Forsvar, angrep og religion

Som kristendommen, har også islam ei krigersk fortid. Men kva betyr eigentlig jihad? Er det forsvarskamp, misjon ved sverdet eller berre rein maktpolitikk?

Publisert: Publisert:

«For å forstå kva jihad kan bety i ulike situasjonar, må ein sjå på samanhengen ordet blir brukt i», skriv Knut S. Vikør. Foto: AP/Scanpix

  • Knut S. Vikør
    Professor ved Universitetet i Bergen, forskar på Midtausten og Afrika

doc62ewcr584c61farjw4f1.jpg

GJENNOM HISTORIA har politisk makt og religion alltid hørt saman, og på same vis har politikk og krig eit samband. Det er derfor ikkje merkelig at mange religionar, mellom dei islam og kristendom, har omgrep om «heilag krig» eller «Gud er med oss» i kampen. I dei seinare åra har vi mest høyrt om dette hos unge, ekstreme muslimar som ropar om «jihad» mot sine fiendar, enten det er fredelige norske olje-ingeniørar eller det blodige regimet i Syria. Moderate muslimar protesterer og seier at desse villstyringane feiltolkar og misbrukar religion og set islam i vanry med sine terroraksjonar. Men sjølve omgrepet jihad høryer klart med til den islamske teologien. Så kva betyr dette ordet eigentlig? STRENGT TATT er denne religiøse krigen den lågare forma for «jihad fi sabil Allah» (strev for Guds sak), som er den fulle formuleringa. Den «høgare» jihad er kvar enkelt truande sin kamp i sitt indre mot sitt ego og for åndelegheit. Men når ein muslim seier «jihad», meiner han til vanlig det same som oss andre, den militære kampen for Guds og muslimanes sak.

Erobrarane var interessert i makt, rikdom og skatt, ikkje omvending.

I utgangspunktet betyr jihad ein militær konflikt mellom ein muslimsk og ein ikkje-muslimsk hær. Det er ikkje noe «heilagt» eller sakralt ved sjølve striden. Men når ein rettmessig muslimsk herskar har erklært jihad, pliktar alle truande å bidra, enten det er med våpen eller med pengar (skatt). Spørsmålet er, kven har rett til å erklære slik jihad, og under kva vilkår? Muslimske teologar i dag legg stor vekt på at jihad berre kan vere ein forsvarskrig, når samfunnet blir angripe er det ein solidarisk plikt for dei truande å forsvare seg. Dette stemmer jo også med realitetane dei siste par hundreåra, da militært overmektige kolonimakter skylte over den muslimske verda og dei lokale leiarane måtte mobilisere som best dei kunne mot angriparane.

MEN I KLASSISK TEOLOGI var det ikkje noe slikt skilje mellom offensiv og defensiv kamp, alle konfliktar mellom muslimar og ikkje-muslimar var jihad, også erobringskrigane. Det reiser derfor spørsmålet om jihad då var ein misjonerande krig: å utbreie islam med sverdet. Og her blir det historisk interessant, for i klassisk teologi er svaret ja. Jihad skal vere misjon. Men i realiteten skjedde dette nesten aldri. Jihad hadde andre formål enn misjonen.

Ein demonstrant utanfor Egypt sin ambassade i Jakarta i Indonesia i 2009 protesterer mot Israel sine angrep på Gaza-stripa. Foto: Reuters/Scanpix

Grunnen til denne forskjellen ligg i at den klassiske teologien var ferdig forma først på 800— og 900-talet, to–tre hundreår etter at islam oppstod og rundt hundre år etter at dei store arabiske erobringane tok slutt utpå 700-talet. Teologien sa altså korleis dei meinte det burde ha vore gjort: Når kalifen møtte ein fiendtlig hær, så måtte han først sende ut eit sendebod som oppmoda fienden om å gå over til islam. Gjorde fienden det, så var det forbode å føre krigen vidare. Først når fienden ignorerte sendebodet, kunne kalifen gå til kamp. Om han vann, skulle alle «bokfolka» (kristne og jødar) behalde sin religion, men erkjenne kalifens herredømme ved å betale ein særlig skatt, jizya. Heidningar, derimot (altså alle andre), fekk ikkje slikt val og skulle konvertere til islam eller bli drept. I DEN REELLE HISTORIA til ekspansjonen ser vi nesten aldri ein slik framgangsmåte. Noen «invitasjonar» til å konvertere finn vi ikkje, og dei slegne vart alle pålagt jizya-skatten, uansett om dei var kristne, heidningar eller kva. Det var noen døme på tvangskonvertering, men dei er unntaka. Erobrarane var interessert i makt, rikdom og skatt, ikkje omvending.

Dette var nok fordi i dette første hundreåret etter profeten, oppfatta dei arabiske stammane islam som sin eigen religion, som ingen andre trengte blande seg i. Koranen kan nok klart lesas som at islam er ein universell religion, for alle menneske: Alle som ikkje er muslimar, går det ille med på Dommens dag. Synd for dei, meinte arabarane, men det er deira problem, islam er vår ting.

DET FØLGDE også store økonomiske privilegiet med å ha deltatt i erobringane, som dei ville halde for seg sjølve. Dersom noen utanfrå absolutt ville konvertere til islam, så måtte arabarane motstrebande gå med på det, men desse måtte fortsett betale sin jizya, uavhengig av at dei nå faktisk var blitt muslimar.

Dette heldt berre eit århundre. Det kom raskt så mange konvertittar, ikkje minst av persisk opphav, at det var uråd å halde fram med å dele muslimane i A- og B-status. Ein stor revolusjon i år 750 styrta det gamle regimet, og ei ny kalifslekt flytta hovudstaden til Bagdad. Samtidig vart dei arabiske privilegia oppheva, og alle muslimar skulle nå stillas likt. Dette var altså den nye tida teologane forma sine idear i, at islam var for alle og skulle breias ut. Men på den tid hadde altså grensene til riket i stor grad stabilisert seg, og ekspansjonen seinare gjekk meir gjennom handel og rikdom enn gjennom erobring.

OMGREPET JIHAD har derfor blitt brukt på mange ulike måtar opp gjennom tidene, alt etter som dei historiske tilhøva har endra seg. For å forstå kva det kan bety i ulike situasjonar, må ein sjå på samanhengen ordet blir brukt i.

Fem siste i Livssyn-serien:

Publisert: