Von i hangande snøre for KrF?

GJESTEKOMMENTAR: Vil veljarane bruke reservasjonsretten sin mot KrF? Og kva med Venstre?

Publisert: Publisert:

Partileiarane Trine Skei Grande i Venstre og Knut Arild Hareide i KrF leier parti som slit med oppslutninga, enten dei er i regjering eller ikkje. Begge treng å kome med noko nytt og friskt. Foto: Terje Pedersen, NTB scanpix

  • Svein Erik Tuastad
    Statsvitar og dr. polit., Universitetet i Stavanger
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

I 1971 skulle han som hadde vore den sterke KrF-høvdingen på 1960-talet, Kjell Bondevik, prøve å skipe ny regjering. Dei ikkje-sosialistiske partia hadde fleirtal, men no var dei begynt å kivast seg imellom på grunn av EF-saka (EU heitte den gongen EF). «Det er von i hangande snøre», sa Bondevik, ei utsegn som seinare er blitt eit godt festa munnhell i det norske språket.

Kva skjer med Venstre, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet sin oppslutnad framover? Er det von i hangande snøre?

Om vi samanliknar utviklinga til sentrumspartia i Noreg og Sverige dei siste tiåra, kan tre lærdommar trekkjast.

1. Venstre: Splitting kostar

Venstre var ved ni av elleve val før første verdskrigen Noregs største parti. Men Venstre si partisoge handlar om korleis nye stridsspørsmål fører til splitting som stadig reduserer partiet.

EF-saka splitta på ny partiet i 1972. I staden for eit stort Venstre fekk vi to småparti, Venstre og Det Liberale Folkepartiet. I 1988 gjekk Det Liberale Folkepartiet inn i Venstre att, men då var det for seint.

Kontrasten mellom Sverige og Noreg er slåande. Partifloraen er ganske lik i Noreg og Sverige. I Sverige har det liberale partiet – Folkpartiet – i snitt hatt 7,48 prosent oppslutnad etter 1988. Venstre har i snitt hatt 4,3 prosent etter at dei to liberale partia fann saman att. I Sverige har altså Folkpartiet, som slapp splitting, vore nesten dobbelt så stort som Venstre i snitt i vala etter 1988.

Mange veljarar har sympati med det liberale og miljøvennlege Venstre. Risikoen er at partiet vert for likt Høgre. Den valdagen Høgre-veljarane «gløymer seg» og ikkje røyster taktisk, ryk både Venstre og det ikkje-sosialistiske fleirtalet.

2. KrF: Kjerneveljarar er ikkje nok

KrF sitt problem heng ikkje primært saman med om partiet hamnar på raud eller blå side i politikken. Det handlar snarare om kor vidt veljarane oppfattar partiet som eit kristent særinteresseparti eller som eit pragmatisk og inkluderande parti.

Å endre abortlova i meir restriktiv lei er sjølve vinnarsaka internt i KrF. Men for veljarane vitna dei interne diskusjonane før det ekstraordinære landsmøtet mest om eit parti som er religiøst. Den profilen gir knappast nye veljarar, korkje av raudt eller blått merke.

Kontrasten til Sverige er interessant. I Sverige er Kristdemokraterna eit klårt høgreparti som, i motsetnad til dei andre sentrumspartia der, har opna for samarbeid med dei høgrepopulistiske Sverigedemokraterna. Vel så interessant er det at Kristdemokraterna dei siste åra har tona ned den religiøse profilen, jamvel om kristendommen naturlegvis utgjer utspringspunktet. Dei gjorde eit godt val i september i år med over 6 prosent av røystene.

Mange parti har ein tradisjon der ei særleg gruppe var kjerneveljarane – arbeidarar for Ap, bønder for Senterpartiet og kristne for KrF. Men for det første vert dei opphavlege kjernetroppane i regelen færre. For det andre røyster dei ikkje nødvendigvis på «sitt» parti. Difor er det ikkje nok å lite på dei tradisjonelle kjernegruppene.

For KrF er det ein opplagt risiko at partiet no får problem med å halde stand i heile landet. Ein eventuell framgang i «bibelbeltet» – på Sørvestlandet – vil truleg ikkje kunne vege opp for ein slik tilbakegang. Dei førebels svake meiningsmålingane etter retningsvalet tyder på at det er det som er stoda i dag.

3. Senterpartiet: Suksess med tydelegheit og tradisjon

Jens Kihl, kommentator i BT, minte nylig lesarane om at det ofte er for lett å avskrive parti. Til dømes vart Senterpartiet av mange dømt nord og ned for berre eit par-tre år sidan. Det var i 2014. Sidan har det berre gått oppover for Senterpartiet.

Sauda illustrerer utviklinga til Senterpartiet. Der vekte eit framlegg om å slå saman lokale legevakt-tenester stor strid ettersom det ville bety auka reiseavstand for dei i Sauda. Arbeidarpartiet var med og tilrådde endringa i 2014. Det vart til slutt ikkje noko av endringa. Men i kommunevalet i 2015 gjekk Ap tilbake frå 45 til 28 prosent. Senterpartiet, derimot, hadde 8 prosent av røystene i 2011. I 2015 fekk partiet 45 prosent.

Senterpartiet har på denne måten vorte oppfatta som ein garantist for at dei som bur utanfor sentrumsstrok skal ha eit like godt tilbod som dei i sentrum. Partiet har makta å utvide appellen til å gjelde fleire enn kjerneveljarane.

Det Senterpartiet taper på presisjon, vinn dei att i tydelegheit. Å vere konsekvent og fornye ein saksportefølje som passar godt inn i partiet sin tradisjon, ser ut til å vere suksessoppskrifta.

Vona

Mellom 30 og 40 prosent av veljarane skiftar standpunkt frå eitt val til eit anna. Det kan vere eit problem for parti som blir hardt straffa om dei har hamna i unåde i ei sak om legevakt – eller om innvandring.

Samstundes kan parti som er små, stundom få til å representere noko nytt og friskt. Den nye veljarlabiliteten gjev i prinsippet alle parti eit stort potensiale. Parti som då maktar å forstå og uttrykkje presist det den jamne veljar kjenner på, kan få ei oppbløming når ingen ventar det.

Der ligg vona for Venstre og Kristeleg Folkeparti.

  • Tidlegare gjestekommentarar av Svein Erik Tuastad, og artiklar om han, finn du her
  • Andre gjestekommentarar finn du her
Publisert:

Les også

  1. Sentrale KrF-kilder tror ikke Knut Arild Hareide reddes av et havari

  2. KrF-topp krever nytt landsstyremøte etter VG-oppslag

  3. Ropstad ber frustrerte KrF-ere vente med utmelding

  4. Solveig G. Sandelson: «Abortlova: Høgres pirking i såret»

  5. Solveig G. Sandelson: «KrF og abortlova: Fleirtalet har også eit samvit»

  6. Svein Erik Tuastad: «Raseriets politikk − om bompengar, lokalpolitikarar og politisk heilskap»

Mest lest akkurat nå

  1. Gjestene vil aldri i si levetid gløyma bryllaupet til Kjersti og Stian Sletten frå Sandnes

  2. Her har hytte­salget doblet seg i sommer

  3. Leter etter John Olav med full styrke

  4. Publikum lå strekk ut på hver sin matte

  5. Steinar var veldig ensom. Løsningen han valgte, fikk mye større konsekvenser enn han hadde ant.

  6. Sjekk hva du kan se fra Blink på tv i dag

  1. Gjestekommentar
  2. Svein Erik Tuastad
  3. Kristelig Folkeparti (KrF)
  4. Venstre (V)
  5. Senterpartiet (Sp)