillegg til glashus-metaforen finst det ein annan grunn til at folk teier, og det er at ein opplever seg i for stor grad på utsida av system eller prosessar. Vert ein fanga mellom det å sitja stilt i glashuset og det å ikkje uttala seg om saker «ein ikkje har greie på», seier det seg sjølv at systematisk doping, korrupsjon eller uhemma lønsvekst for dei privilegerte held fram.

TIL SJUANDE OG SIST kan ein gjerne snakka om at dette igjen handlar om menneskeformatet; me vert fort lurte til å tru at rolla vår er ubetydeleg. Men det er framleis slik at sjølv dei største system står og fell med den einskilde. I møtet med store strukturar, i nettverk og på arbeidsstader er ein avhengig av einskildmenneske som er ansvarleg til stades i si rolle med tilhøyrande integritet. Ein må ta plass, retta ryggen og fylla opp det formatet ein har fått. Ingenting skapar betre grobotn for ukultur enn menneske som tenkjer smått om rolla si og nedvurderer sjansen sin til å påverka.

Å idyllisera varslarrolla bør sjølvsagt vera bannlyst, her er nok av døme på kolossale menneskelege kostnader knytt til det å stå opp mot mektige mekanismar. Men det er ei kjensgjerning at varslaren, den fritalande og sjølvstendige medarbeidaren, stadig vert viktigare. Ein kan starta med å kursa tafatte butikkmedarbeidarar i nye opningsreplikkar slik som: «Klart eg skal hjelpa deg. Eg har akkurat det du treng her. Eg er nemleg praktisk talt butikkeigar – i alle fall ein gong i framtida».

Fem siste i Liv og levebrød-serien:

  • Rike uten inntekt
  • Folkehelse for unike mennesker
  • Balanseringsbøygen
  • Mørke måneder høsten 1942
  • Hva er nok sikkerhet og beredskap?
Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Her går ballen i mål for 7. gang i kveld

  2. Ung kvinne i Sandnes er kommet til rette

  3. Lagt merke til gult støv i vannkanten i pinsen?

  4. Trafikkulykke i Time

  5. Trafikk­ulykke på E 39 – gravid til sykehus

  6. Tvangsvedtak opphevet – rådmannen sa ingenting