Oljefondet er den nye oljen

KOMMENTAR: Hovudpoenget med ressursforvaltninga er å gjere økonomien uavhengig av oljen

Publisert: Publisert:

Rett før 17. mai la finansminister Siv Jensen fram forslag til revidert nasjonalbudsjett. Foto: Meek, Tore / NTB scanpix

  • Klaus Mohn
    Professor, Handelshøgskolen ved UiS og NHH
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Tenk om du vann fem millionar kroner i Lotto. Kva ville du gjort med pengane? Noko av premien hadde du kanskje brukt på deg sjølv og dei nærmaste. Truleg hadde du unnt deg litt meir, av forbruk, fritid og ferie, til dømes. Kan hende du hadde gjeve bort delar av pengane, til barn og barnebarn, og kanskje litt til gode føremål? Men vesentlege delar av gevinsten hadde du nok spart, gjennom nedbetaling av gjeld eller investeringar i eigedom og aksjefond.

Rikdommen gjer noko med oss

Den norske modellen for forvaltning av olje- og gassinntektene følgjer faktisk eit ganske så likt mønster. Når lønene i Noreg har auka meir enn i nabolanda, er dette eit uttrykk for at me har unnt oss litt ekstra som følgje av oljerikdommen. Dette ser ein og ved at norske politikarar er meir romhendte enn dei ville vore utan oljeinntekter, aller mest overfor oss sjølv. Men litt har det drope på andre og.

Tendensen er i tillegg at samla arbeidsinnsats er litt mindre i Noreg enn elles i Europa, noko ein neppe kunne ha teke seg råd til utan oljeinntekter. Vidare har me kosta på oss den største og mest kostbare offentlege sektoren i Norden, der massive ressursar går med til langtekkelege prosessar og reformer med ei nytte som knappast står i stil med kostnadane. Om du tviler, tenk på striden rundt pensjonsreform. For ikkje å snakke om kommunereforma.

Men trass i alt har inntektene frå oljeverksemda vore så enorme, at utgiftene likevel ikkje har strokke til. Høge løner og slepphendte politikarar har ikkje vore nok til å hindre at ei enorm formue har hopa seg opp på staten si hand.

Les også

Jensen strammer inn oljepengebruken og tror KrF «finner ut av» sukkeravgiften

Ved å skilje inntektene frå oljeverksemda frå bruken av dei same inntektene har ein lykkast i å sette bort vesentlege delar av ressursrikdommen på Oljefondet. Eller Statens Pensjonsfond Utland (SPU), som er det offisielle namnet. Fondet har blitt større enn nokon kunne tru. Med ein marknadsverdi over 8000 milliardar kroner, har kvar og ein av oss 1,5 millionar kroner på bok.

At ein ikkje har skusla bort alle oljeinntektene, men lykkast i å sette vesentlege delar til side på eit fond er noko som skil Noreg frå andre ressursrike land. Dette er resultat av framsynt forvaltning og fornuftig politikk. Likevel er det ikkje til å kome unna at ressursrikdom handlar mykje om flaks.

Gud spelar terning

Uansett kva Einstein måtte ha sagt: I fordelinga av olja og gassen i verda har Gud i sanning spelt med terning. Når Noreg er rikt på naturressursar, så er det fordi me har trilla seksar gong etter gong. Først var det tømmer og fisk, så var det vasskraft, og til slutt kom oppdaginga av olja og gassen.

Ved utvinning av olje har den ekstraordinære avkastninga vore spesielt stor. Olje er ein knapp ressurs som ikkje kan fornyast. Difor medfører retten til utvinning ofte superprofitt. Utvinning medfører hausting av grunnrente, som samfunnsøkonomar gjerne kallar det.

Grunnrenta er ein del av nasjonalformuen, tilhøyrer det norske folk og bør difor ikkje gå til oljeselskapa. Dei skal være nøgd med ei avkastning som står i stil med risikoen dei tek på seg i utvinninga, med andre ord normal avkastning. Difor er målet med skattesystemet og staten sitt engasjement i oljeverksemda å sikre at grunnrenta, dvs alle dei ekstraordinære verdiane, blir sikra for fellesskapen.

Oljefondet er i realiteten ikkje anna enn ei opphoping av grunnrente. Dermed forstår ein og at desse verdiane meir er eit resultat av terningkast enn av prestasjonar. Oljefondet er vår Lottogevinst.

Då ser ein kanskje og at oljeinntekter i realiteten ikkje kan reknast som inntekter, men heller som ei overføring av formue - frå bakken til banken. Om ein tappar av denne straumen, så tappar ein av nasjonalformuen, og Noreg blir eit fattigare land.

God politikk sikrar verdiane

Så snart oljeinntektene har funnet vegen til Statens Pensjonsfond Utland, så er dei å rekne nett som andre pengar. «Bruk av oljepengar» er difor ikkje heilt presist for politikarane sine årlege uttak frå Statens Pensjonsfond Utland.

Det politikarane brukar over statsbudsjettet kvart år er nemleg ikkje oljeinntekter, men avkastning frå Statens Pensjonsfond Utland. For kvar hundrelapp me lykkast i å sette til side frå olje- og gassutvinninga, så kan me bruke 3 kroner ekstra over Statsbudsjettet.

Det er som om du sette lottogevinsten i banken, og avgrensa bruken til dei årlege renteinntektene. I så fall kunne gevinsten vare livet ut, og deretter overlatast intakt til etterkomarane dine. Nettopp dette er hovudideen bak den norske modellen for ressursforvaltning. Oljefondsmekanismen sikrar at ekstraordinære ressursverdiar blir omsett til finansformue for fellesskapen.

Handlingsregelen for finanspolitikken avgrensar bruken av finansformuen til avkastninga, og syter for at ein i dag kan bruke 240 milliardar kroner ekstra over statsbudsjettet kvart år, heilt utan omsyn til skattefinansiering.

Politikken sikrar dermed at inntektene frå ressursrikdommen blir lausrivne frå sjølve petroleumsverksemda, slik at kjøpekraft og velferd frå den ressursbaserte rikdommen kan haldast ved lag sjølv når olje- og gassfelta er uttømte og oljeeventyret på norsk sokkel er bak oss.

Med andre ord: Oljefondet er den nye oljen.

@Mohnitor

Publisert:

Les også

  1. Oljefondet på vei inn i sol og vind

  2. Varsku mot norsk sjuke

Mest lest akkurat nå

  1. Helikopter er satt inn i søk etter savnet mann

  2. Fastleger i Stavanger blir tatt ut i streik

  3. Storkunde vraket Polen for utslippskutt på Ålgård

  4. Boligbrannen på Klepp: To menn tiltalt for grovt skadeverk

  5. Kvifor har hytteeigaren rett til å klage på dette naustet?

  6. I helgen åpnes Domkirken. Da kan du speide etter beinrester, tenner og kistekanter.

  1. Oljeindustrien
  2. Handlingsregelen
  3. Finanspolitikk