Nasjonalismespøkelset marsjerer

Det skotske nasjonalistpartiet SNP får torsdag innfridd ønsket om ei folkerøysting som skal avgjera om Skottland blir ein sjølvstendig stat. Kvifor no?

  • Eirik Magnus Fuglestad
    Master og doktorgradskandidat i nasjonalismestudium, Universitetet i Edinburgh
Publisert: Publisert:

Eirik Magnus Fuglestad.JPG

iconDenne artikkelen er over seks år gammel

EIN KAN UNDRA på kvifor eit slikt dramatisk nasjonalistisk oppbrot skjer i hjartet av ei relativt stabil vestlig verd i 2014. På mange måtar er nasjonalismen eit spøkelse som viser seg på høglys dag, kanskje er det difor så mange som møter den med vantru. Kanskje er det fordi me veit at i vårt eige skap, der gamle ting er løynde, der har me òg eit nasjonalismespøkelse liggjande. NESTEN SIDAN samfunnsvitskapen tok til har det vore ein rådande diskurs at nasjonalismen var eit skrømt som ville forsvinna, berre det skinnande ljoset åt framsteget fekk lysa opp og visa veg. I 1840 åra hevda sosiologiens bestefar og kommunismens far, Karl Marx, at nasjonalismen var noko som høyrte fortida til. I dag er det apostlane for globalisering og kosmopolitisme som mest systematisk vidarefører denne tradisjonen. Men det viser seg gong på gong at nasjonalismen blir verande. Kan det hende den skotske nasjonale rørsla av i dag ikkje er unnataket, men regelen?

Les også

Knallhard kamp om usikre skotter

Nasjonalisme som fenomen dukka opp seint i den menneskelige soga – det vanlige er å seie at den vart fødd med den amerikanske og den franske revolusjonen sist på 1700-talet. Etterpå har nasjonalstatar slått mot verda som stadig nye bølgjer mot stranda. Når ein ser på Skottland i dag, kan det difor vera nyttig å sjå på den første bølgja av nasjonalisme, og den amerikanske revolusjonen. DEN AMERIKANSKE REVOLUSJONEN fører oss til Storbritannia, som Skottland framleis i dag er ein del av. Då amerikanarane gjorde opprør mot den britiske staten, var det på liknande grunnlag som skottane i dag gjer opprør mot den same staten. «No taxation without representation» (ingen skatt utan representasjon), ropa amerikanarane over Atlanteren. Bak dette låg at amerikanarane ønska seg representasjon i parlamentet i London. I utgangspunktet var det ikkje noko ønske om lausriving, amerikanarane såg på seg sjølve som gode britar; det var nett difor dei braut med Storbritannia. Som britar kravde dei rettar som britar, dei ville bestemma korleis skattar skulle disponerast.

Dette er kjernen i den skotske nasjonalismen i dag. «Me er del av den britiske staten», seier skottane, «kvifor har me ikkje då verkeleg representasjon i London, slik at me kan bestemma korleis skattane våre skal brukast?» Som amerikanarane i 1776, har skottane i 2014 vore del av den britiske staten i fleire hundre år – og som britar har dei fått sine demokratiske rettar. Det var ein skotsk konge som kjempa for einevelde på dei britiske øyene, og etter den engelsk–skotske unionen i 1707 var det i Skottland at jakobittane – dei siste forkjemparane for eineveldet – lengst heldt stand. I dag er det difor i røynda rettane som skottane har i kraft av å vera britar, dei ser som krenkte, slik amerikanarane såg deira britiske rettar krenkte i 1776. KRAVA OM SJØLVSTYRE byrja i Skottland i 1960-åra, som respons på økonomisk stagnasjon i den britiske staten. Etter 1960 var den britiske økonomien utdatert, samanlikna med kor leiande den var dei førre 200 åra. I dag er landet framleis i finanskrise. Dei største og dei leiande sosiale gruppene i Skottland var stort sett nøgde med den britiske staten før økonomien stagnerte; Glasgow var til dømes lenge nesten like økonomisk viktig som London. Slik også med den amerikanske lausrivinga to hundreår tidlegare, det kom ingen krav om sjølvstyre før økonomi var eit tema. Ofte handlar nasjonalismen om å forsvara det ein ser glida or hendene. Det er ofte då ein ser seg krenkte.

Nasjonalismen starta med sprekkjer i det britiske imperiet.

Og nasjonalisten gjev seg ikkje før rettane ein ser som krenkte, blir røynlige i rein form, alt anna blir sett på som perversjon. Amerikanarane sa difor i 1776: «Me har meir sosial og økonomisk likskap enn i England, me er frie, lat oss styra oss sjølve slik at me kan halda på likskapen og fridomen.» Skottane som vil ha lausriving, seier difor i dag: «Me tenkjer meir egalitært enn i England, me har rettar som må forsvarast frå London».

MEN KVIFOR BLIR IKKJE til dømes det nordlige England sjølvstendig då? Dei kjem med mange av dei same klagene som Skotland. Forskjellen er at skottane byggjer krava sine på ein sterk historisk tradisjon. Nasjonalisme er historisk identitet og politiske rettar om likskap som blir knytte saman; dette prinsippet byggjer nesten alle statar sin legitimitet på i dag – også den norske. Det å vera norsk er å høyra til ei historie og å knyta rettar om fridom og likskap til denne. Me er frie fordi eidsvollsmennene i 1814 gjorde oss frie, og me har ein rett fordi Noreg var eit kongerike i mellomalderen, seier me. Kva ville me seia om nokon fortalde oss at rettane våre som folk ville ha vore betre trygga i unionen med Sverige heller enn som eigen stat?

Les også

Separatister vil løsrive Skottland uten kilt og haggis

NASJONALISME KJEM i bølgjer. Oppløysinga av Sovjetsamveldet var den siste bølgja. Den skotske folkerøystinga kan vera starten på den neste, for etter følgjer kanskje Catalonia i Spania, og tru om ikkje Belgia blir splitta. Nasjonalismen starta med sprekkjer i det britiske imperiet. Førebels stoggar den kanskje ved oppløysinga av den britiske staten?Og ut frå det som er nemnt ovanfor, er skotsk nasjonalisme eit logisk resultat av utviklinga i den britiske staten, like mykje som eit døme på det normale i moderne politisk diskurs? Kan hende er det på tide å byrja tru på spøkelse?

Les også

  1. Skal Norge gi skottane råd?

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Pride-bryllup: – Fantas­tisk å gifte seg i selveste bibel­beltet

  2. Syden-boom etter lettere koronatiltak

  3. Ni koronasmittede i Suldal

  4. «For mye vekt på følelser og psykisk helse i skolen?»

  5. De satte alltid Irene først, fordi hun trengte dem mest

  6. – Har ingen kjempegod forklaring