Klaus Mohn: Meir uro rundt olje og klima i neste stortingsperiode

GJESTEKOMMENTAR: Uansett utfall av stortingsvalet: Det går mot hardare frontar i olje- og klimapolitikken i neste stortingsperiode.

Publisert: Publisert:

Før stortingsvalet for fire år sidan dekka Natur og Ungdom sin protest over logoen på Frp sitt partikontor. Dei neste åra vil synspunkta til klimarørsla få større gjennomslag i Stortinget enn nokon gong. Foto: Fredrik Varfjell, Scanpix

  • Klaus Mohn
    Professor, Handelshøgskolen ved UiS og NHH
iconDenne artikkelen er over tre år gammel
  • Denne kommentarartikkelen blei publisert på dagen for stortingsvalet i 2017.

I dag har dagen kome. Dagen då me alle kan spele ei rolle. I dag er det stortingsval, på sett og vis som ein bursdag for det norske demokratiet. Etter fire år med Høyre og Frp i regjering kjem svaret på om dei vil få fornya tillit, eller om Solberg må vike plass for Støre.

Gjennom dei siste seks vekene har tv-kanalar og aviser teke valkampen på pulsen, minutt for minutt. Me har blitt dynga ned av meiningsmålingar, kommentarar og reportasjar frå ein innbitt kamp om setene på Stortinget. Og spenninga er det lite å seie på. Heilt til det siste veit me lite om kven som står att som vinnar i kveld, kven som må finne seg anna å gjere og ikkje minst kven som får plass ved Kongen sitt bord kvar fredag i tida som kjem.

Eg skal være varsam med å varsle utfallet i kveld. Likevel har valkampen og utviklinga dei siste åra bore bod om endringar som truleg vil påverke både valresultatet og politikken i tida som kjem, uansett kven som blir statsminister. Og nokre av desse endringane har eg betre føresetnad for å kommentere.

Meir miljø, meir klima

Det første tipset mitt er at omsynet til miljø og klima vil spele ei sterkare rolle i stortingsperioden som ligg framfor oss enn tilfelle var i perioden bak oss. Internasjonalt ser me aukande knappleik for ei lang rekke naturressursar, med stadig større press mot natur og miljø.

Imens tikkar klokka vidare for klimaet. For kvart år som går, hastar det stadig meir med å få på plass ein stram og samordna politikk som kan demme opp for den globale oppvarminga. I alle fall om ambisjonen fortsatt skal være å nå dei skyhøge måla frå Paris-avtalen.

Her heime har dei store partia ikkje lykkast fullt ut i å respondere på desse tendensane, og i alle fall ikkje på eit vis som overtyder dei som er mest opptekne av klimautfordringa. Det lét til at interessene til dei mest klima-engasjerte har blitt ofra for meir moderate parti-interne krefter. Dette har medført ei viss avskaling av veljarar – kall dei gjerne protestveljarar – frå dei store partia til mindre parti med eit meir tydeleg engasjement for natur, miljø og klima.

Meir makt til småpartia

Resultatet i kveld vil etter alt å døme spegle denne utviklinga ved at småpartia vinn fram, medan dei større partia tapar terreng. Mitt tips er dermed at små parti kan få stor innverknad på politikken, spesielt når det gjeld prestisjefylte symbolsaker.

Det skal difor ikkje altfor mykje til før næringsinteressene kan skyte ei kvit pil etter konsekvensutgreiinga av Lofoten/Vesterålen/Senja (LoVeSe) – uansett kven som ender opp som statsminister. Ingen av småpartia lét til å ville gå med på ei slik utgreiing, og innanfor dei to statsbærande partia – og mellom folk flest – er meiningane såpass delte at det nærmast kan bli ei lette både for Arbeiderpartiet og Høyre å sleppe unna denne avgjerda i fire år til.

I forholdet mellom olje og klima ser ein elles teikn på at frontande blir hardare. Begge sider i debatten må tåle stadig hardare åtak frå motparten, og frå USA kjem ei utvikling der ekstreme syn lét til å få større plass i den offentlege debatten. Trass i Ap sitt kompromissforslag for LoVeSe, er det langt mellom dei nyanserte bodskapa i dette landskapet.

Difor var overraskinga stor då tidlegare olje- og energiminister Ola Borten Moe (Sp) nyleg sa «Nei til Lofoten, men ja til olja». Dei mest hardnakka næringspolitiske interessene etterlét mindre rom for tvil og forsoning, med ein retorikk som minner meir om ei parafrase av tidlegare president George W. Bush: Enten er du med oss, eller så er du med idiotane.

Meir merksemd om risiko

Ei sak som uansett er rimeleg sikker, er at det vil bli meir krevjande å halde ved lag eit skarpt skilje mellom klimapolitikk og petroleumspolitikk. Målet med den internasjonale klimapolitikken er å dempe etterspurnaden etter olje og naturgass. Tiltaket er å drive inn ein kostnad ved CO₂-utslepp, ein kostnad som må auke markant over tid for at måla frå Paris-avtalen skal være innan rekkevidde.

For oss som kjøper og brukar fossile brensel, vil ein vellykka klimapolitikk bety høgare prisar for bensin og andre produkt som medfører CO₂-utslepp. For selskap og land som driv med utvinning av fossile brensel, er det motsett. Her vil klimapolitikken gi lågare etterspurnad og lågare prisar enn dei elles ville hatt.

For Noreg vil ein vellykka klimapolitikk bety lågare inntekter frå norsk sokkel, redusert lønsemd i framtidige utbyggingar og mindre interesse for å leite etter meir olje og naturgass.

For norske politikarar blir spørsmålet om dette er ei utvikling ein skal forsterke, i forsøk på å støtte opp om den internasjonale klimapolitikken, eller om ein skal vurdere kompenserande tiltak av omsyn til sikring av ressursverdiar, økonomisk aktivitet, sysselsetting og kortsiktige ulemper ved omstilling.

Meir utgreiing, meir politikk

Politikkutforminga på dette området kan være tent med meir kunnskap. Dermed bør det ikkje overraske nokon om regjeringa sett i verk ei utgreiing av den økonomiske risikoen knytt til oljeverksemd og klimapolitikk i løpet av neste stortingsperiode.

Utgreiing av økonomiske sider ved klimarisiko er ein idé som lett kan vinne i alle småpartia, og i sommar sette jamvel Arbeiderpartiet døra på gløtt for ei evaluering av risiko og rammevilkår for petroleumsnæringa i lys av klimautfordringa.

I ettertid har tanken om ei slik utgreiing blitt støtta på leiarplass i DN og på kommentarplass i VG og i Aftenposten. Mykje tyder dermed på at dette er eit tog det blir vanskeleg å stogge, uansett kva du måtte ende opp med å stemme i dag.

Godt val!

Twitter: @Mohnitor

  • Dei siste gjestekommentarane i Aftenbladet finn du her
  • Klaus Mohns gjestekommentarar og artiklar om han finn du her
Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Eigersund: Omstridt rådmann går av

  2. Minimalt med innsyn, maksimal utsikt: Da vennene skulle selge huset sitt, slo familien til

  3. Gutt i 10-årsalderen skadet da sykkelen kolliderte med bil på Tasta

  4. Slik forskjellsbehandles utbrytere i Oslo og Rogaland

  5. Stenger Lauvvik ferjekai

  6. Det nye sykehuset på Ullandhaug skulle stå ferdig i 2023 - slik blir det ikke

  1. Klimapolitikk
  2. Klima
  3. Gjestekommentar
  4. Olje og gass
  5. Norsk sokkel