Trynefaktoren skal vekk – hjartet òg?

Politikarane vil vedta vekk trynefaktoren i vidaregåande skule. Kanskje ein god idé, berre ein passar litt på. Ein kan koma til å røska ut hjartet i same slengen.

Publisert: Publisert:

"Eit vedtak om at vurdering skal flyttast ut av ein relasjonell samanheng, vitnar på litt trist vis om at ein likevel meiner det beste hadde vore om ein kunne la elevar vurderast av maskinar", skriv Sofie Braut. Foto: Scanpix

  • Sofie Braut
    Lektor og skribent
iconDenne artikkelen er over syv år gammel

Sofie Braut.jpg

FØR DENNE HAUSTEN VEDTOK POLITIKARANE å opna for bruk av meir anonymisert vurdering i vidaregåande skule i Rogaland. Ideen er å ta eit oppgjer med trynefaktoren og alle negative assosiasjonar vi måtte ha til den. Argumenta handlar om ei meir likeverdig vurdering av alle elevar, om å luka ut tilfelle av urettferdig bedømming som botnar i ein dårleg relasjon mellom elev og lærar. Somme har vidare peika på at det skal dempa stresset for læraren i samband med utdeling av prøvar. Når andre har retta, er ikkje læraren lenger den som får spørsmål og eventuelle frustrasjonar midt i timen. Så langt dei gode intensjonane.

Anonymisering ryddar vekk den brysame relasjonelle faktoren, menneskefaktoren.

Trynefaktoren er eit fenomen knytt til skulen slik ein humørsjuk sjef, dårlege vaktordningar eller uklar arbeidsfordeling kan vera knytt til arbeidslivet elles: han finst. Ein høyrer om det, eller ber kanskje på ei dårleg erfaring. Det kan handla om Per som får for god karakter fordi han er hyggeleg og positiv, men oftast dreier det seg om Pål som systematisk vert undervurdert fordi han er oppkjeftig og vrang og generelt har ein elendig relasjon til den læraren som set karakter.

Kva gjer ein med slike forhold? Ein måte er jo den politikarane no vil prøva ut: Nemleg å vedta vekk trynefaktoren. I staden for å få karakter av den læraren som eleven har ein kvardagsleg klasseromrelasjon til, skal ho verta eit anonymt nummer i ei bunke hjå ein annan lærar. Ikkje på alle prøvar, men på dei som tel mest. Éin gjev opplæring, ein annan står for vurdering – ei arbeidsfordeling som fjernar problemet, i alle fall tilsynelatande.

DET ER MOGLEG at lærardraumen min til dels var tufta på gammalmodige idear. Rollemodellar fanst, i tillegg til dei ein møtte livs levande i klasseromma på Suldalsosen, både i Anne frå Bjørkely og Huset på prærien . Men, slik andre enn meg òg har poengtert, det finst livskraftig tankegods, ikkje berre falmande idealisme her. Det at ein lærar går nokre steg saman med eleven, rettleier og er ein positiv autoritet med vurderingsrett, er jo stadig høgaktuelt. Denne relasjonen kan representera både varme og friksjon; her kan læring og personleg vekst skje. Her kan sjølvsagt også feil skje, slik er det jo oss menneske imellom. Men ein realistisk feilmargin rokkar ikkje ved det grunnleggjande positive ved elev/lærar-relasjonen. Og sjeldan er feila verre enn at dei vert fanga opp av systemet rundt med klagerett, tydelege vurderingskriterium og stadig opnare klasserom. Eit vedtak om at vurdering skal flyttast ut av ein relasjonell samanheng, vitnar på litt trist vis om at ein likevel meiner det beste hadde vore om ein kunne la elevar vurderast av maskinar. Anonymisering ryddar vekk den brysame relasjonelle faktoren, menneskefaktoren. Ein skal vera eit nummer, «trynet» skal ut, og vurderinga ikkje lengre vera andlet til andlet. Kva fortel det om oss at vi vil ofra hjartegode moment som eit nærverande ansvar og kontinuitet i oppfølginga i jakta etter å verta meir plettfritt straumlinjeforma?

Litt fleire mellomledd, litt fleire skjema, slik trur vi at vi vert tryggare.

EIN MÅ GJERNE SNAKKA SEG ANDPUSTEN om oppvurdering av læraren som autoritet og kompetent yrkesutøvar, ein må gjerne argumentera for eit meir attraktivt studium og auka løn. Visjonar og framtidsvoner på skulens vegner vert framførte på så mange melodiar. I praksis er det likevel vedtak som dette som talar høgast: ein lit likevel ikkje på lærarens dømmekraft når det kjem til stykket. Det er tryggare å styra med endå fastare politikarhand. Litt fleire mellomledd, litt fleire skjema, slik trur vi at vi vert tryggare.

Dei seinare års gjennombyråkratisering av skulen med paranoid-pertentleg innhenting av dokumentasjon som hovudingrediens, er i mange tilfelle sjølve skrustikka kring varme og kreative pedagogar. Ironisk nok vitnar dette om at det likevel er det «ytre som tel»; skulens eigen trynefaktor vert å visa til at ein har alt på det tørre når det gjeld dokumentasjon og pliktoppfylling. Kor hjarta vart av i farten er ikkje alltid så lett å komma på.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Barnehage­ansatt i Stavanger testet negativt på korona på andre test

  2. – 1. mars tok ekskona mi, Janne, livet sitt. Knappe to uker etter kom korona­pandemien

  3. Slik blir høstens skole­hverdag på barne­skole, ungdoms­skole og videre­gående skole

  4. Kvernevik: Mann i 40-årene pågrepet etter å ha truet nabo

  5. Koronasmitte på Fjord Line-båt

  6. På vei til byen på hjemmelaget flåte