Den moralske panikkens tidsalder

KOMMENTAR: Denne veka lærte Stavanger kulturskule sine elevar at moralsk panikk bør styra oss i møtet med kunst og kunstnarar. Og at rettsstatens prinsipp ikkje gjeld folk som Michael Jackson.

Publisert: Publisert:

Til helga viser NRK den omstridde HBO-dokumentaren om Michael Jackson. Men sjølv om ingen har sett filmen, har han allereie ført til sensur og omlegging av planar i kulturlivet. Foto: Rusty Kennedy / TT NYHETSBYRÅN

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Me lever i ei merkeleg tid. Mens det styrande prinsippet innanfor moderne, vestlege rettsstatar har vore at du er uskuldig fram til det motsette er bevist, er prinsippet i den moralske panikkens tidsalder snudd på hovudet: Du er skuldig frå den augneblinken nokon påstår noko om deg, og fram til du motbeviser det.

Også prinsippet om kontradiksjon - altså sjansen til å forsvara seg og koma med tilsvar før ein blir dømd - er tilsynelatande oppheva.

Du er skuldig frå den augneblinken nokon påstår noko om deg, og fram til du motbeviser det.

Det same er rettsvesenets tankar om straff og rehabilitering. Mens ein dommar dømmer folk etter brot på lovar og reglar, og den skuldige må sona si straff, er eit heilt sentralt poeng at den dømde deretter skal rehabiliterast. Det skal altså vera mulig å feila, sona - og så bli ferdig med saka og koma tilbake til samfunnet. Men i den moralske panikkens tidsalder er straffa, sjølv om brotsverket verken er beviste eller alvorlege brot på formelle lover og reglar, livsvarig. Den amerikanske komikaren Louis C.K. har blotta seg og onanert framfor fleire kvinner - dermed bør han aldri få stå på ei scene igjen. Trond Giske har brote Aps interne reglar og retningslinjer, dermed bør han aldri få eit sentralt tillitsverv igjen.

Dommar og bøddel

Samtidig som me er i ferd med å forlata rettsstatens prinsipp, har også den dømmande makta blitt flytta ut av rettssalen. Denne veka framstod både statskanalen NRK og Stavanger kulturskole - i samråd med skulesjefen i Stavanger - både som dommar og bøddel i møte med ein HBO-dokumentarfilm om avdøde Michael Jackson. Ein dokumentarfilm ingen hadde sett. Ein dokumentarfilm som ikkje lever opp til NRKs standard for tilsvarsrett, og dermed ikkje tilfredsstiller grunnleggjande journalistiske prinsipp.

NRK bestemte seg for å stoppa spelinga av Michael Jacksons musikk i to veker, fordi to personar i dokumentaren kjem med påstandar om seksuelle overgrep. Jackson blei tiltalt for seksuelle overgrep mot barn mens han framleis var i live, men blei frikjent i amerikansk rett i 2005.

– NRK har gjort dette for å vise hensyn til folks følelser, sa NRKs musikksjef Knut Henrik Ytre-Arne. Dagen etter kom kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen på jobb og omgjorde vedtaket.

Belastning for barna?

Men i Stavanger er popkongen ute i kulda. Stavanger kulturskoles store danseforestilling i mai skulle eigentleg vera eit Michael Jackson-show, og øvinga var godt i gang. Men etter at folk i dansemiljøet høyrde om dokumentaren, blei showet omgjort til ei hylling av popmusikk frå 1970 og −80-talet.

– Uten å ta stilling til innholdet og sannhetsgehalten i det, fryktet vi at det kunne blir en oppmerksomhet rundt forestillingen som kunne bli en belastning for barna, sa kulturskulerektor Hans Willoch Bræin til Aftenbladet.

Igjen kjensleargumentet - som er det styrande prinsippet i den moralske panikkens tidsalder. Nokon kan kjenna seg krenka. Nokon kan føla ubehag. Gjerne på vegne av andre. Og emosjonelt ubehag er altså ikkje noko me skal måtta tåla i 2019. Sjølv om det er komplett ufarlig.

Emosjonelt ubehag er altså ikkje noko me skal måtta tåla i 2019. Sjølv om det er komplett ufarlig.

Fjern det ubehagelege!

Det er interessant å sjå korleis kulturinstitusjonar som NRK og Stavanger kulturskole har forhalde seg til Jackson-gate, fordi det er blitt så typisk for vår tid. For svaret på korleis ein skal forhalda seg til det som potensielt kan virka problematisk, støtande eller vekka ubehag er ikkje å diskutera eller å prøva læra noko, men å fjerna det. Skulpturar av sørstatsgeneralar i USA? Riv dei ned, sjølv om dei representerer ein del av landets historie. R. Kellys musikk - etter at han er skulda for seksuelle overgrep? Fjern han frå Spotify! Kevin Spacey? Få han vekk! Og kva med Ryan Adams, Phil Spector, Knut Hamsun, Derrick, Woody Allen, Roman Polański?

Skulle ein fjerna kunsten til alle kunstnarar som opp gjennom historia har hatt eitt eller anna svin på skogen - målt med 2019s moralske panikkbriller - ville me site igjen med svært lite.

Kva med refleksjon?

I staden for boikott, sensur og omvegen rundt ubehaget og det kompliserte, kunne NRK og kulturskulen heller brukt desse sakene til å læra folk, barn og unge å reflektera rundt interessante, prinsipielle og relevante tema. Kva er samanhengen mellom ein kunstnar og kunsten? Mellom liv og verk? Heng dei saman? Kan dei skiljast frå kvarandre? Korleis kunne Knut Hamsun visa ei slik innsikt i menneskesinnet i litteraturen sin - men samtidig vera nazist?

Kan du laga god kunst sjølv om du ikkje er eit feilfritt menneske?

Kan du laga god kunst sjølv om du ikkje er eit feilfritt menneske? Kan du vera ein god politikar, ein god næringslivsleiar, sportsutøvar, røyrleggjar, saksbehandlar i kommunen eller journalist sjølv om du har gjort dumme ting i livet?

Det smartaste, både av NRK og Stavanger kulturskole, ville vera å ikkje begynna med sensur, men ha som prinsipielt utgangspunkt at det kunstnariske verket og uttrykket skal få leva - og gjerne diskuterast - sjølv om opphavspersonen har gjort diskutable ting. Men i den moralske panikkens tidsalder, er eg redd det er for mykje å håpa på. Denne veka har Stavanger lært sine kulturskuleelevar at det som skal styra oss i 2019, er hysteriet.

Les fleire kommentarar av Jan Zahl:

Publisert:

Kommentator Jan Zahl

  1. – Kva må til for at eg skal bli ein varm Trump-tilhengar?

  2. Viking må bytta navn!

  3. Kva er denne gjengen sin største kulturpolitiske tabbe?

  4. – Koronakrisen har vist at kulturpolitikarane ikkje skjønnar seg på kulturfeltet

  5. – Abid Raja: Det er ikkje frisyren din som er det vesentlege no, men kulturpolitikken

  6. "Skal me ha eit levande mediemangfald også etter korona, må folk rett og slett abonnera"

Les også

  1. Me har aldri hatt det betre – og aldri vore reddare

  2. Jan Zahl: – Kunsten å gjera seg upopulær

  1. Kommentator Jan Zahl
  2. Knut Hamsun
  3. Michael Jackson
  4. Ryan Adams
  5. Kevin Spacey